Melafestivalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°54′59.999″N 10°45′1.1340″E / 59.91666639°N 10.750315000°E / 59.91666639; 10.750315000

Melafestivalen

StadRådhusplassen
Nettstadmela.no

Melafestivalen er ein årleg kunst- og kulturfestival som blir halden i juli eller august kvart år i Oslo. Festivalen omfattar mange ulike kunstformer, som musikk, dans, litteratur og teater. Melafestivalen er gratis og blir arrangert av Stiftelsen Mela på Rådhusplassen i Oslo. Kunstnerisk leiar for Melafestivalen er Khalid Salimi.

Melafestivalen blei arrangert for fyrste gong i 2001, som ein eindags norskpakistansk festival i Vaterlandsparken på Grønland i Oslo. Festivalen fekk knutepunktstatus i 2008.[1] I 2010 hadde festivalen rundt 300 000 tilskodarar i løpet av dei tre dagane han var i gang.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gjersøe, Jørn (17. august 2007). «Mela blir knutepunktfestival». NRK (på norsk bokmål). Henta 20. mai 2022. 
  2. Svein Andersen «Verdensstjerner til Oslo» «Arkivert kopi». 30. juni 2010. Arkivert frå originalen 22. juli 2010. Henta 28. november 2011.  Aftenpisten Oslo Puls. Vitja 28.11.2011

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Melafestivalen