Melde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Meldeslekta)
Melde
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Nellikordenen Caryophyllales
Familie: Amarantfamilien Amaranthaceae
Underfamilie: Meldefamilien Chenopodioideae
Stamme: Atripliceae
Slekt: Melde Chenopodium
L., 1753

Melde (Chenopodium) er ei planteslekt i amarantfamilien som veks over store delar av verda. Ho inneheld rundt 150 artar. «Melde» blir brukt som namn på mange av artane i familien. Mange av dei er blitt brukt som matplantar i lang tid, fleire av dei som spinatvekstar men også om lag som korn gjennom quinoa. Elles er mange meldeplantar rekna som ugras.

Texasmelde (Chenopodium berlandieri)
Quinoa ved Titicacasjøen.

Dei fleste artane er eittårige med skruestilte blad som er snaue, med kjertelhår eller kuleforma mjølhår. Dei har ørsmå, tokjønna blomar med grønt blomsterdekke. Blomane sit i toppstilte knippe eller nøste, eller i bladhjørna. Frukta er ei mørk nøtt som er gøymt i eit hylster. Meldefrø inneheld generelt mykje stive og til dels også olje.

Rundt 30 meldeartar er funne i Noreg, som meldestokk, stolt henrik, bærmelde, frømelde, hjartemelde, jordbærmelde og raudmelde. Ein reknar med at dei fleste av desse er komne til landet med ballast, saman med grasfrø, i innført saueull eller på anna vis.

Meldestokk er ein utbreidd meldeplante i «den gamle verda» som er blitt dyrka til mat og dyrefôr. Det er gjerne frø frå denne melda ein finn når ein siktar korn.

I «den nye verda» er quinoa ein gammal kulturplante som er blitt dyrka i Andes og har frø som kan malast til mjøl. Også blada kan etast. Texasmelde er ein nærskyld plante frå Nord-Amerika som er blitt brukt på liknande vis, sjølv om han i dag gjerne er rekna som eit ugras.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Melde» (27. desember 2013), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 25. mars 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Melde