Melodi Grand Prix 1966

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Melodi Grand Prix 1966
Dato
Finale 5. februar 1966
Vertskap
Finale Centralteatret, Oslo
Programleiar Øivind Bergh
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 5
Vinnar
Song «Intet er nytt under solen»
Artist Åse Kleveland
Resultat i Eurovision Song Contest 1966
Finalepoeng 15
Finaleplass 3.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1965 Melodi Grand Prix 1967

Melodi Grand Prix 1966 var den sjuande utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. NRK fekk inn 325 bidrag og plukka ut fem av dei til finalen 5. februar. Vinnaren blei «Intet er nytt under solen» sunge av Åse Kleveland med lite orkester og Grynet Molvig med Kringkastingsorkestret. Vinnarlåta var komponert av Arne Bendiksen. I den internasjonale finalen i Luxembourg fekk Åse Kleveland oppgåva med å representere Noreg. «Intet er nytt under solen» enda på ein 3. plass med 15 poeng. Dette var Noregs beste resultat fram til Bobbysocks vann Eurovision Song Contest i 1985.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

For første gong flytta NRK finalen frå Store StudioMarienlyst. Finalen gjekk av stabelen i Centralteatret i Oslo. Odd Grythe hadde leia alle Melodi Grand Prix-finalane til no, men dette året var det også ein ny programleiar – Kringkastingsorkestret sin dirigent Øivind Bergh. Finalen blei spelt inn på ettermiddagen og sendt i opptak på fjernsyn og radio om kvelden.[1]

NRK fekk inn 325 bidrag. Ein tremannsjury, Kåre Siem, Thorleif Østereng og Kjell Karlsen, valde ut fem melodiar til finalen. Melodiene blei spelte to gongar: Ein gong med Kjell Karlsens orkester, og ein gong med Kringkastingsorkestret. Songane blei framførte av forskjellige artistar i dei to versjonane. Melodiane blei også spelte vekselvis mellom det litle og store orkesteret. I den andre gjennomkøyringa blei melodiane spelte «hulter til bulter, av forskjellige grunnar», som Bergh sa under sendinga.[2] Den andre rekkjefølgjen var C, B, A, D og E. Johnny Bergh hadde regien for sendinga, mens tryllekunstnaren Egil «Egelo» Berg underheldt i pausen før juryane røysta. For første gong var det ingen mannlege artistar med i ein norske finale.

Året før hadde publikum fått røyste fram vinnaren, men i 1966 introduserte NRK eit nytt system der vinnaren blei kåra av ti regionale juryar. Kvar jury hadde fem medlemmar som kvar gav eitt poeng til favorittmelodien sin.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist, lite orkester Artist, stort orkester Komponist og tekstforfattar Poeng Plass
A «Lørdagstripp» Wenche Myhre Kirsti Sparboe Ivar Børsum og Bjørn Hornmoen 6 4
B «Ung og forelsket» Grynet Molvig Anita Thallaug Jolly Kramer-Johansen og Juul Hansen 7 3
C «Gi meg fri!» Kirsti Sparboe Åse Kleveland Arne Bendiksen 11 2
D «Intet er nytt under solen» Åse Kleveland Grynet Molvig Arne Bendiksen 22 1
E «Vims» Anita Thallaug Wenche Myhre Arne Bendiksen 4 5

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

NRK bestemte at Åse Kleveland skulle representere Noreg i den internasjonale finalen i Luxembourg, etter sigande fordi Kleveland allereie var populær i dei fransktalande landa. I så fall lukkast ikkje taktikken, for «Intet er nytt under solen» fekk ikkje eit einaste poeng frå dei fransktalande landa. Grynet Molvig var også oppteken med eit anna oppdrag då den internasjonale finalen gjekk av stabelen 5. mars.[1] Songen enda likevel på ein 3. plass, som var Noregs beste plassering fram til Bobbysocks vann med «La det swinge» 19 år seinare.

Også dette året blei det debatt etter finalen. Fleire sjåarar og lyttarar var misnøgde med røystesystemet og kvaliteten på låtane. Andre igjen meinte feil melodi vann. «Det kan bli de selsomste ting man får høre», sa også Egil Monn-Iversen før finalen og sikta til den varierande kvaliteten på dei innsendte bidraga. Finalen ble etterfølgd av tv-programmet: Tema med variasjoner – De refusertes Melodi Grand Prix. Her blei ti melodiar som ikkje nådde finalen, presenterte. Meininga var å vise kor «mye eiendommelig musikk juryen hadde å velge mellom, og imøtekomme den årlige kritikken om det virkelig var de beste melodiene som nådde finalen.»[3][4][5]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Optimisme foran Grand Prix-finalen i kveld: Bedre standard i år?». Verdens Gang. 5. februar 1966. s. 32.
  2. Øivind Bergh (5. februar 1966). «Melodi Grand Prix 1966 – norsk finale». Norsk rikskringkasting.
  3. «'Gi meg fri' er favoritten (leserbrev)». Verdens Gang. 25. februar 1966. s. 23.
  4. Lehmann, Trygve B. (25. februar 1966). «Melodi Grand Prix: T. Lehmann vil spise vinterfrakken hvis, … (lesarbrev)». Verdens Gang. s. 23.
  5. Hjorthen og Kjølleberg, Ingeborg Rygh og Even (19. februar 2010). «Grand Prix-sirkusets første år»nrk.no.