Mellomsteinalderen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mellomsteinalder)
Små mikrolittar blei vanlege i mellomsteinalderen.

Mellomsteinalderen er eit omgrep for ein del av steinalderen som kom mellom eldre og yngre steinalder. Tida er også kalla mesolittisk tid eller mesolitikum. Perioden starta fleire stader for rundt 10 000 år sidan etter siste istida, då klimaet blei varmare, og slutta etterkvart som jakt og sanking i stor grad blei avløyst av jordbruk som viktigaste næringsgrunnlag. Nokre stader bruker ein også nye teknologiar som mål for kva tid denne alderen slutta.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Rekonstruert natufisk grav.

Under mellomsteinalderen tok ein mellom anna til å laga mikrolittar, små flintspissar brukte i samansette verktøy. Nokre område utvikla pottemakarkunst. Det første tamdyret, hunden, blei domestisert.

Klimaet gav rik tilgang på mat, både plantekost, sjømat og vilt. Der ein tidlegare hadde jaga store flokkar dyr, var viltet no meir spreidd og vanskeleg å fanga. Nye teknikkar, betre samarbeid og fleire matkjelder var nødvendige for å greia seg under desse tilhøva.

I område der det var nok næringsgrunnlag blei folk bufaste, gjerne med éin større bustad og mindre leirar for særskilde føremål, som jakt eller fiske, i nærleiken. Det er funne restar etter hus frå mellomsteinalderen, til dømes i Lepenski Vir i Serbia.

Graver for folk og i nokre høve hundar kunne vera rike. Ved Skateholmbuplassen i Skåne blei det laga til ein gravlund for rundt 7000 år sidan. Skilnad i graver viser skilnad i sosial stilling, som i ei sjamangrav frå den natufiske middelhavskulturen funne i Israel, som var utstyrt med dyreskjelett og lukka med store steinar. Ein tenker seg at status kan ha vore arveleg, ikkje berre basert på særskilde evner, og at det har vore avgrensa samfunn som tidvis har vore i konflikt. Fleire leivningar frå denne perioden ser ut til å ha vore drepne i kamp, som i Gravlund 117 i Sudan.

Holemåleri frå mellomsteinalderen legg større vekt på menneske enn før, då ein hovudsakleg måla vilt. I måleri frå denne tida får ein større inntrykk av rørsle og handling enn tidlegare.

Kulturar[endre | endre wikiteksten]

I Sør-Skandinavia skil ein mellom tre kulturar: Maglemose (9500-7600 år sidan), Kongemose (7600-6500 år sidan) og Ertebøllekulturen (6500-5000 år sidan).

Andre kulturar klassifisert til mellomsteinalder er:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Chris Scarre, Anthony Sinclair, Steven Mithen, Andrew Sherratt, Anthony F. Harding, Timothy Champion, Ken Dark, Matthew Johnson (1996), «Europe», i Brian M. Fagan, The Oxford Companion to Archaeology, Oxford University Press 
  • Timothy Darvill, red. (2008), «Mesolithic», The Concise Oxford Dictionary of Archaeology, Oxford University Press 
  • «Mesolithic», A Dictionary of World History, Oxford University Press, 2000 
  • Elizabeth Knowles, red. (2006), «Mesolithic, the», A Dictionary of Phrase and Fable, Oxford University Press 
  • «painting, Western», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica Online, 2009 
  • Marianne Nordahl (2008), «Til dødsriket med 50 skilpadder», forskning.no (7. november 2008), arkivert frå originalen 16. september 2013, henta 12. november 2009 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Mellomsteinalderen