Melodi Grand Prix 1972

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Melodi Grand Prix 1972
Dato
Finale 19. februar 1971
Vertskap
Finale Studio 1, NRK Marienlyst, Oslo
Programleiar Vidar Lønn-Arnesen
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 5
Vinnar
Song «Småting»
Artist Hanne Krogh/Grethe Kausland og Benny Borg
Resultat i Eurovision Song Contest 1972
Finalepoeng 73
Finaleplass 14.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1971 Melodi Grand Prix 1973

Melodi Grand Prix 1972 var den tolvte utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. NRK arrangerte ein open konkurranse og fekk inn 175 bidrag. Fem av dei ble vald ut til finalen 19. februar 1972, og vinnarlåten blei «Småting», sunge av Hanne Krogh med lite orkester, og Grethe Kausland og Benny Borg med stort orkester. Melodien var skriven av Kåre Grøttum og Ivar Børsum. I den internasjonale finalen i Edinburgh fekk Grethe Kausland og Benny Borg oppgåva med å representere Noreg. Der kom «Småting» på ein 14. plass med 73 poeng.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

Dette året gjekk NRK attende til ordninga frå åra 1961–68. Først blei songane sunge med lite orkester, før dei ble spelte om att med nye artistar akkompagnert av eit stort orkester. NRK fekk inn 175 bidrag gjennom ein open konkurranse, det lågaste talet til då, om ein ser bort frå finalen i 1962. Ein eigen jury, Sigurd Jansen, Benny Borg og Terje Rypdal, plukka ut dei fem finalebidraga.[1]

Vidar Lønn-Arnesen debuterte som Melodi Grand Prix-programleiar, og finalen blei halden i Studio 1 på NRK Marienlyst laurdag 19. februar. Det litle orkesteret var eit fem-mannsorkester leia av Kjell Halvorsen, mens Egil Monn-Iversen leia det store orkesteret, som var sett saman spesielt for kvelden.

For tv-sjåarane var det mange kjende andlet blant deltakarane, mellom anna ti år gamle Anita Hegerland som òg deltok året før. Også Gro Anita Schønn, Anne-Karine Strøm og Hanne Krogh hadde deltatt året før.

Resultatet blei avgjort av 14 jurymedlemmar, og vinnaren blei «Småting» framført av Hanne Krogh med lite orkester, og Grethe Kausland og Benny Borg med stort orkester.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Som året før, blei finalen avgjort av sju dommarpar frå sju ulike regionar i landet. Den eine var under 25 år, mens den andre var over 25 år. Kvar jurymedlem gav frå 1 til 5 poeng til kvar melodi. Kvar song kunne dermed få mellom 14 og 70 poeng. Jurymedlemmane sat dette året i eit anna studio.

Nr. Tittel Artist, lite orkester Artist, stort orkester Komponist og tekstforfattar Poeng Plass
A «Happy hippie» Anita Hegerland Gro Anita Schønn Arne Hagen 38 3
B «Lillebror» Inger Lise Rypdal Kirsti Sparboe Ivar Børsum 40 2
C «Småting» Hanne Krogh Grethe Kausland og Benny Borg Kåre Grøttum og Ivar Børsum 43 1
D «Håp» Ellen Nikolaysen Anne-Karine Strøm Hans M. Borchgrevink 33 4
E «Et hus på landet» Eli Tanja Jan Erik Berntsen Tor Arne Johnsen 30 5

Avstemming[endre | endre wikiteksten]

NRK brukte same jurysystem som i Eurovision Song Contest 1972. Til stades på Marienlyst var sju dommarpar frå sju ulike regionar i landet. Den eine var under 25 år, mens den andre var over 25 år. Kvar jurymedlem gav frå 1 til 5 poeng til kvar melodi, noko som betyr at kvar song kunne få mellom 14 og 70 poeng.[2]

Nr. Tittel 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 12. 13. 14. Totalt
A «Happy hippie» 1 4 2 3 4 4 1 1 4 1 5 3 4 1 38
B «Lillebror» 3 2 4 2 5 3 4 1 5 2 2 2 2 3 40
C «Småting» 3 3 3 3 3 2 5 2 3 3 4 4 3 2 43
D «Håp» 1 3 2 4 3 2 3 2 1 1 2 2 5 2 33
E «Et hus på landet» 2 3 3 2 2 3 1 1 3 2 1 3 1 3 30

Jurymedlemmane var: 1. Ågot Meyer, 2. Atle Haaland, 3. Tor Hernes, 4. Mary Hugås, 5. Harry Walle, 6. Eva Mellum, 7. Sonja Abusdahl, 8. Sigbjørn Nedland, 9. Rachel Nord, 10. Arne Christiansen, 11. Trond Mæland, 12. Borgny Solstrand, 13. Inge Wolden og 14. Kjell Nyhus.

NRK valde Sonja Abusdahl og Rachel Nord til å vere Noregs jurymedlemmar i den internasjonale finalen i Edinburgh.

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

For første gong blei Noreg representert av ein utanlandsk artist, svenske Benny Borg. Aftenposten var likevel ikkje skeptisk: «Borgs sprogføring er blitt beundringsverdig sikker, uten spor av fremmed herkomst». Avisa var derimot ikkje like imponert over showet: «TV-showet kan ikke registreres som noen suksess. Fantasiløs produksjon, kjedelig presentasjon og en viss famlende usikkerhet er de inntrykk en sitter igjen med».[3] Det var også første gong Noreg blei representert av ein duo.

Melodi Grand Prix blei også det store vaksen-gjennombrotet for Grethe Kausland. Som lita blei ho landskjend som «litle Grethe», og ho gav ut tolv grammofonplater før ho fylte tolv. Sigeren blei starten på ein lang karriere innan song, show og revyliv.[4]

Eigentleg skulle Gudny Aspaas ha sunge «Håp» med det litle orkesteret, men ho melde forfall. I staden song Ellen Nikolaysen melodien.[5] Seinare fortalde Aspaas at ho ikkje ville stille opp på grunn av låten: «Etter min mening var den rett og slett dum, og jeg ville blitt flau over å synge en klissen tekst til en dårlig melodi.»[6]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «5 norske melodier valgt til 'Melodi Grand Prix' finale». Aftenposten. 25. januar 1972. s. 9.
  2. OGAE Norway. «1972 – Oslo (arkivert side)». OGAE Norway/web.archive.org. Besøkt 26. august 2016.
  3. Reff, Syver (21. februar 1972). «Norsk 'Småting' til Melodi Grand Prix». Aftenposten. s. 5.
  4. Svend Erik Løken Larsen (13. januar 2015). «Grethe Kausland». Norsk biografisk leksikon. Besøkt 17. juli 2016.
  5. «TV-debut for Ellen Nikolaysen». Verdens Gang. 11. februar 1972. s. 34
  6. Engh, Terje (19. februar 1972). «Gudny Aspaas – ville ikke synge i Grand Prix». Verdens Gang. s. 43.