Mel Taylor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mel Taylor
Fødd24. september 1933
Død11. august 1996
Instrumenttrommesett
Verka sommusikar, trommeslagar

Mel Taylor (24. september 193311. august 1996) var ein USA-amerikanske trommeslagar, og spelte trommer for The Ventures frå 1962 til 1996. Han var den eldre broren til Canned Heat-bassisten Larry Taylor.

Musikalsk karriere[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha spelt trommer for Boris Pickett og Herb Alpert, vart Taylor med The Ventures i 1962, då han erstatta Howie Johnson, som hadde skadd seg i ei bilulukke. Johnson spelte ein periode med nakkekrage, men ville ikkje vere lenge borte frå familien om gangen, og valte å slutte. Taylor hadde ein markant, hard rockestil som imponerte medlemmane i bandet og dei spurte om han ville bli fast medlem.

Taylor gav ut eit soloalbum i 1965 («Mel Taylor & The Magics In Action»). I 1972 valte han å forlate The Ventures for å satse på ein solokarriere, og skipa bandet Mel Taylor & The Dynamics. I denne tida gav dei ut fire album: 007 James Bond, Sand, Sea and Love, Mel Taylor in Japan og Roll over Beethoven. Taylor kom med i The Ventures att i 1979 og vart verande trommisen deira fram til han døydde i 1996. Då han dødyde overtok sonen hans, Leon Taylor, rolla som trommeslagar i bandet.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • In Action! - Mel Taylor & The Magics(1966)
  • Drums A-Go-Go
  • Live in Japan (1973)
  • Roll Over Beethoven (1973)
  • The Very Best Of Mel Taylor (2002)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]