Melodi Grand Prix 1970

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Melodi Grand Prix 1970
Dato
Finale Ingen finale
Vertskap
Finale Ingen finale
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Vinnar
Resultat i Eurovision Song Contest 1970
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1969 Melodi Grand Prix 1971

I 1970 var det ingen finale i Melodi Grand Prix. Bakgrunnen var at NRK trekte seg frå Eurovision Song Contest 1970 i protest mot konkurranseforma. Dette var første gong sidan debuten i 1960 at Noreg ikkje deltok i konkurransen. Då Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) endra røystereglane hausten 1970, valde NRK å delta att frå og med 1971.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I Eurovision Song Contest 1969 enda fire land på førsteplass med same poengsum. Det fanst ingen reglar for å skilje vinnarane, og derfor blei Spania, Storbritannia, Nederland og Frankrike alle kåra til vinnarar. Avgjerda skapa misnøye hos ei rekkje deltakarland, blant dei Noreg.

Under eit EBU-møte i London i oktober 1969 la dei nordiske landa fram fleire forslag til nye reglar for konkurransen.[1] Men dei nordiske landa fekk lite respons for forslaga, og nokre dagar etter melde NRK at Noreg ikkje ville delta i den internasjonale finalen i 1970. «Det har forekommet en del misnøye med arrangementet, fordi man mener at det ikke har svart til de forventninger man stilte – nemlig at man gjennom denne melodikonkurranse i Eurovisjonen skulle høyne slagernivået i Europa», sa NRKs programdirektør Otto Nes til Aftenposten.[2]

Sverige, Finland, Austerrike og Portugal trekte seg også frå konkurransen i 1970, og berre tolv land stilte på scena i Amsterdam i 21. mars 1970. Dette var det lågaste talet på deltakarar i Eurovision Song Contest sidan 1959.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nye regler for Melodi Grand Prix drøftes i London». Aftenposten Aften. 16. oktober 1969. s. 2.
  2. «Norge ikke med i Melodi Grand Prix neste år». Aftenposten. 1. november 1969. s. 1 og 20.