Meletsja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Meletsja
elv
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 1 310 km²
Lengd 95 km
Middelvassføring 7,7 /s
Munning Osen

Meletsja
57°59′39″ N 36°25′2″ E

Meletsja (russisk Меле́ча) er ei elv i Tver oblast i Russland. Elva er 95 km lang og har eit nedslagsfelt på 1 310 km². Elva har ei middelvassføring på 7,7 m³/s.

Meletsja har utspring nær landsbyen Staroje Sandovo. Elva renn saman med Mogotsja og dannar Osen, som kort tid etter munnar ut i Mologa. Ho er islagd frå slutten av november til byrjinga av april.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]