Melodi Grand Prix 1980

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Melodi Grand Prix 1980
Sami Ædnan (11096945055).jpg
Dato
Finale 22. mars 1980
Vertskap
Finale Studio 2, NRK Marienlyst, Oslo
Programleiar Åse Kleveland
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 10
Vinnar
Song «Sámiid ædnan»
Artist Sverre Kjelsberg og Mattis Hætta
Resultat i Eurovision Song Contest 1980
Finalepoeng 15
Finaleplass 16.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1979 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 1981

Melodi Grand Prix 1980 var den 20. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. NRK inviterte ti komponistar til å sende inn bidrag til finalen 22. mars 1980. Vinnaren blei «Sámiid ædnan», framført av Sverre Kjelsberg og Mattis Hætta. Låten er komponert av Kjelsberg, med tekst av Ragnar Olsen. I den internasjonale finalen i Haag enda bidraget på 16. plass med 15 poeng.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

I motsetnad til året før, satsa NRK dette året på eit langt meir ekstravagant show. Den opne konkurransen blei droppa, og i staden inviterte NRK ti landskjende komponistar innan ulike sjangrar. Blant låtskrivarane og artistane var kjende namn som Anita Skorgan, Jahn Teigen, Ole Paus, Åge Aleksandersen, Henning Sommerro og Jan Eggum.

Noregs til då best plasserte Eurovision-deltakar, Åse Kleveland, leia finalen frå Studio 2 i NRK Marienlyst. Dei ti bidraga blei akkompagnerte av eit 36-mannsorkester spesielt samansett for tevlinga. Orkesteret blei leia av Egil Monn-Iversen. Som pauseinnslag framførte Kleveland vinnarbidraget sitt frå 1966, «Intet er nytt under solen».

Også dette året var det ein fagjury på ni medlemmar som kåra vinnaren. Avstemminga blei den mest spennande nokon gong i Melodi Grand Prix. Til slutt stod to bidrag att på toppen, kvar med 61 poeng: «Bjørnen sover» og «Sámiid ædnan». Etter ei ny røysteomgang mellom dei to vinnarane vann «Sámiid ædnan» marginalt med 5–4.

For første gong brukte NRK ei digital poengtavle. Ho blei oppdatert og styrt av datamaskinen «Petra».

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Poengsummane til «Bjørnen sover» og «Sámiid ædnan» inkluderer òg poenga frå andre røysterunde.

Nr. Tittel Artist Komponist og tekstforfattar Poeng Plass
A «Stjerneskudd» Anita Skorgan Anita Skorgan og Philip A. Kruse 48 6
B «Ja» Jahn Teigen Jahn Teigen og Herodes Falsk 32 9
C «Parken» Radka Toneff Radka Toneff og Ole Paus 43 8
D «Bjørnen sover» Åge Aleksandersen og Sambandet Åge Aleksandersen 65 2
E «Maestro» Hilde Heltberg Arne Schulze og Asbjørn Krogtoft 32 9
F «Auståvind» Henning Sommerro Henning Sommerro og Jørgen Gravvold 45 7
G «Univers» Alex Svein Gundersen 58 3
H «Rudi» Nina Askeland Jan Eggum 58 3
I «Svart fortid» Inger Lise Rypdal Ketil Bjørnstad 57 5
J «Sámiid ædnan» Sverre Kjelsberg og Mattis Hætta Sverre Kjelsberg og Ragnar Olsen 66 1

Avstemming[endre | endre wikiteksten]

Juryen bestod av ni fagfolk som sat i Studio 4. Kvar jurymedlem rangerte dei ti låtane frå 1 til 10 poeng. Til slutt stod to bidrag att på topp med 61 poeng, dermed måtte dei ni dommarane røyste på nytt ved å gi ei røyst til den av dei to dei likte best.[1]

Nr. Tittel Ulf Dalheim Kari Diesen d.y. Ivar Dyrhaug Eli Hennestad Høyland Rune Larsen Lillebjørn Nilsen Kari Stokke Magni Wentzel Kjell Winther Totalt
A «Stjerneskudd» 7 3 4 8 7 5 2 7 5 48
B «Ja» 9 5 3 1 4 1 1 1 7 32
C «Parken» 1 6 10 4 1 2 6 9 4 43
D «Bjørnen sover» 8 10 8 5 9 8 3 2 8 61
E «Maestro» 3 2 2 7 5 3 5 4 1 32
F «Auståvind» 4 4 5 2 8 4 9 6 3 45
G «Univers» 10 1 1 9 6 9 4 8 10 58
H «Rudi» 5 7 6 10 2 6 8 5 9 58
I «Svart fortid» 2 9 7 6 3 7 7 10 6 57
J «Sámiid ædnan» 6 8 9 3 10 10 10 3 2 61
Ny avstemming
Nr. Tittel Ulf Dalheim Kari Diesen d.y. Ivar Dyrhaug Eli Hennestad Høyland Rune Larsen Lillebjørn Nilsen Kari Stokke Magni Wentzel Kjell Winther Totalt
D «Bjørnen sover» 1 1 1 1 4
J «Sámiid ædnan» 1 1 1 1 1 5

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

For første gong inneheldt ein Melodi Grand Prix-vinnar samisk joik. Tittelen er også samisk og tydar «samisk jord», og teksten handlar om samefolkets politiske kamp for større sjølvstyre og sveltestreiken utanfor Stortinget i samband med Altasaken. «Sámiid ædnan» har etter kvart blitt ein av dei mest kjende vinnarmelodiane i Melodi Grand Prix, med eit refreng som dei fleste vaksne nordmenn kan hugse. I 2010 kåra NRK bidraget til den mest minnerike augeblinken i Melodi Grand Prix.[2]

Rett etter den norske finalen hagla plagiatskuldingane mot vinnarmelodien. I eit intervju med VG sa 15-åringen Isak Mattis Triumf at han fekk den same joiken i dåpsgave, men Mattis Hætta nekta for at han hadde stole nokon andre sin joik.[3][4] Skuldingane blei heller ikkje tekne til følgje av NRK, og «Sámiid ædnan» drog til Haag for å representere Noreg.

For første gong på mange år var også pressa positiv etter finalen. VG rosa både programleiaren, sendinga og røystinga, og skreiv at «denne gang hadde man følelsen av å få et tverrsnitt av dagens lette musikkliv i Norge på godt og vondt».[5] Aftenposten meinte rett låt vann og kalla finalen «den beste på flere år.»[6] Den svenske komponisten Stikkan Anderson meinte «Sámiid Ædnan» var den riktige vinnaren og spådde Noreg ein høg plassering i Haag.[7] Også under Eurovision Song Contest 1980 var det stor merksemd omkring det norske bidraget, og internasjonal presse følgde dei norske deltakarane tett.[8] Europas juryar var ikkje like imponerte, «Sámiid Ædnan» blei berre nummer 16 av 19.

I 2006 kåra også NRK finalen i 1980 til den beste nokon gong.[9]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Melodi Grand Prix 1980 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. 22. mars 1980. Besøkt 25. juli 2016.
  2. Riise, Hege Bakken (6. mars 2010). «Topp 10 mest minneverdige MGP-øyeblikk»nrk.no.
  3. Bakkemoen, Kurt (27. mars 1980). «– Joiken er min, sier Isak Mattis Triumf». Verdens Gang. s. 11.
  4. «Hætta: Jeg har ikke plagiert». Verdens Gang. 25. mars 1980. s. 34.
  5. Christensen, Jon (24. mars 1980). «TV i helgen: Bedre enn fryktet». Verdens Gang. s. 41.
  6. Levin, Mona (24. mars 1980). «Melodi Grand Prix: Bestemann vant!». Aftenposten. s. 7.
  7. Talén og Fure, Bjørn og Reidar (24. mars 1980). «Frelsesarmé-stilen vil vekke oppsikt». Verdens Gang. s. 39.
  8. Bakkemoen, Kurt (18. april 1980). «100 journalister sang «Samiid Ædnan»». Verdens Gang. s. 35.
  9. Sivertsen, Eirik (24. november 2006). «– Tidenes norske finale!»NRK.no.