Melodi Grand Prix 1981

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Melodi Grand Prix 1981
Dato
Finale 7. mars 1981
Vertskap
Finale Studio 2, NRK Marienlyst, Oslo
Programleiar Sverre Kjelsberg
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 10
Vinnar
Song «Aldri i livet»
Artist Finn Kalvik
Resultat i Eurovision Song Contest 1981
Finalepoeng 0
Finaleplass 20.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1980 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 1982

Melodi Grand Prix 1981 var den 21. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. NRK inviterte ti komponistar til å sende inn bidrag til finalen 7. mars 1981. Vinnaren blei «Aldri i livet» komponert og framført av Finn Kalvik. Han representerte også Noreg i den internasjonale finalen i Dublin, der songen enda på 20. og siste plass utan poeng. Dette var tredje gong Noreg fekk 0 poeng i tevlinga, og det var Noregs sjette sisteplass.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

Etter suksessen året før, heldt NRK seg til same oppskrift og inviterte ti kjende komponistar til å levere bidrag. Komponistane fekk sjølv velge tekst, arrangør og artist.

Finalen blei igjen halden i Studio 2 på NRK Marienlyst, og denne gong var det vinnaren frå 1980 Sverre Kjelsberg som var programleiar. Dei ti bidraga blei akkompagnerte av Kringkastingsorkestret under leiing av Egil Monn-Iversen.

Også dette året var det ei rekkje kjende namn blant komponistane og artistane, mellom anna Tore Hansen, Terje Rypdal, Halvdan Sivertsen og Tramteatret. Benedicte Adrian og Ingrid Bjørnov debuterte også i Melodi Grand Prix med låten «1984». Treffande nok skulle dei vinne konkurransen nettopp i 1984.

Kjeldsberg framførte låten «I Dublin, i Dublin» i pausen før avstemminga. Ein jury av ni fagfolk røysta fram «Aldri i livet» som klar vinnar i finalen. Nok ein gong brukte NRK datamaskinen «Petra» til å oppdaterte den digitale poengtavla.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist og tekstforfattar Poeng Plass
A «Rock 'n' roller» Alex Svein Gundersen/ Bjørn Christiansen og Philip Kruse 52 5
B «Lei mæ hjem» Unit Five Tore Hansen 64 2
C «1984» Dollie Benedicte Adrian/ Ingrid Bjørnov og Ole A. Sørli og Corbett 49 6
D «Rock 'n' roll» Berit Nyheim Ivar Gafseth og J. P. Westerlund 19 10
E «Tanker» Inger Lise Rypdal Terje Rypdal og Terje Rypdal/Inger Lise Rypdal 63 3
F «Lorelei» Eigil Berg Eigil Berg 35 9
G «Liv laga» Halvdan Sivertsen Halvdan Sivertsen 39 7
H «Født på ny» Darlings Fred Nøddelund og Sidsel Endresen 36 8
I «Det er vår tur nå» Tramteatret Arne Garvang og Liv Aakvik/Terje Nordby 59 4
J «Aldri i livet» Finn Kalvik Finn Kalvik 79 1

Avstemming[endre | endre wikiteksten]

Juryen bestod av ni fagfolk som sat i Studio 4. Kvar jurymedlem rangerte dei ti låtane frå 1 til 10 poeng. Bjørn Jacobsen var juryformann.[1]

Nr. Tittel Åsmund Feidje Turid Pedersen Halvard Kausland Bjørn Kruse Ellen Nikolaysen Sigurd Jansen Kari Svendsen Anita Skorgan Bjørn Jacobsen Totalt
A «Rock 'n' roller» 4 3 5 7 9 5 4 7 8 52
B «Lei mæ hjem» 8 9 2 8 10 6 9 9 3 64
C «1984» 3 5 8 3 3 4 6 8 9 49
D «Rock 'n' roll» 5 1 4 2 1 1 1 2 2 19
E «Tanker» 7 6 10 10 8 7 7 3 5 63
F «Lorelei» 1 2 3 1 6 2 8 6 6 35
G «Liv laga» 6 8 1 6 5 3 2 4 4 39
H «Født på ny» 2 4 9 5 2 9 3 1 1 36
I «Det er vår tur nå» 10 7 7 4 4 10 5 5 7 59
J «Aldri i livet» 9 10 6 9 7 8 10 10 10 79

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Det var ei stund uvisst om det i det heile tatt ville bli nokon Melodi Grand Prix-finale dette året. Grunnen var usemje mellom NRK og Norsk Musikerforbund, men partane blei samde innan finalen.[2]

Pressa var skeptisk etter finalen, og Aftenposten meinte vinnermelodien ikkje var iøyrefallande nok til å hevde seg internasjonalt.[3] VG var ikkje mer positiv og slakta sendinga og kalla vinnarlåten «liketil».[4][5] VG spurde òg Melodi Grand Prix-nestor Øivind Bergh om nokre av forventingane hans til Melodi Grand Prix hadde blitt innfridde etter at Noreg debuterte i 1960: «Til en viss grad, en liten grad. Men skal jeg være helt ærlig, så har vel ikke Grand Prix innfridd noe som helst.» svarte Bergh.[6]

I den internasjonale finalen kom «Aldri i livet» på sisteplass og enda med null poeng. Dette var andre gong på fire år at Noreg fekk 0 poeng i Eurovision Song Contest. I Storbritannia spekulerte dei no på om Noreg med vilje gekk inn for å få null poeng.[7]

Likevel blei «Aldri i livet» ein hit i Noreg, og songen låg på VG-lista i sju veker med ein tredjeplass som beste plassering.[8] Songen blei også brukt i Tines Norvegia-reklame Rømme hjemmefra i 2006.[9]

Det var fjerde året på rad at den siste melodien ut i finalen blei vinnaren.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Melodi Grand Prix 1981 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. 7. mars 1981. Besøkt 25. juli 2016.
  2. «Uvisst om det blir norsk Grand Prix». Aftenposten. 26. februar 1981. s. 4.
  3. Dalland, Sverre (9. mars 1981). «God underholdning, slette melodier». Aftenposten. s. 10.
  4. «TV i helgen: Kalviks Waterloo». Verdens Gang. 9. mars 1981. s. 43.
  5. Bækkelund, Kjell (9. mars 1981). «Fornyelse? – Aldri i livet!». Verdens Gang. s. 36.
  6. Sande, Maggie (7. mars 1981). «– Hvorfor vinner vi aldri, Øivind Bergh?». Verdens Gang. s. 26.
  7. Hjort-Larsen, Arvid (7. april 1981). «BBC spør: Norge null-spekulanter?». Verdens Gang. s. 35.
  8. «VG-lista for «Aldri i livet»». VG. Besøkt 25. juli 2016.
  9. «Norvegia – Rømme hjemmefra». YouTube. Besøkt 25. juli 2016.