Melodi Grand Prix 1971

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Melodi Grand Prix 1971
Dato
Finale 20. februar 1971
Vertskap
Finale Studio 1, NRK Marienlyst, Oslo
Programleiar Jan Voigt
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 12
Vinnar
Song «Lykken er»
Artist Hanne Krogh
Resultat i Eurovision Song Contest 1971
Finalepoeng 65
Finaleplass 17.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1970 Melodi Grand Prix 1972

Melodi Grand Prix 1971 var den ellevte utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. NRK inviterte seks komponistar til å sende inn bidrag. I tillegg arrangerte NRK ein open konkurranse der seks bidrag blei valde ut blant 196 innsendte. Finalen blei arrangert 20. februar 1971, og vinnarlåten blei «Lykken er», sungen av Hanne Krogh og skriven av Arne Bendiksen. I den internasjonale finalen i Dublin kom låten på ein 17. og nest siste plass med 65 poeng.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

Etter boikotten året før var Melodi Grand Prix attende med eit rekordstort startfelt. Tolv bidrag blei framført av ulike artistar akkompagnert av eit eige orkester samansett for konkurransen, dirigert av Egil Monn-Iversen.[1] Halvparten av finalelåtene var sende inn av spesielt inviterte låtskrivarar, mens resten blei plukka ut blant 196 innsendte bidrag i NRKs opne konkurranse. Juryen var Karin Krog, Kjell Halvorsen, Finn Eriksen og Rolv Wesenlund.[2]

Programleiar var Jan Voigt, og finalen blei halden i Studio 1 på NRK Marienlyst laurdag 20. februar. Utover 1960-talet hadde det vore ein aukande kritikk og merksemd rundt konkurransen i Noreg, noko også Voigt poengterte då han innleia med: «Då går vi laus på årets mest utskjelte tv-program.»[3]

Det var fleire veteranar blant artistane, mellom anna Odd Børre, Jan Høiland og Inger Jacobsen. Men ei rekkje unge kvinnelege artistar debuterte i Melodi Grand Prix, blant anna barnestjerna Anita Hegerland, Gro Anita Schønn, Anne-Karine Strøm og ei då heilt ukjend Hanne Krogh.

Resultatet blei avgjort av 14 jurymedlemmar frå sju ulike landsdelar, og det var 15 år gamle Hanne Krogh som vann med «Lykken er», skriven av veteranen Arne Bendiksen. Dette var Bendiksens tredje Melodi Grand Prix-siger som låtskrivar. I tillegg vann han som artist i 1964.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist og tekstforfattar Poeng Plass
A «Ironside» Odd Børre og Jan-Erik Berntsen Sigurd Jansen og Bjørn Hansen 48 2
B «Fjell-låt» Jan Høiland Frode Færøyvik 38 6
C «Gi meg en sebra!» Anita Hegerland Carsten Klouman og Dag Frøland 44 4
D «Riv deg løs» Anne Lise Gjøstøl Ivar Børsum 37 8
E «Gi verden et smil» Dag Spantell Kari Neegaard 44 4
F «India» Inger Jacobsen Kristian Hauger 30 12
G «Vi vil tro det vi synger» Webe Karlsen, Dag Spantell og Geir Wentzel Kjell Karlsen og Terje Mosnes 45 3
H «Hør litt på meg» Anne-Karine Strøm Tor Hultin og Marit Trulsrud 32 10
I «Enkle ord» Jan-Erik Berntsen Ivar Børsum 31 11
J «Maxi-midi-mini» Gro Anita Schønn Paul Cappelen 37 8
K «Optimisten» Odd Børre Jan Berger og Sonja Berger 38 6
L «Lykken er» Hanne Krogh Arne Bendiksen 52 1

Avstemming[endre | endre wikiteksten]

NRK valde å køyre same jurysystem som blei innført ved Eurovision Song Contest 1971. Til stades i tv-studioet var sju dommarpar frå sju ulike regionar i landet. Den eine var under 25 år, mens den andre var over 25 år. Kvar jurymedlem gav frå 1 til 5 poeng til kvar melodi. Kvar song kunne dermed få mellom 14 og 70 poeng.

Nr. Tittel 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 12. 13. 14. Totalt
A «Ironside» 2 4 5 4 4 2 4 3 3 2 2 5 4 4 48
B «Fjell-låt» 3 3 2 2 2 4 2 3 4 2 1 4 3 3 38
C «Gi meg en sebra!» 3 3 2 3 2 1 3 2 4 4 4 3 5 5 44
D «Riv deg løs» 1 2 2 3 2 2 5 4 5 3 2 3 1 2 37
E «Gi verden et smil» 3 4 5 1 5 5 2 3 2 3 3 2 3 3 44
F «India» 3 3 1 3 3 3 1 1 2 1 2 3 2 2 30
G «Vi vil tro det vi synger» 4 5 3 4 3 3 2 3 3 4 3 3 2 3 45
H «Hør litt på meg» 1 2 1 3 4 2 2 2 4 3 4 2 1 1 32
I «Enkle ord» 3 2 3 3 1 2 2 2 3 2 2 2 2 2 31
J «Maxi-midi-mini» 4 2 3 3 2 1 4 2 3 2 3 1 3 4 37
K «Optimisten» 4 3 3 4 3 1 2 2 4 3 3 3 1 2 38
L «Lykken er» 5 5 5 4 5 4 2 2 4 4 3 2 4 3 52

Jurymedlemmane var: 1. Morten Kvelstad (Bergen), 2. Rune Larsen (Bergen), 3. Eva Braseth (Bodø), 4. Arne Kristian Dypvik (Bodø), 5. Knut Eggen (Elverum), 6. Eva Kløvstad (Hamar), 7. Jan Erik Pettersen (Kristiansand), 8. Liv Usterud (Kristiansand), 9. Andreas Lunnan (Levanger), 10. Sten Fredriksen (Oslo), 11. Cocca Stang (Oslo), 12. Thor Arvid Brochs (Tromsø), 13. Ivar Solberg (Tromsø) og 14. Solveig Johansson (Trondheim).

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Dette var første gong at komponistane og tekstforfattarane var kjende før finalen. Tidlegare hadde NRK halde opphavsmennene hemmelege fram til resultatet var klart.

I dagane før finalen i Melodi Grand Prix hadde Hanne Krogh lege sjuk med kraftig forkjøling. Ho overvann forkjølinga og stilte på scena utan problem.[1]

Jurymedlemmane Sten Fredriksen og Liv Usterud blei plukka ut som Noregs to dommarar til den internasjonale finalen i Dublin 3. april 1971. Låtskrivaren Arne Bendiksen debuterte som dirigent i den internasjonale finalen, sidan Egil Monn-Iversen ikkje hadde høve til å reise til Dublin.[4]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Eriksen, Espen (22. februar 1971). «Favorittseier tross forkjølelse». Verdens Gang. s. 12.
  2. Olavia. (signatur) (22. januar 1971). «Grand Prix-juryen i arbeide». Aftenposten. s. 5.
  3. Jan Voigt (20. februar 1971). «Melodi Grand Prix 1971 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. 
  4. Eriksen, Espen (1. april 1971). «Arne Bendiksen debuterer som dirigent». Verdens Gang. s. 17.