Hopp til innhald

Mellisuga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mellisuga
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Trochilinae
Stamme: Mellisugini
Slekt: Mellisuga
Brisson, 1760

Mellisuga er ei biologisk slekt av fuglar i ordenen seglarfuglar (Apodiformes), i kolibrifamilien Trochilidae. Ho omfattar berre to artar som er heimehøyrande i Dei store Antillane, der dei finst på Cuba, Jamaica og Hispaniola. Dette er dei minste fugleartane i verda.

Det feminine slektsnamnet Mellisuga kjem frå latinsk: mel, melis, som tyder «honning», og sugere, som tyder «suge». Namnet kan altså tolkast som «honning-sugar».[1]

Kjenneteikn

[endre | endre wikiteksten]

Dei to kolibriartane i denne slekta måler mellom 5 og 6 cm i lengd, og er dermed verdas minste fuglar. Nebbet er rett og matt svart. Hovud og overside hos hoene og hos dvergkolibri, M. minima, er grøne, medan undersida er kvitaktig. Hannen av bikolibri, M. helenae, har derimot eit flammeraudt hovud og hals, med ein iriserande strupekrage og lange sidefjør. Resten av overkroppen har blåaktige tonar.

Systematikk

[endre | endre wikiteksten]

Slekta Mellisuga vart foreslått av den franske naturforskaren Mathurin Jacques Brisson i 1760. Typearten som vart definert, var Trochilus minimus, i dag dvergkolibri på norsk.

Artsoversyn

[endre | endre wikiteksten]

Slekt Mellisuga i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025,[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

BileteNorsk namnVitskapleg namnAutorUtbreiingStatus[4]
DvergkolibriMellisuga minima(Linné, 1758)LC
BikolibriMellisuga helenae(Lembeye, 1850)NT
Referansar
  1. ↑ Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 249. ISBN 978-1-4081-2501-4.
  2. ↑ Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2025. IOC World Bird List (v15.1). doi : 10.14344/IOC.ML.15.1 Henta 15. juni 2025
  3. ↑ «Norske navn på verdens fugler». Norsk navnekomité for fugl (NNKF). 15. juni 2025. søk på Mellisuga
  4. ↑ BirdLife International (2024). «Empidonax». IUCN - Global raudliste. Henta 15.06.2025. {{cite web}}: Check date values in: |vitja= (hjelp)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Mellisuga