Melissa av The Allman Brothers Band

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Melissa
Singel av The Allman Brothers Band
frå albumet Eat a Peach
A-side

Blue Sky

Utgjeve August 1972
Innspelt 9. desember 1971 at Criteria Studios, Miami, Florida
Sjanger
Lengd 3:56
Selskap Capricorn Records
Låtskrivar(ar) Gregg Allman
Produsent Tom Dowd
The Allman Brothers Band-kronologi 
«Ain't Wastin' Time No More»
(1972)
Melissa «One Way Out»
(1972)


«Melissa» er ein song av det amerikanske rockebandet The Allman Brothers Band, gjeve ut i august 1972 som den andre singelen frå det tredje studioalbumet deira, Eat a Peach. Songen vart skriven av vokalisten Gregg Allman lenge før gruppa vart skipa. Han vart først skriven i 1967 og to demoversjonar frå det året finst, inkludert ein versjon spelt inn av The 31st of February, eit band med Butch Trucks, som seinare spelte trommer i The Allman Brothers. Allman selde forlagsrettane til songen året etter, men manageren Phil Walden fekk henta dei attende i 1972.

Tittelen på songen vert ofte feilaktig skrive som «Sweet Melissa» sidan dette vert sungen i refrenget.[1]

Versjonen på Eat a Peach vart spelt inn som ei hyllest til Duane Allman, som rekna songen som ein av broren sine beste og som var ein personleg favoritt. Han omkom i ei motorsykkelulukke tre månader før denne versjonen vart spelt inn.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hittin' The Web with the Allman Brothers Band». Allmanbrothersband.com. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 9. september 2018.