Melanakken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Melanakken
fjell
Maelanakken.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Åfjord (Trøndelag)
Høgd 345[1] moh.
Koordinatar 63°57′19″N 10°14′25″EKoordinatar: 63°57′19″N 10°14′25″E

Melanakken,[2] 345 moh., er eit fjell rett ved Årnes, sentrum i Åfjord kommune i Trøndelag. Mælanakken er eit utsiktspunkt der ein kan sjå store delar av kommunen. Frå toppen, Stortoppen, har ein særleg god utsikt utover mot kysten.

Namnet Melanakken kjem av Melangardane som ligg rett under, som har fått namnet av sandmælene i området.

Under dei årlege Åfjordsdagan vert terrengløpet Nakkasprinten, som går frå banken på Årnes til toppen av Mælanakken, arrangert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Melanakken». Norgeskart.no frå Statens kartverk. Henta 22. januar 2018. 
  2. «Melanakken». Kartverket. Henta 22. januar 2018. 
Spire Denne geografiartikkelen som har med Trøndelag å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.