Melodi Grand Prix 1968

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Melodi Grand Prix 1968
Dato
Finale 2. mars 1968
Vertskap
Finale Centralteatret, Oslo
Programleiar Jan Voigt
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 5
Vinnar
Song «Jeg har aldri vært så glad i noen som deg» Andreplassen «Stress» representerte Noreg i den internasjonale finalen
Artist Kirsti Sparboe/Odd Børre
Resultat i Eurovision Song Contest 1968
Finalepoeng 2
Finaleplass 13.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1967 Melodi Grand Prix 1969

Melodi Grand Prix 1968 var den niande utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. NRK fekk inn 228 bidrag og plukka ut fem av dei til finalen 2. mars 1968. Vinnaren blei «Jeg har aldri vært så glad i noen som deg», sunge av Kirsti Sparboe med lite orkester og Odd Børre med Kringkastingsorkestret. Vinnarlåten var komponert av Kari Neegaard. Neegaard trekte vinnarmelodien etter plagiatskuldingar. Derfor var det 2. plassen, «Stress», og Odd Børre som fekk representere Noreg i den internasjonale finalen i London. Der enda «Stress» på ein delt 13. plass med 2 røyster.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

NRK fekk inn 228 bidrag, og ein jury, Kåre SiemKjell Karlsen og Sigurd Jansen valde ut fem av dei.

Finalen gjekk av stabelen laurdag 2. mars på Centralteatret, med Jan Voigt som programleiar. På 1960- og 1970-talet var det vanlig at NRK presenterte finalelåtane i to versjonar: ein med lite orkester, og ein versjon med Kringkastingsorkestret. Dette var tilfellet også i 1968. Dei fem finalemelodiane blei først akkompagnerte av Kjell Karlsens orkester. Så blei dei framførte om att med Kringkastingsorkestret under leiing av Øivind Bergh. Pauseinnslaget var ein Melodi Grand Prix-parodi framført av Sølvi Wang. Johnny Bergh hadde regien for sendinga.[1]

Alle artistane hadde vore med i konkurransen tidlegare. Nora Brockstedt og Kirsti Sparboe hadde til og med deltatt til saman fire gongar i den internasjonale finalen – halvparten av Noregs deltakingar til då. Også komponistane var stort sett dei same som året før. Duoen som vann finalen året før, Tor Hultin og Ola B. Johannessen, stod bak ikkje mindre enn fire av dei fem finalebidraga. Likevel var det Kari Neegaards «Jeg har aldri vært så glad i noen som deg» som vann finalen. Ho trekte derimot låten etter finalen på grunn av skuldingar om plagiat, og i staden blei det andreplassen «Stress» som fekk representere Noreg i den internasjonale finalen. Dermed blei Noreg for andre år på rad representert med ein låt signert Hultin og Johannessen.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist, lite orkester Artist, stort orkester Komponist og tekstforfattar Poeng Plass
A «Nysgjerrig-Per» Per Asplin Nora Brockstedt Tor Hultin og Ola B. Johannessen 4 4
B «Stress» Kirsti Sparboe Odd Børre Tor Hultin og Ola B. Johannessen 14 2
C «Nordlys» Nora Brockstedt Per Müller Tor Hultin og Ola B. Johannessen 10 3
D «Jeg har aldri vært så glad i noen som deg» Kirsti Sparboe Odd Børre Kari Neegaard 20 1
E «Ingenmannsland» Per Müller Per Asplin Tor Hultin og Ola B. Johannessen 2 5

Avstemming[endre | endre wikiteksten]

Ti juryar rundt om i landet kåra vinnaren. Kvar jury hadde fem medlemmar som kvar gav eitt poeng til favoritten sin. Resultatet blei som følgjer:[2]

Nr. Tittel Vadsø Tromsø Bodø Trondheim Ålesund Bergen Stavanger Kristiansand Hamar Oslo Totalt
A «Nysgjerrig-Per» 0 0 0 3 0 0 0 1 0 0 4
B «Stress» 2 1 3 0 0 3 0 1 2 2 14
C «Nordlys» 2 2 0 0 0 0 1 1 3 1 10
D «Jeg har aldri vært så glad i noen som deg» 1 2 2 2 4 2 3 2 0 2 20
E «Ingenmannsland» 0 0 0 0 1 0 1 0 0 0 2

Etterspelet om vinnarlåten[endre | endre wikiteksten]

For første – og til no einaste gong – representerte ikkje vinnarlåten Noreg i den internasjonale finalen. Kort tid etter Melodi Grand Prix blei vinnarkomponisten Kari Neegaard (mest kjend som Kari Diesen d.y.) møtt med skuldingar om at låten var for lik Cliff Richards hit «Summer Holiday» frå 1963. Neegaard avviste skuldingane og sa at ho ikkje ein gong hadde høyrd «Summer Holiday».[3]

Men 6. mars trekte Neegaard låten før NRKs plagiatutval fekk tatt stilling til skuldingane. Neegaard angra i ettertid på avgjerda si og fortalda at ho blei møtt med sjikane, anonyme telefontrugslar og skjellsord etter den norske finalen.[4] «Jeg trakk melodien tilbake fra konkurransen fordi det ble for sterkt for meg. Jeg orket ikke påkjenningen mere. Det var ikke lenger moro.» sa komponisten til VG i april same år.[5]

Derfor blei andreplassen, «Stress», Noregs bidrag i London. Der enda han på ein delt 13. plass av 17.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fem synger fem i Grand Prix-finalen i dag». Verdens Gang. 2. mars 1968. s. 33.
  2. OGAE Norway. «1968 – Oslo (arkivert side)». OGAE Norway/web.archive.org. Besøkt 26. august 2016.
  3. «Plagiatutvalg gransker Grand Prix-vinneren: Ingen likhet, sier komponisten». Verdens Gang. 5. mars 1968. s. 5.
  4. «Vinnermelodien er trukket tilbake». Aftenposten. 7. mars 1968. s. 1 og 14.
  5. «Kari Neegaard – som trakk sin Grand Prix-vinner: Jeg angrer». Verdens Gang. 18. april 1968. s. 8.