Melchior Falch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Melchior Michaelsen Falch (fødd 1720 Kaupanger, død 14. september 1791 Kaupanger) var ein norsk embetsmann, forfattar og godseigar frå Øvre Amla i Kaupanger i dagens Sogndal kommune i Sogn og Fjordane. Han var sorenskrivar på Sunnmøre i 25 år og frå 1778 hadde han også tittelen kanselliråd.

Familie og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Foreldra var Michael Melchiorson Falch og Mette Marie Heiberg (1699-1766). Han var frå 19. mars 1753 gift med Anna Sophie Bitsch. Falch var gift andre gong med (i 1756) med Margrethe Christine Hagerup (1732–1795), dotter til biskop Eiler Hagerup d.e. (1685–1743)[1] og søskenbarn av presten Hans Strøm. Forretningsmannen Hans Holtermann var gift med Ingeborg Catharine Hagerup, ei litt eldre søster.[2]

Falch fekk borna Anna Sophie Falch (1759–1830), Michael Melchiorsen Falch (1762–), Hans Christian Falch (1764–), Melchior Falch (1768–1849) og Cathrine Marie Helene Harboe Falch (1770–1854, gift med Hans Knagenhjelm Daae).

Falch avla juridisk embetseksamen i København i 1747.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Falch kosta bygging av Seminarium Fredericianum i Bergen, ei godtgjerd for dette fekk han då han i 1754 fekk embete som sorenskrivarSunnmøre. Han tok sete i største prestegjeldet på Sunnmøre: Borgund. Falch kjøpte der i 1759 matrikkelgarden Djupvik (i dagens Sula kommune) og dreiv det fram til eit mønsterbruk. Hans Strøm skriv at Falch på få år auka årleg kornproduksjon frå 15 til 50 tønner.

2. november 1773 stod Falch i spissen då ein av landets første ideelle organisasjonar vart stifta, eit landbruksselskap kalla Syndmøre Practiske Landhuusholdnings-Selskab. Hans Strøm og andre prestar deltok òg i skipinga. Selskapet hadde til føremål å arbeide for næringsutvikling, særleg i jordbruket. Det skulle skje gjennom opplysning, som å dele ut småskrifter og premiere (2-4 riksdalar) bønder som sette i gang tiltak for å betre produksjonen. Foreininga vart danna etter mønster frå eit Landhuusholdnings­selskab i Danmark (etablert i 1769), og tilsvarande organisasjonar i andre europeiske land.[3] Selskapet stagnerte då Falch og Strøm forlet Sunnmøre i 1779.

Falch var ein aktiv skribent og skreiv fleire mindre avhandlingar om økonomiske emne. Frå 1769 var hand medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim. Han var også medlem av Det kongelige Danske Landhuusholdningsselskab.[1]

Etter far sin arva Falch Heiberg-godset i Øvre Amla. Medan han var sorenskrivar (1754-79) leigde ha ut eigedomen. Han flytta tilbake til godset då han slutta som sorenskrivar og dreiv dette til han døydde.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Afhandling om Fiskerierne i Norge, i Særdeleshed om de søndmørske, og Fiske-Grundene uden for Landet. Det Kongelige Danske Landhuusholdningsselskab, 1790.
  • Om Torske Vaar-Fiskeriet paa Sundmøer. Det Kongelige Danske Landhuusholdningsselskab, 1788.
  • Beregning over hvad Træ-Materialier Søndmør aarlig behøver, Det Kongelige norske videnskabers selskab, 1784.
  • Om Fyrre- og Gran-Skovene i Norge, Det Kongelige norske videnskabers selskab, 1784.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 NBL/SNL Melchior Falch, lese på nett 17.07.13.
  2. Erlandsen, Andreas (1855): Biographiske Efterretninger om Geistligheden i Trondhjems Stift. Christiania: Chr. Tønsbergs forlag.
  3. Solli, Gunnar (1931): Møre Landbruksselskap 1831-1931. Ugjeve av selskapet. Molde.