Melekeok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 7°29′6″N 134°36′36″E

Melekeok
by
Land  Palau
Folketal 299 (2012)
Kart
Melekeok
7°29′36″ N 134°38′3″ E
Kart over delstaten Melekeok
Kart over delstaten Melekeok
Kart over delstaten Melekeok
Wikimedia Commons: Melekeok

Melekeok er ein delstat og ein liten by på Palau, som sidan 7. oktober 2006 har vore hovudstad for øystaten. Byen er også hovudstad i delstaten med same namn. Den palauiske regjeringsbygningen ligg i Ngerulmud like vest for Melekeok.

Tidlegare låg hovudstaden på Koror, men i 2006 blei han flytta til Melekeok på den større øya Babeldaob.

Delstaten Melekeok er på 28,5 km² og ligg mellom statane Ngchesar i sør, Ngeremlengui i vest og Ngiwal i nord.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Ifølge folketelljnga frå 2005 budde det 391 menneskeri delstaten Melekeok. Desse var fordelte på 8 landsbyar eller busetjingar:

Regjeringsbygningen i Ngerulmud ved Melekeok • 7°30′1.93″N 134°37′26.56″E
  1. Melekeok
  2. Ertong
  3. Ngeburch
  4. Ngeremecheluch
  5. Ngermelech
  6. Ngerubesang
  7. Ngerulmud
  8. Ngeruling

I følgje folketeljinga hadde busetjinga Melekeok rundt 270 innbyggjarar, noko som gjorde henne til ei av verdas minste hovudstader.

Melekeok har den største innsjøen i heile Mikronesia, Ngardok på 493 hektar. Denne sjøen har ein levedyktig førekomst av saltvasskrokodillen Crocodylus porosus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Melekeok