Hopp til innhald

Melasse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Økologisk produsert melasse frå Paraguay.

Melasse er eit avfallsprodukt frå sukkerindustrien og er ei brun, tjuktflytande væske som er att når ein har vunne ut sukker frå sukkerbetar og sukkerrøyr.[1] Melasse inneheld cirka 50% sukker og har ein søtleg smak.[2][3] Reinska melasse blir seld som sirup.[4]

Melasse blir blant anna brukt til produksjon av kraftfôrblandingar til husdyr.[1] Sukkerrøyrmelasse blir òg brukt til produksjon av fleire typar brennevin, blant anna rom.[5]

  1. 1 2 Fortellinger om all verdens planter: planter i fremmede land. Oslo: Aschehoug. 1958.
  2. Opsahl, Birger (1995). Viktige vekstar i verdsjordbruket. [Oslo]: Landbruksforl. ISBN 8252915140.
  3. Bjerkås, Marit (1987). Gjærbakst på alle bord. [Oslo]: Gyldendal : NKLs prøvekjøkken. ISBN 8205173168.
  4. Soot-Ryen, Tron (1998). Hjelp! - hva skal jeg spise?!: matvarer fra A til Å og hva de egentlig inneholder. Oslo: Hilt & Hansteen. ISBN 8274134435.
  5. Erken, Henriette Schønberg (1926). Våre næringsmidler. Oslo: Aschehoug.