Melodi Grand Prix 1963

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Melodi Grand Prix 1963
Dato
Finale 10. februar 1963
Vertskap
Finale Store Studio, NRK Marienlyst, Oslo
Programleiar Odd Grythe
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 5
Vinnar
Song «Solhverv»
Artist Jan Høiland/Nora Brockstedt
Resultat i Eurovision Song Contest 1963
Finalepoeng 0
Finaleplass 13.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1962 Melodi Grand Prix 1964

Melodi Grand Prix 1963 var den fjerde utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. NRK fekk inn 221 bidrag og plukka ut fem av dei til finalen 10. februar. Vinnaren blei «Solhverv» sunge av Jan Høiland med lite orkester og Nora Brockstedt med Kringkastingsorkestret. Vinnarlåta var komponert av Dag Kristoffersen. I den internasjonale finalen fekk Anita Thallaug oppgåva med å representere Noreg. «Solhverv» enda sist på ein delt 13. plass, utan poeng. Dette var første gong Noreg fekk 0 poeng i Eurovision Song Contest.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

NRK fekk tilsendt 221 bidrag, og ein eigen jury valde ut fem av dei til finalen. Juryen bestod av programsekretær Otto Nielsen, pianist Robert Levin og Turid Johansen frå NRK sitt platearkiv.[1]

Finalen gjekk av stabelen sundag 10. februar i Store Studio i Oslo, og Odd Grythe var programleiar. Bidraga blei først spelt av Jørg Petter Røeds ensemble, før dei blei spelt om att med nye artistar, akkompagnert av Kringkastingsorkestret under leiing av dirigent Øivind Bergh.

Blant artistane var kjende namn som Jens Book-Jenssen, Ray Adams og Nora Brockstedt, som deltok for fjerde år på rad. Miss Norway 1962, Beate Brevik, var også ein av artistane.

Som dei to førre åra, blei vinnarlåta vald ut av ein jury av fem mannlege Oslo-journalistar og dei respektive konene deira. «Solhverv» vann ein overlegen seier og fekk 22 poeng meir enn andreplassen.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Juryen bestod av ti personar som kvar gav frå 1 til 10 poeng til kvart bidrag. Resultatet blei som følgjer:[2]

Nr. Tittel Artist, lite orkester Artist, stort orkester Komponist og tekstforfattar Poeng Plass
1 «Vi slentret (langs en vårlig sti)» Jens Book-Jenssen Ray Adams Lars Christian Sande 54 3
2 «Drømmekjolen» Nora Brockstedt Anita Thallaug Bjarne Amdahl og Edith Thronsen 50 4
3 «Solhverv» Jan Høiland Nora Brockstedt Dag Kristoffersen 81 1
4 «Adjø» Anita Thallaug Beate Brevik Sigurd Jansen 40 5
5 «Jakteskipperen» Ray Adams Jens Book-Jenssen Rolf Hansen og Bengt Berggren 59 2

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Også dette året reserverte NRK seg retten til å avgjere kven som skulle framføre vinnaren i den internasjonale finalen, som dette året blei halden i London. NRK baud først jobben til Nora Brockstedt, men ho takka nei på grunn av ein annan spelejobb. Rykta ville derimot ha det til at Brockstedt ikkje likte låta og frykta ei dårleg plassering i London.

Pressa var ikkje særleg positiv etter finalen. Aftenposten meinte finalen hadde «et visst gammelmodig preg» og la til at «samtlige fem komposisjoner kunne like gjerne vært skrevet for tredve år siden, og vi kan bare takke arrangørene for at det hele ikke ble en temmelig likegyldig forestilling».[3] VG var også lite imponert og konkluderte med at finalen «bragte fem melodier uten særlige vinnersjanser i den europeiske finale i London».[4]

Vinnarkomponisten sjølv, Dag Kristoffersen, var overraska over sigeren: «Jeg har aldri komponert en slager før, skrevet noen småting til kor har jeg jo, men aldri følt meg kallet som slagerkomponist.» sa han til VG dagen etter finalen.[4]

Ingen av songane kom på hitlistene, og Anita Thallaug spelte heller aldri inn melodien på plate. «Solhverv» blei bare spelt inn av Jan Høiland, og låta er truleg ein av dei minst kjende Melodi Grand Prix-vinnarane gjennom tidene.[5]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mer 'sport' i TV søndag – Melodi Grand Prix-finale». A-magasinet. 9. februar 1963. s. 9.
  2. Eurovision Song Contest National Finals Page. «Norwegian National Final 1963». 
  3. «'Solhverv' norsk finalist i Melodi Grand Prix». Aftenposten. 11. februar 1963. s. 5.
  4. 4,0 4,1 «– Første gang i mitt liv at jeg har skrevet en slager». Verdens Gang. 11. februar 1963. s. 22.
  5. Jostein Pedersen. «Absolutt Grand Prix, Volum I».