Melodi Grand Prix 1967

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Melodi Grand Prix 1967
Dato
Finale 25. februar 1967
Vertskap
Finale Centralteatret, Oslo
Programleiar Jan Voigt
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 5
Vinnar
Song «Dukkemann»
Artist Torill Ravnaas/Kirsti Sparboe
Resultat i Eurovision Song Contest 1967
Finalepoeng 2
Finaleplass 14.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1966 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 1968

Melodi Grand Prix 1967 var den åttande utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. NRK fekk inn 305 bidrag og plukka ut fem av dei til finalen på Centralteatret i Oslo 25. februar 1967. Vinnaren blei «Dukkemann», sunge av Torill Ravnaas med lite orkester, og Kirsti Sparboe med Kringkastingsorkestret. Vinnarlåten var komponert av Tor Hultin med tekst av Ola B. Johannessen. I den internasjonale finalen i Wien fekk Kirsti Sparboe oppgåva med å representere Noreg. «Dukkemann» enda på ein delt 14. plass med 2 røyster.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

NRK fekk inn 305 bidrag, og ein tremannsjury valde ut fem av dei til finalen. Juryen var musikarane Kåre Siem, Thorleif Østereng og Sigurd Jansen.

Finalen blei halden laurdag 25. februar på Centralteatret, og Jan Voigt debuterte som programleiar i Melodi Grand Prix. Dei fem finalemelodiane blei først akkompagnerte av Kjell Karlsens orkester. Deretter blei dei framførte om att av nye artistar med Kringkastingsorkestret under leiing av Øivind Bergh.

Mange av artistane dette året var nye ansikt i Melodi Grand Prix-samanheng, der den mest kjende var jazzsongaren Karin Krog. Visesong-ekteparet Kari og Ivar Medaas deltok òg med «Jeg vet om en jente» akkompagnert av Kringkastingsorkestret. Tvillingparet Randi og Torill Eriksen song den same songen med lite orkester, men då med tittelen «Jeg vet om en gutt».

Johnny Bergh hadde regien for sendinga, og pauseinnslaget var «Brennevinstrylling» med Mr. Cox, verdsmeister i trylling.[1]

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist, lite orkester Artist, stort orkester Komponist og tekstforfattar Poeng Plass
A «Shake» Laila Granum Bente Aaseth Arne Hagen 14 2
B «Dukkemann» Torill Ravnaas Kirsti Sparboe Tor Hultin og Ola B. Johannessen 24 1
C «Jeg vet om en gutt»/

«Jeg vet om en jente»

Randi og Torill Kari Medaas og Ivar Medaas Arne Bendiksen 1 5
D «Veslefrikk» Karin Krog Per Asplin Olav Lystrup og Kjellaug Lystrup 5 4
E «Skitur» Toril Støa Solfrid Heier Ivar Børsum og Bjørn Hornmoen 6 3

Avstemming[endre | endre wikiteksten]

NRK brukte det same røystesystemet som året før. Ti juryar med fem medlemmar i kvar sat i ti byar rundt om i landet. Kvar jurymedlem gav eitt poeng til favoritten sin. Juryane røysta som følgjer:

Nr. Tittel Tromsø Bodø Trondheim Ålesund Bergen Stavanger Kristiansand Hamar Fredrikstad Oslo Totalt
A «Shake» 1 1 1 0 1 3 3 1 3 0 14
B «Dukkemann» 2 2 1 5 3 1 2 3 2 3 24
C «Jeg vet om en gutt»/« -jente» 0 0 1 0 0 0 0 0 0 0 1
D «Veslefrikk» 2 0 0 0 1 1 0 1 0 0 5
E «Skitur» 0 2 2 0 0 0 0 0 0 2 6

Jurymedlemmane var i hovudsak godt vaksne menn, berre 12 av dei 50 jurymedlemmane var kvinner. Blant medlemmane var komikar Arthur Arntzen, kulturpersonen Åsmund Oftedal, kulturjournalisten Espen Eriksen, komikar Rolv Wesenlund og musikar Svein Gundersen.[1]

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Etter finalen var komponist-kjempa Egil Monn-Iversen klar på at Kirsti Sparboe måtte få dra til finalen i Wien. Han grunngav det med at «Dukkemann» spennar over nesten to oktavar, og at Sparboe hadde røyst nok til å klare låten. Då Verdens Gang spurde Monn-Iversen om Noregs sjansar i Wien, svarte han: «Blant de seks beste, skulle jeg anta.»[2] Noreg enda derimot på ein delt 13. plass av 17, med berre 2 røyster – eitt frå Nederland og eitt frå Sverige.

Også dette året blei det stor diskusjon om vinnarmelodien og nivået på låtane etter finalen. I lesarbrev vekene etter kom karakteristikkar som «bånn», «høgt og bråkete», «feil vinnar», «håplaust elendig» og at «Kirsti Sparboe burde ha halde seg for god til å syngje slikt 'vrøvl'».[3][4]

Saksofonisten Jan Garbarek var med som ekstramusikar i Kjell Karlsens orkester, og akkompagnerte mellom anna jazzkollega Karin Krog under «Veslefrikk». Finalen blei send om att i NRK2 10. mars 2014 som ein del av oppladinga til Eurovision Song Contest same år.

Melodien «Skitur» blei seinare ein slager i 1972, då i Kirsti Sparboes innspeling.[5]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Melodi Grand Prix 1967 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. 25. februar 1967. Besøkt 15. juli 2016.
  2. «Kirsti Sparboe til Grand Prix finalen i Wien». Verdens Gang. 27. februar 1967. s. 7.
  3. «Og så var det Grand Prix-debatten igjen …(diverse leserbrev)». Verdens Gang. 7. mars 1967. s. 21.
  4. «Bør Norge trekke seg fra Grand Prix? (diverse leserbrev)». Verdens Gang. 14. april 1967. s. 26.
  5. Jostein Pedersen. «Absolutt Grand Prix, Volum 1». Besøkt 15. juli 2016.