Mel-frekvens cepstrum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mel-frekvens cepstrum (MFC) er ein representasjon av eit kort utklipp av eit signal. Det blir mykje brukt i talegjenkjenning. Ein finn koeffisientane ved å ta cosinustransformasjonen av logaritmen til fouriertransformasjonen fordelt på ein Mel-skala av eit kort utsnitt av lyd.

Desse koeffisientane blir da brukt som informasjonsvektorar for den vidare talegjenkjenningsprosessen.