Melodi Grand Prix 1973

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Melodi Grand Prix 1973
Dato
Finale 17. februar 1973
Vertskap
Finale Chateau Neuf, Oslo
Programleiar Vidar Lønn-Arnesen
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 5
Vinnar
Song «Å, for et spill»
Artist Ola Neegaard, Gro Anita Schønn, Stein Ingebrigtsen og Inger Lise Rypdal/Bendik Singers
Resultat i Eurovision Song Contest 1973
Finalepoeng 89
Finaleplass 7.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1972 Melodi Grand Prix 1974

Melodi Grand Prix 1973 var den 13. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. NRK plukka ut fem finalistar frå 191 innsende bidrag til finalen 17. februar 1973. Vinnarlåten blei Arne Bendiksens «Å, for et spill», sunge med lite orkester av kvartetten Ola Needgaard, Gro Anita Schønn, Stein Ingebrigtsen og Inger Lise Rypdal. Gruppa Bendik Singers song han med stort orkester og representerte Noreg i den internasjonale finalen i Luxembourg. Der enda songen på ein 7. plass med 89 poeng. Det var Noregs beste plassering sidan 1966, og han blei ikkje slått før Bobbysocks vann i 1985.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

For første gong sidan 1968 flytta NRK finalen ut frå fjernsynshuset og til Chateau Neuf, nokre steinkast unna. Finalen gjekk dette året laurdag 17. februar, med Vidar Lønn-Arnesen som programleiar. Kvar melodi blei framført to gongar: ein gong med Roy Hellvinds band, og ein gong med et stort orkester under leiing av Egil Monn-Iversen.

I den opne konkurransen fekk NRK inn 191 bidrag, og juryen, Finn Eriksen, Tor Hultin og Sigurd Jansen, valde ut fem songar. Mange tidlegare artistar dukka opp på scena også i år, men Lillian Harriet og brørne Bjørn og Philip Kruse debuterte i konkurransen som ein del av Bendik Singers.

«Å, for et spill» vann finalen, og dette var Arne Bendiksens fjerde og siste siger som låtskrivar i Melodi Grand Prix. Dette var første gong ei gruppe vann konkurransen.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist, lite orkester Artist, stort orkester Komponist og tekstforfattar Poeng Plass
A «Rett deg opp» Gro Anita Schønn Stein Ingebrigtsen Bernt Erik Tylden og Kjellaug Hopsnes 29 5
B «Det er jo sant» Anne-Karine Strøm Benny Borg Ivar Børsum 40 2
C «Om du kunne» Ellen Nikolaysen Anne Lise Gjøstøl Rolf Nord og Rachel Nord 40 2
D «Å, for et spill» Ola Neegaard, Gro Anita Schønn,

Stein Ingebrigtsen & Inger Lise Rypdal

Bendik Singers Arne Bendiksen 50 1
E «Alternativ» Lillian Harriet Inger Lise Rypdal Torbjørn Daleng og Gerd Johansen 36 4

Bendik Singers bestod av Ellen Nikolaysen, Anne-Karine Strøm, Bjørn Kruse og Philip Kruse.

Avstemming[endre | endre wikiteksten]

Som dei to åra før, blei finalen avgjort av sju dommarpar frå sju ulike regionar i landet. Den eine var under 25 år, mens den andre var over 25 år. Kvar jurymedlem gav frå 1 til 5 poeng til kvar melodi. Kvar song kunne dermed få mellom 14 og 70 poeng.[1]

Nr. Tittel 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 12. 13. 14. Totalt
A «Rett deg opp» 3 3 1 2 2 2 2 2 1 3 1 3 2 2 29
B «Det er jo sant» 2 4 3 3 3 3 3 2 3 4 1 2 4 3 40
C «Om du kunne» 1 3 4 1 2 4 4 4 4 4 3 2 1 3 40
D «Å, for et spill» 4 4 5 4 4 4 4 3 4 3 3 3 3 2 50
E «Alternativ» 2 2 2 2 3 2 3 4 2 2 4 3 2 3 36

Jurymedlemmane var: 1. Bodil Nilsen, 2. Harald Wiig, 3. Gerd Lund, 4. Svein Snefjellå, 5. Randi Bjørlo, 6. Moss Hundset, 7. Inger Ann Folkvord, 8. Magne Strand, 9. Randi Janson, 10. Omar Heide Midtsetær, 11. Helle S. Teodorsen, 12. Nils Holm, 13. Brit Solli og 14. Hilmar Solheim.

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

I den internasjonale finalen blei «Å, for et spill» omsett og framført som «It's Just A Game». Teksten hadde strofer på alle dei andre deltakarlanda sine språk og var skriven av Robert Williams, ein amerikanar som hadde jobba som produsent i NRK fjernsynet i ei årrekkje. Dette året oppheva nemleg Den europeiske kringkastingsunionen regelen som kravde at landa måtte framføre bidraga på eit av sine offisielle språk. Regelen blei gjeninnført i 1977 og deretter fjerna for godt i 1999.

Eit av dei opphavlege finalebidraga, «Solskinn på vår vei», blei diskvalifisert før finalen fordi låtskrivaren Thom Berns var nederlandsk. Dei dåverande reglane sa nemleg at komponistane måtte vere norske statsborgarar.[2] Den diskvalifiserte låten blei erstatta av «Rett deg opp».[3]

Etter finalen var pressa stort sett positiv til både sendinga og vinnaren: «Mer profesjonelt enn noen gang var også avviklingen av finalen, som demonstrerte at Norge nå har en stall av dyktige popartister som tar sin jobb alvorlig.» skrev VG.[4] Også Aftenposten meinte at den beste songen vann.[5] Egil Monn-Iversen var derimot ikkje nådig mot konkurransen: «Jeg synes det er galt at et nærmest ubetydelig program blir blåst opp i pressen. Jeg var imot at vi arrangerte konkurransen i år (…) neste år skal jeg forsøke å stanse det.» sa Monn-Iversen til Dagbladet.[6]

Dette var første gong ei gruppe representerte Noreg i Eurovision Song Contest.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. OGAE Norway. «1973 – Oslo». OGAE Norway/web.archive.org. Besøkt 26. august 2016.
  2. Eriksen, Espen (30. januar 1973). «Fjernsynet drøfter Melodi Grand Prix i dag: En komponist er ikke norsk». Verdens Gang. s. 14.
  3. Eriksen, Espen (2. februar 1973). «Bergenser ny komponist i Melodie Grand Prix». Verdens Gang. s. 34.
  4. Eriksen, Espen (19. februar 1973). «Bendik Singers til Luxembourg». Verdens Gang. s. 17.
  5. Vito (signatur) (19. februar 1973). «Den beste slager vant». Aftenposten. s. 9.
  6. «Dagbladet for 50 år siden … og 25 år siden». Dagbladet. 19. februar 1998. s. 3.