Melodi Grand Prix 1962

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Melodi Grand Prix 1962
Inger-jacobsen-esc1962 (cropped).jpg
Dato
Finale 17. februar 1962
Vertskap
Finale Store Studio, NRK Marienlyst, Oslo
Programleiar Odd Grythe
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 5
Vinnar
Song «Kom sol, kom regn»
Artist Inger Jacobsen/Laila Dalseth
Resultat i Eurovision Song Contest 1962
Finalepoeng 2
Finaleplass 10.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1961 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 1963

Melodi Grand Prix 1962 var den tredje utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. NRK vurderte 121 innsendte bidrag og plukka ut fem av dei til finalen 17. februar. Vinnaren blei «Kom sol, kom regn», sunge av Inger Jacobsen med lite orkester, og Lailia Dalseth med Kringkastingsorkestret. Vinnarlåta var laga av Kjell Karlsen med tekst av Ivar Andersen. I den internasjonale finalen fekk Inger Jacobsen oppgåva med å representere Noreg. Det norske bidraget enda på ein delt 10. plass med 2 poeng.

Nye reglar[endre | endre wikiteksten]

I motsetnad til dei to førre åra, droppa NRK ein open konkurranse i 1962. I staden var det berre NOPA-medlemmar som fekk sende inn bidrag. NRK fikk berre inn 121 bidrag, ein kraftig nedgang frå dei to første åra. I tillegg kom det inn 29 melodiar skrivne av ikkje-medlemmar, men dei blei ikkje vurdert av juryen og i staden returnert. Juryen var Alf Blyverket, Otto Nielsen og Willy Andresen.[1] Juryen plukka ut fem melodiar til den norske finalen.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

Finalen gjekk av stabelen 17. februar, for første gong på ein sundag. Sendingen blei halden i NRKs Store StudioMarienlyst med Odd Grythe som programleiar. Som året før blei dei fem finalebidraga framført to gongar: Først ein gong med Jørg Petter Røeds kvartett, deretter med ein ny artist akkompagnert av Kringkastingsorkestret under leiing av Øivind Bergh.

Juryen bestod av ti personar. Fem av medlemmane var Oslo-journalistane Rolf E. Schade, Yngvar Holm, Espen Eriksen, Karl Emil Hagelund og Syver Reff. Journalistane sine koner var dei fem siste medlemmane i juryen, for å «gi sitt votum ut fra et mer ikke-faglig synspunkt», som Aftenposten kalla det.[2]

Under sendinga var programleiar Odd Grythe, orkestermusikarane og jurymedlemmane kledd i fargerike, norske skigenserar. Dekoren i studio var også av norsk vintermiljø, for å «skape en norsk ramme om hele arrangementet».[3]

Den internasjonalt kjende jazzvokalisten Laila Dalseth framførte vinnarsongen «Kom sol, kom regn» med stort orkester i finalen, men NRK valde til slutt Inger Jacobsen til å framføre bidraget i den internasjonale finalen i Luxembourg.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Juryen bestod av ti personar som kvar gav frå 1 til 10 poeng til kvart bidrag. Resultatet blei som følgjer:[4]

Nr. Tittel Artist, lite orkester Artist, stort orkester Komponist og tekstforfattar Poeng Plass
1 «Mormors spilledåse» Laila Dalseth Anita Thallaug Ragnar Danielsen og Egil Hagen 30 5
2 «En gylden Buddha» Per Asplin Jan Høiland Bjarne Amdahl og Magne Amdahl 50 3
3 «Våre skal dagene være» Anita Thallaug Inger Jacobsen Kristian Hauger og Espen Lund 43 4
4 «Casablanca» Jan Høiland Per Asplin Kolbjørn Svendsen og Arne Paasche Aasen 63 2
5 «Kom sol, kom regn» Inger Jacobsen Laila Dalseth Kjell Karlsen og Ivar Andersen 65 1

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

I etterkant av finalen fekk NRK mykje kritikk for utveljinga av bidraga, og berre to av bidraga blei spelte inn på plate – vinnaren og andreplassen. Betre blei det ikkje då eit av dei avslåtte bidraga, «Æille så nær som a Ingebjørg» av Bjarne Amdahl og Alf Prøysen, blei ein av dei største slagarane dette året.[4]

Berre 121 bidrag kom inn i konkurransen, og bidragsytarane måtte vere medlemmar av NOPA, ein underorganisasjon av TONO. Aftenposten spurde programleiar Odd Grythe om løysinga var nokon god idé: «Vel, det kan kanskje diskuteres, men gjort er gjort og da skal det gjennomføres til punkt og prikke.» svarte Grythe. Dette blei også første og einaste gong NRK valde ei slik løysing.[5]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «29 melodier til TV's Grand Prix blir returnert». Aftenposten. 24. januar 1962. s. 3.
  2. «Norsk melodifinale i radio og fjernsyn søndag». Aftenposten. 15. februar 1962. s. 1.
  3. «Grand Prix-finalen i vintermiljø». Verdens Gang. 10. februar 1962. s. 5.
  4. 4,0 4,1 OGAE Norway. «1962 – Oslo (arkivert side)». OGAE Norway/web.archive.org. Henta 30. august 2016. 
  5. «Mange vil bli medlem i Tono, som sier nei!». Aftenposten. 15. januar 1962. s. 4.