Mel Patton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mel Patton

Mel Patton 1948.jpg
Mel Patton med trenar i 1948

Statsborgarskap USA
Fødd 16. november 1924
Los Angeles
Død

9. mai 2014
Fallbrook

Idrett friidrett
Yrke sprinter, friidrettsutøvar

Melvin Emery Patton (16. november 19249. mai 2014) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Los Angeles som i 1948 vart olympisk meister på 200 meter og i 4 x 100 meter stafett.

Patton sette i 1947 verdsrekord på 100 yards med 9,4 sekundar, ein rekord han seinare i sesongen forbetra til 9,3. Han vart USA-meister på 100 yards tre år på rad, 1947-49. I 1949 vann han også 220 yards.

Under Sommar-OL 1948 i London vart Patton femtemann på 100 meter. Derimot tok han gullmedaljen på 200 meter med tida 21,1 sekundar, landsmannen Barney Ewell på andreplass fekk same, tid medan Lloyd La Beach frå Panama fekk notert 21,2. Til sist i sommarleikane 1948 sprang Patton på ankeretappen USA inn til suveren siger i 4 x 100 m stafett, saman med lagkameratane Barney Ewell, Lorenzo Wright og Harrison Dillard slo han sølvmedaljøren Storbritannia med 0,7 sekund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]