Mjølketann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Melketann)
Munnen til ein seksåring i ferd med å mista mjølketennene.

Mjølketann er eit omgrep som blir nytta om tennene i det første tannsettet hos menneske og andre pattedyr. Alle pattedyr har såkalla difydont tannsett, det vil seie at ein skifter ut eit første tannsett (mjølketennene) til eit permanent tannsett som varar livet ut.

Ein 6 månader gammal baby bruker mjølketennene sine.

Mennesket har 20 mjølketenner; 8 fortenner, 4 hjørnetenner og 8 molarar (dei bakerste og kraftigaste jekslane). Tanndanninga og mesteparten av mineraliseringa går føre seg før fødselen. Ved 6-7 månaders alder kjem dei første fortennene fram og rundt 2 1/2 års alder har som regel alle mjølketennene kome.

Mjølketennene blir felde for å gi plass til det permanente tannsettet. Dette skjer som regel i perioden 6 til 10 års alder hos menneske. Det finst ulike ritual knytte til tannfellinga, til dømes tradisjonen med at «tannfea» erstattar den mista mjølketanna med eit pengestykke.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Mjølketann
Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.