Melhus Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Melhus Idrettslag er eit idrettslag i Melhus i Sør-Trøndelag, stifta i 1898. Laget har avdelingar som driv med fotball, handball, orientering, skiidrett, styrkeløft og volleyball.

Idrettsanlegget Gruva tilhøyrer Melhus IL. Kring klubbhuset på staden ligg to grasbaner, samt ei stor og ei lita kunstgrasbane.

Melhus IL sitt fotballag spelar på nivå seks i seriefotballen. Laget opptrer i svart-og-kvit-stripete trøyer og svarte bukser.

Handball-gruppa samarbeider med Gimse IL og deltek i tevlingar som Melhus/Gimse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Heimeside