Meldal prestegard

Koordinatar: 63°02′46″N 9°43′02″E / 63.0462388883°N 9.7171988321°E / 63.0462388883; 9.7171988321
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

63°02′46″N 9°43′02″E / 63.0462388883°N 9.7171988321°E / 63.0462388883; 9.7171988321

Meldal prestegard
Foto: Jan-Tore Egge

Meldal prestegard eller Grøtte prestegard ligg nordvest for Meldal kyrkje, på den andre sida av fylkesveg 501.

Kyrkestaden er frå mellomalderen, og prestegarden vart flytta til den noverande staden omkring midten av 1700-talet. Under prost Jacob von der Lippe Parelius (1793–1818) vart han bygd ut til eit storslått anlegg med lysthus, barokkhage og allear. Prestegardstunet, som er omkransa av bygningar, er på fleire mål. Delar av bygningsmassen har vorte fornya sidan Parelius’ tid. Jorda er forpakta bort.

Hovudbygningen vart oppført i 1905–06, og driftsbygningen er frå 1827. Elles er borgstove/forpaktarbustad, stabbur, vognskjul, lysthus og jordkjellar/potetkjellar frå 1700-tallet. Sistnemnde vert gjerne omtala som den første i landet.

Dette er ein av fem prestegardar som Opplysningsvesenets fond har utarbeidd bøker om.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Meldal prestegard

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Opplysningsvesenets fond, arkivert frå originalen 14. juli 2014, henta 5. juli 2014