Melodi Grand Prix 1964

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Melodi Grand Prix 1964
Dato
Finale 15. februar 1964
Vertskap
Finale Store Studio, NRK Marienlyst, Oslo
Programleiar Odd Grythe
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 5
Vinnar
Song «Spiral»
Artist Elisabeth Granneman/Arne Bendiksen
Resultat i Eurovision Song Contest 1964
Finalepoeng 6
Finaleplass 8.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1963 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 1965

Melodi Grand Prix 1964 var den femte utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. NRK fekk inn 271 bidrag og plukka ut fem av dei til finalen 15. februar. Vinnaren blei «Spiral», sungen av Elisabeth Granneman med lite orkester, og Arne Bendiksen med Kringkastingsorkestret. Vinnarlåta var komponert av Sigurd Jansen, med tekst av Egil Hagen. I den internasjonale finalen fekk Arne Bendiksen oppgåva med å representere Noreg. «Spiral» enda på ein 8. plass, med 6 poeng.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

Til trass for sisteplassen året innan, valde NRK å halde seg til same oppskrift som tidlegare. Som i 1963 var det pianist Robert Levin, programsekretær Otto Nielsen og Turid Johansen frå NRK sitt platearkiv som plukka ut dei fem finalebidraga. 271 bidrag kom inn til konkurransen.[1]

Finalen blei nok ein gong sendt frå Store StudioMarienlyst, og Odd Grythe var programleiar for femte år på rad. Så godt som alle artistane hadde òg vore med tidlegare, men Arne Bendiksen deltok for første gong som solist. Odd Børre var den einaste debutanten på scena.

Dei fem finalemelodiane blei først framført av eitt sett med artistar, akkompagnert av Jørg Petter Røeds kvartett. Deretter blei låtene sunge om att av nye artistar, akkompagnert av Kringkastingsorkestret. Orkesterleiar var Karsten Andersen, sidan Øivind Bergh studerte i USA.

Dette året valde NRK-regissør Robert Williams å gjere ein ny vri då låtane blei framførte på nytt med Kringkastingsorkestret. I staden for å ha orkestret i bakgrunnen på skjermen, blei kvart nummer presentert med eit innlagt ballett- og dansenummer. Over dansarane var den syngjande artisten silhuett-aktig klipt inn.[2][3]

Etter framføringane blei bidraga vurdert av ein jury på ti personar, og for fjerde år på rad bestod juryen av fem mannlege Oslo-journalistar og dei respektive konene deira.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist, lite orkester Artist, stort orkester Komponist og tekstforfattar Poeng Plass
1 «Spiral» Elisabeth Granneman Arne Bendiksen Sigurd Jansen og Egil Hagen 61 1
2 «Hvor?» Jan Høiland Inger Jacobsen Arne Bendiksen 52 4
3 «God gammel firkantet vals» Wenche Myhre Elisabeth Granneman Einar Schanke og Alfred Næss 60 2
4 «La meg være ung» Odd Børre & The Cannons Wenche Myhre Arne Bendiksen 57 3
5 «Ingen sol finner vei (til min gate)» Inger Jacobsen Jan Høiland Karl Westby og Egil Hagen 38 5

Røysting[endre | endre wikiteksten]

Vinnaren blei kåra av ti personar – fem oslojournalistar med konene sine. Kvar medlem gav frå 1 til 10 poeng til kvar song. Juryen bestod av: Espen Eriksen (VG) med kone, Karl Emil Hagelund (Dagbladet) med kone, Erik Heyerdahl (Arbeiderbladet) med kollega Sølvi Bryde, Yngvar Holm (Morgenposten) med kone og Eivind Torp (Morgenposten) med kone.[4]

Nr. Tittel A B C D E F G H I J Totalt
1 «Spiral» 7 7 4 5 6 6 6 3 9 8 61
2 «Hvor?» 2 4 7 7 7 9 3 2 4 7 52
3 «God gammel firkantet vals» 10 10 3 3 5 6 5 6 7 5 60
4 «La meg være ung» 3 5 10 9 3 7 1 4 5 10 57
5 «Ingen sol finner vei (til min gate)» 1 2 2 4 5 3 4 7 6 4 38

Rekkjefølgja blant dommarane er ikkje den same som dei sat i ved presentasjonen i starten av programmet. Dei sat derimot parvis, slik at dommar A og B var gift med kvarandre, og så vidare. Det er ikkje kjend kva for ein dommar som skjuler seg bak dei ulike bokstavane.[5]

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Kritikk mot røystinga[endre | endre wikiteksten]

Til tross for ein tredjeplass var det Wenche Myhre og «La meg være ung» som blei den store slageren i Noreg dette året. Etter finalen gjekk låten raskt til topps på VG-lista, og han låg på førsteplass fem veker på rad.[6] Dette er ein av dei største salssuksessane til ein ikkje-vinnar i Melodi Grand Prix nokon gong, og låten blei òg det store gjennombrotet til 17 år gamle Wenche Myhre.

Den store populariteten til «La meg være ung» førte til kritikk mot NRK si juryordning. «La meg være ung» fekk 10 poeng frå to av dommarane, men samstundes berre 1 poeng frå ein annan dommar. Sidan «La meg være ung» berre var 4 poeng unna førsteplassen, kan denne dommaren åleine ha kosta storslageren sigeren.[7] «Man må undre seg over at en jury av journalister har så lite greie på hva som vil kunne hevde seg i finalen.» skreiv ein skuffa lesar i eit innlegg i Aftenposten.[8] Ifølgje komponisten Arne Bendiksen var den første versjonen av «La meg være ung» heilt umogleg å kjenne att i arrangementet til Jørg Petter Røeds kvartett. Programmet skal også ha vore i ferd med å gå over sendetida, og ein stressa innspelingsleiar samla derfor inn juryen sine poeng i hui og hast før dei hadde fått høyre Wenche Myhre syngje «La meg være ung» med Kringkastingsorkestret.[4][9] Ein av jurymedlemmane, Eivind Torp frå Morgenposten, meinte på si side at manglande føringar for jurydømminga låg bak resultatet. Då Torp spurde innspelingsleiinga om kva kriterium dei skulle døme etter, fekk han til svar at det var opp til kvar enkelt dommar å avgjere. Torp meinte dette var grunnen til at poenga sprikte så mykje, og at det difor må «være klart at jurymedlemmene kan ha bedømt melodiene etter helt forskjellige forutsetninger».[2] Den kraftige kritikken mot røystinga gjorde at NRK endra røystesystemet året etter.

Sjølv om pressefolk utgjorde halve juryen, var ikkje journaliststanden sjølv særleg positiv til resultatet: «Den sikreste måte Norge har å unngå finalearrangør-forpliktelse på, synes å være å fortsette langs den linje de har slått inn på i år, ved å la oss representere ved Arne Bendiksen når vi har en ung dame som heter Wenche Myhre.», skreiv Aftenposten etter den internasjonale finalen.[10] Også Morgenposten kritiserte dei varierande poengsummane og at åtte av dei ti dommarane hadde ein annan låt enn «Spiral» som favoritt.[11] Avisa noterte seg også at tre av dommarane hadde «La meg være ung» som favoritt, og at songen hadde vunne om dommarane berre skulle røyste på favorittlåten sin.[12]

Bendiksen vann over seg sjølv[endre | endre wikiteksten]

Pressa retta òg ein del kritikk mot vinnaren, Arne Bendiksen, som slo ut to av sine eigne låter – blant dei «La meg være ung». På 1960-talet heldt NRK deltakarlåtane hemmelege til sjølve finaledagen, og det var først på prøvene nokre dagar før at Bendiksen innsåg at han hadde to av låtene sine med i finalen. «Og da mente jeg det var for sent å trekke meg ut igjen.» sa Bendiksen etter finalen.[13]

Også utanlandsk presse fall for «La meg være ung». Etter den internasjonale finalen i København i mars rosa dei Bendiksen: «Fagfolk her i København har kondolert meg med at det ikke ble 'La meg være ung' som vant den norske finalen», sa Bendiksen.[14]

Dette var også første gong ein mann representerte Noreg i den internasjonale finalen.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Grand Prix-artistene blir valgt denne uken». Aftenposten. 6. januar 1964. s. 5.
  2. 2,0 2,1 Torp, Eivind (17. februar 1964). «Underholdende melodi-finale tross stor dommer-uenighet». Morgenposten. s. 3.
  3. «Underholdningskavalkade 1964 – Televimsen ser tilbake». Norsk rikskringkasting. 2. januar 1965. Besøkt 3. oktober 2016. Finalen finst ikkje i NRK sitt arkiv, men opptaket av Wenche Myhre si framføring er teken vare på i NRK-programmet «Televimsen ser tilbake», sendt 2. januar 1965.
  4. 4,0 4,1 OGAE Norway. «1964 – Oslo (arkivert side)». OGAE Norway/webarchive.org. Besøkt 26. august 2016.
  5. Torp, Eivind (18. februar 1964). «Juryens fordeling av poengene i Grand Prix».Morgenposten. s. 4.
  6. «VG-lista for 'La meg være ung'». Verdens Gang. Henta 26. august 2016. 
  7. Kea (sign.) (17. februar 1964). «Fjong ballong til topps i den norske 'Melodi Grand Prix'»Adresseavisen. s. 15.
  8. S.E. (24. februar 1964). «Lesernes mening: Melodi Grand Prix 1964». Aftenposten Aften. s. 7.
  9. Jostein Pedersen. «Absolutt Grand Prix, Volum 1».
  10. Mauritzen, August (23. mars 1964). «Italia suverén Grand Prix-vinner». Aftenposten. s. 3.
  11. «Verre enn i OL-bakken: Grand Prix-melodien plukket ut lørdag (sitatsak)».Nordlands Framtid. 18. februar 1964. s. 6.
  12. Torp, Eivind (18. februar 1964). «Wenche Myhre kunne tatt førsteplassen i 'Melodi Grand Prix'!». Morgenposten. s. 4.
  13. «Arne Bendiksen slo ut seg selv i Melodie Grand Prix». Verdens Gang. 17. februar 1964. s. 7.
  14. «Wenche Myhre lanserte «Ung» i skyggen av melodifinalen». Verdens Gang. 23. mars 1964. s. 7.