Melicytus ramiflorus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Melicytus ramiflorus
Melicytus ramiflorus
Melicytus ramiflorus
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Vierordenen Malpighiales
Familie: Fiolfamilien Violaceae
Slekt: Melicytus
Art: M. ramiflorus
Vitskapleg namn
Melicytus ramiflorus

Melicytus ramiflorus ( māhoe eller whitey-wood) er eit tre i fiolfamilien som er endemisk (stadeige) på New Zealand.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Botanisk illustrasjon av Gerald Sibelius

Tret kan veksa seg opp til ti m høgt med ein stamme på opptil 60 cm i diameter. Treet har glatt bork og skjøre kvistar. Dei mørkegrøne blada er 5-15 cm lange og 3-5 cm breie, kantane har fine taggar (dette er ikkje så synleg hjå unge plantar). Plantane er tvikjønna, og dei små blomane er gullege på farge, mellom tre og fire mm i diameter, og står i buntar rett ut frå nakne greiner. Blomane har ein sterk og behageleg lukt. Bæra har iaugefallande fiolett farge når dei er mogne, fasongen er meir eller mindre sfærisk, og diameteren mellom tre og fire mm. Bløminga finn stad seint på våren (på den sørlege halvkula)- og held fram innpå sommaren inntil bæra kjem seint på sommaren eller også om hausten.

Bæra på dette treet vert etne av ei rekkje fuglar, mellom desse maoridue, (kererū) (Hemiphaga novaeseelandiae), spurvefuglane tuihonningetar (Prosthemadera novaeseelandiae) og kvithovudmohua (Mohoua albicilla), medan gekkoar av arten Naultinus også har vorte observerte å supplera insektdietten sin med desse bæra. Māhoe finst over alt i skogar i låglandet på New Zealand, og er ofte å sjå i regenererande skogområde.

Undergrupper[endre | endre wikiteksten]

I tidlegare granskingar er det vorte påvist fire undergrupper av M. ramiflorus: subsp. ramiflorus på New Zealand, subsp. oblongifoliusNorfolk Island, subsp. fastigiataFiji og subsp. samoensisSamoa og Tonga. Seinare studiar, særleg ved Art Whistler, har indikert at alle desse undergruppene skulle danna eigne artar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Melicytus ramiflorus

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • L. Cockyane and E. Phillips Turner, 1943, The Trees of New Zealand. Government Printer.
  • John Dawson and Rob Lucas, 2000, Nature Guide to the New Zealand Forest. Godwit.
  • Donald R. Drake, Walter A. Whistler, Timothy J. Motley, og Clyde T. Imada, 1996, Rain Forest Vegetation of 'Eua Island', Kingdom of Tonga. New Zealand Journal of Botany, 1996, Vol. 34: 65-77.
  • A.L. Poole and N.M. Adams, 1963, Trees and Shrubs of New Zealand. Government Printer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]