Bærfuglfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Melanocharitidae)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bærfuglfamilien


Toxorhamphus poliopterus øvst og Arachnothera iliolophus er begge fuglar i bærfuglfamilien.
Toxorhamphus poliopterus øvst og Arachnothera iliolophus er begge fuglar i bærfuglfamilien.

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Melanocharitidae
Slekter
  • Melanocharis
  • Bærfuglfamilien, vitskapleg namn Melanocharitidae, er ein liten biologisk familie av små sporvefuglar avgrensa til skogshabitat i Ny-Guinea. «Bærfugl» er òg fellesnemninga for dei seks artane i slekta Melanocharis. Dei fire resterande artane av Melanocharitidae har fellesnemninga «bogenebb» og er medlemmer i slektene Toxorhamphus og Oedistoma.

    I tillegg deler dei to artane i kongebærfuglfamilien Paramythiidae òg fellesnamnet «bærfugl».

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Melanocharitidae er små fuglar, varierande i lengd frå 7,5 til 15 cm. Bærfuglar i slekta Melanocharis er gjerne større enn bogenebb[1] som beitar på frukt og insekt og andre virvellause dyr.[1] Dei har nær fargelause fjørdrakter i grått, brunt eller svart og kvitt. Bærfuglar syner litt kjønnsdimorfisme i fjørdrakta. I tillegg viser viftebærfugl og stripebærfugl eit uvanleg kjenneteikn blant sporvefuglar med kjønnsdimorfisme i storleik der hofuglen er lengre og tyngre enn hannen.[2] Bærfuglar liknar trauste kortnebba honningetarar, og bogenebb kan minne om solfuglar eller korthala honningetarar.[1] Lætet frå bærfuglar har vore skildra som skarpt og svakt, og songen går snøgt.

    Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

    Bærfuglar i slekta Melanocharis er generelt alpine artar, med berre eitt unntak, svartbærfugl lever i låglandsskog.[3] Derimot lever bogenebb i skogshabitat i låglandet og i lågtliggande fjellområde så vel som på små øyar rundt Ny-Guinea. Nokre artar av bærfuglar har differensiert seg på ulike høgder, med svartbærfugl i låglandet, blåryggbærfugl høgare opp og viftebærfugl opp mot skoggrensa.

    Åtferd[endre | endre wikiteksten]

    Vanlegvis opptrer Melanocharitidae-artar åleine eller i par. Dei kan vere lauseleg knytte til blandaflokkar for søk av føde saman med andre artar.[2] Føda for artane i familien er dominert av bær og små frukter. Dei kan òg plukke leddyr frå blad, meir sjeldan ved å «stille» i lufta. Dei er svært aktive i søk etter føda, tar sjeldan pause om dei ikkje et bær. Dei fleste artane beitar i nedre og midtre nivå i skogen, men observasjonar tyder på at arfakbærfugl kan gå opp i trekronene for å søkje føde. Hannar av svartbærfugl vil òg gå inn i trekrona, medan hofuglar vil halde seg lågare nede, noko som tyder på ei viss grad av kjønnssegregering i fôringsnisjar.[2]

    Ein kjenner lite til forplantingsbiologien for dei fleste artane, og for einskilde artar finst ingen nedteikna informasjon. Registreringar av reir er gjort i både våte og tørre årstider.[2] Dei byggjer koppforma reir,[1] vanlegvis på ei forgreining ut frå trestammen. Byggjematerialar er bregnar og plantefiber bunde fint saman med edderkoppvev og pynta med lav.[1] Lite er kjent om arbeidsdeling mellom kjønna, sjølv om mønstret kjent frå svartbærfugl, der hofuglen byggjer reiret sjølv, medan begge kjønna matar ungane, kan vere typisk for familien.[2] Dei legg eitt eller to egg.

    Bærfuglar og bogenebb blir ikkje rekna å vere truga av menneskeleg aktivitet. Ingen artar er oppførte som truga av IUCN, sjølv om ein art, arfakbærfugl, er oppført i kategori 'datamangel'.[4] Arfakbærfugl er berre kjent frå to offisielt innsamla prøver, men ikkje-stadfesta rapportar tyder på at dei ikkje er uvanlege i fjerne delar av Ny-Guinea.

    Artslista[endre | endre wikiteksten]

    Familien var ein gong plassert inne i blomsterfuglfamilien Dicaeidae, og bogenebba vart ein gong tenkt å vere honningetarar, som dei liknar. I dag samlar bærfuglar 10 artar i to slekter etter Clementslista, det er bærfuglar i Melanocharis og bogenebb i slektene Toxorhamphus og Oedistoma.

    Melanocharitidae i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.9 frå august 2014[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[6]

    Slekt Melanocharis

    • Arfakbærfugl, Melanocharis arfakiana, Obscure Berrypecker, DD, Finsch, 1900
    • Svartbærfugl, Melanocharis nigra, Black Berrypecker, LC, Lesson, 1830
    • Blåryggbærfugl, Melanocharis longicauda, Lemon-breasted Berrypecker, LC, Salvadori, 1876
    • Viftebærfugl, Melanocharis versteri, Fan-tailed Berrypecker, LC, Finsch, 1876
    • Stripebærfugl, Melanocharis striativentris, Streaked Berrypecker, LC, Salvadori, 1894
    • Langnebbærfugl, Melanocharis crassirostris, Spotted Berrypecker, LC, Salvadori, 1876

    Slekt Toxorhamphus

    • Svovelbogenebb, Toxorhamphus novaeguineae, Yellow-bellied Longbill, LC, Lesson, 1827
    • Gråhovudbogenebb, Toxorhamphus poliopterus, Slaty-chinned Longbill, LC, Sharpe, 1883

    Slekt Oedistoma

    • Olivenbogenebb, Oedistoma iliolophus, Spectacled Longbill, LC, Salvadori, 1876
    • Pygmébogenebb, Oedistoma pygmaeum, Pygmy Longbill, LC, Salvadori, 1876

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar[endre | endre wikiteksten]

    1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Kikkawa, Jiro (2003). «Flowerpeckers». I Christopher Perrins (Ed.). Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. s. 584–585. ISBN 1-55297-777-3. 
    2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Gregory, Phil (2008). «Family Melanocharitidae (Berrypeckers and Longbills)». I Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D. Penduline-tits to Shrikes. Handbook of the Birds of the World. Band 13. Barcelona: Lynx edicions. s. 322–338. ISBN 978-84-96553-45-3. 
    3. Beehler, B., Pratt, T. & Zimmerman, D. (1986) Birds of New Guinea Princeton University Press:Princeton, ISBN 0-691-02394-8
    4. BirdLife International (2008) Species factsheet: Melanocharis arfakiana. Lest 18. november 2010
    5. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2014), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.9 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 18. oktober 2014 
    6. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]