Mellbye-utvalet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mellbye-utvalet var eit stortingsoppretta utval som hadde i oppgåve å gå gjennom verksemda til dei norske overvakingstenestene.[1] Det har namn etter formannen sin, høgsterettsadvokaten Jens Christian Mellbye.[2]

Utvalet vart nedsett av regjeringa Per Borten den 28. januar 1966 med oppdrag å arbeide framtidsretta for å avklara situasjonen som vart skapt etter Lygren-saka. Dette innebar gransking av påstandane til KGB-avhopparen Anatolij Mikhailovitsj Golitsyn, som hadde hevda at skrivaren hjå etterretningstenesta i Noreg, Ingeborg Lygren var spion for KGB. I røynda var Lygren agent både for etterretningstenesta og for CIA med amerikanaren Richard Kovich som føringsoffiser.[3]

Høgsterettsadvokat Jens Christian Mellbye var formann. Med seg fekk han to stortingsrepresentantar, sorenskrivar Einar Stavang (A) og John Austrheim (SP). Lagdommar Erling Haugen var skrivar, og som sakkunnige var obserstløytnant Andreas Lerheim (tidlegare tryggingsinspektør) og politimeister Gunnar Hårstad med.[treng kjelde]

Like etter dette oppretta etterretningstenesta eit eige utval, det sokalla «to-mannsutvalet», med Trond Johansen og Lars Heyerdahl, og desse reiste til USA i februar 1966 og vart forferda over at det berre var påstandane til Golytsin som var grunnlaget for skuldinga mot Lygren.[treng kjelde]

Mellbye-utvalet la fram si innstilling 12. mai 1967. Ho var gradert som hemmeleg; det blei også laga ei ugradert samanfatting. Innstillinga tok for seg overvakingstenesta, tryggingstenesta og overvakingspolitiet, i tillegg til samarbeidet mellom desse tre «hemmelege» verksemdene.[2]

Påstandane til Golitsyn vart effektivt avviste. Han hadde hjelpt CIA og FBI med å avsløra nokre moldvarpar i desse organisasjonane, og med dette oppnådd stor tillit i USA. Denne tilliten hadde han nytta til å få tilgang til arkiva i CIA, og funne mange agentar som kunne mistenkast for å vera moldvarpar eller spionar. Mellom desse var føringsoffiseren til Ingeborg, Richard Kovich. POT hadde trudd på desse skuldingane, arrestert Lygren året før, men måtte sleppe henne fordi dei mangla prov.[treng kjelde]

Utvalet kritiserte alle løynlege tenester i Noreg, men mest POT med Asbjørn Bryhn som sjef.[1]

Etter innstilling frå Mellbye-utvalet blei Regjeringens kontrollutvalg for overvåkings- og sikkerhetstjenesten oppretta gjennom kongeleg resolusjon den 6 oktober 1972. Mellbye, som no var blitt høgsterettsdommar, ver formann for dette utvalet gjennom fleire år. Det blei erstatta av EOS-utvalet i 1996.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Andersen, Roy (13. februar 2009). «Asbjørn Bryhn». Norsk biografisk leksikon. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Ot.prp. nr. 49 (1996-97)». regjeringen.no. 
  3. David Robarge, «Moles, Defectors, and Deceptions» (PDF), THE JOURNAL OF INTELLIGENCE HISTORY (INTERNATIONAL INTELLIGENCE HISTORY ASSOCIATION) 3: 42, arkivert frå originalen (PDF) 27. september 2012, henta 22. januar 2018