Melampitta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Melampittidae)
Hopp til navigering Hopp til søk
Melampitta


Dvergmelampitta, Melampitta lugubris Illustrasjon av John Gould
Dvergmelampitta, Melampitta lugubris
Illustrasjon av John Gould

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Melampittidae
Slekt: Melampitta
Vitskapleg namn
Melampitta
Schlegel, 1871

Melampitta er ei biologisk slekt av sporvefuglar med utbreiing på Ny-Guinea. Slekta inneheld to gåtefulle artar med svart fjørdrakt som lever i avsidesliggande regnskog. Dei er lite studerte og sjølv slektskapen med andre fuglar er usikker. Dei to artane er dvergmelampitta, Melampitta lugubris, og stormelampitta, Melampitta gigantea. Begge er kategoriserte som livskraftige artar av IUCN.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Den taksonomiske plasseringa av slekta har lenge vore forvirrande. Den overflatiske likskapen med pittaer førte med seg at dei to artane opphavleg vart plasserte i denne familien. Namnet på slekta tyder bokstaveleg talt 'svart pitta'. Men ettersom strukturen i syrinx synte seg å vere som hos ein Oscines sporvefugl, vart slekta seinare flytta til timalfamilien Timaliidae, deretter til skraphalar Orthonychidae, og så til vakteltrastar, Cinclosomatidae. Basert på analyse av data frå DNA-DNA hybridisering, plasserte Sibley og Ahlquist slekta i paradisfuglfamilien, Paradisaeidae, sjølv om desse konklusjonane ikkje var stødd av aspekt av åtferd og biologi. Det er nyleg foreslått at slekta vert plassert sin eigen familie Melampittidae,[1] det er no òg akseptert av eBird/Clements Checklist, 2016.[2] Det er godtatt at dei to artane er i same slekt, congeneric, sjølv om dei to artene har ei rekkje skilnader, spesielt morfologisk. Dvergmelampitta har tre underartar medan stormelampitta er monotypisk.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dei to melampittaer er pittaliknande fuglar som har heilt svart fjørdrakt og sterke lange bein. Fjørene på framhovudet er oppreiste. Dvergmelampitta er rundt 17-18 centimeter lang og veg rundt 30 gram, medan stormelampitta er større, rundt 29 cm i lengd og veg 205 g. Nebbet til stormelampitta er òg større enn dvergmelampittaen sitt nebb. Det har òg spesielt styrkt tertiærfjører og halefjører, ein mogleg tilpassing til overnatting og kvile i kalksteinsgrotter. Kjønna hos begge artar er nesten identiske, den einaste kjønnsdimorfismen er skilnad i irisfarge hos dvergmelampitta, hannar har ein raud iris og hoa ein brun ein.

Melampittaer finn ein i regnskogen i Ny-Guinea. Dette er òg generelt artar som lever høgtliggande, melampitta så høgt som til 3500 meter over havnivå, meir vanleg på ca 2000-2800 moh. Stormelampitta lever avgrensa til område med kalksteinsholer som dei tilsynelatande kviler i og til og med hekkar i. Begge artane har ein usamanhengande distribusjon over Ny-Guinea, og stormelampitta er generelt ein sjeldan fugl som sjeldan blir sett. Melampittaer er insektetarar, sjølv om det i tilfelle av stormelampitta for det meste er ei antaking. Dvergmelampitta lever av insekt så vel som makk, sniglar, små froskar og jamvel små frukter. Dei plukkar føda på bakken, sonderer nedfallsblad ved å vippe dei med nebbet.

Hekkeåtferda til melampittaer er berre kjent i detalj for dvergmelampitta. Alt som er kjent om hekkebiologien til stormelampitta er frå lokale menneske som seier at fuglane skapar reirplassar i korger nede i kalksteinssøkkehol. Dvergmelampitta er kjent for å starte hekking i den tørre årstida og held fram inn i byrjinga av den våte. Reiret har ei lukka kuppelform konstruert av levande, grøn mose. Hoa legg eitt krittkvitt og litt flekt egg, og gjer sjølv all ruginga. Inkubasjonstida er ganske lang til å vere ein liten sporvefugl, minst 27 dagar, og hannen matar hoa i rugeperioden. Begge kjønn syter for føde til ungen, som er dekt med dunfjører. I motsetnad til dei tidlegare antatte slektningane i paradisfuglfamilien, som fôrar ungane med oppgulp, vil dvergmelampittaforeldra mate ungen med heil mat som ikkje har vore svelgt. Ungen blir ikkje flygedyktige før ein alder av ca. 35 dagar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Boles, W. (2016). Lesser Melampitta (Melampitta lugubris). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta 6. september 2016.
  • Boles, W. (2016). Greater Melampitta (Melampitta gigantea). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta 6. september 2016.
  • Boles, W. (2016). Jewel-babblers and allies (Eupetidae). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta 6. september 2016.
Referansar
  1. Schodde, R., and L. Christidis. 2014. Relicts from Tertiary Australasia: undescribed families and subfamilies of songbirds (Passeriformes) and their zoogeographic signal. Zootaxa 3786: 501-522. DOI: http://dx.doi.org/10.11646/zootaxa.3786.5.1
  2. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2016), eBird/Clements Checklist v2016 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 23. august 2016