Mellom-Gudbrandsdal heradsrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Mellom-Gudbrandsdal heradsrett var ein domstol i Kristians amt (noverande Oppland fylke) som blei oppretta i 1841 ved frådeling av Sør-Gudbrandsdal heradsrett. Domssoknet femna om dei noverande kommunane Øyer, Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron. Dessutan ingjekk Sollia sokn i noverande Stor-Elvdal kommune, som likevel blei overflytta til Nord-Østerdal domssokn i 1890.

I 1909 blei Mellom-Gudbrandsdal heradsrett lagt ned og Sør-Fron, Ringebu og Øyer blei lagt til Sør-Gudbrandsdal domssokn, mens Nord-Fron blei lagt til Nord-Gudbrandsdal.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]