Melodi Grand Prix 1983

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Melodi Grand Prix 1983
Dato
Finale 26. februar 1983
Vertskap
Finale Studio 1, NRK Marienlyst, Oslo
Programleiar Ivar Dyrhaug
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 10
Vinnar
Song «Do re mi»
Artist Jahn Teigen
Resultat i Eurovision Song Contest 1983
Finalepoeng 53
Finaleplass 9.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1982 Melodi Grand Prix 1984

Melodi Grand Prix 1983 var den 23. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Ti finalistar kjempa i finalen 26. februar 1983. Vinnarlåten blei «Do re mi», framført av Jahn Teigen. Han hadde også laga melodien saman med Anita Skorgan, og teksten saman med Herodes Falsk. Teigen representerte Noreg i den internasjonale finalen i München, der «Do re mi» enda på ein delt 9. plass med 53 poeng. Dette var Noregs beste plassering på ti år.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

Finalen var tilbake i Studio 1 i NRK Marienlyst med Ivar Dyrhaug som programleiar. Ti bidrag deltok i finalen laurdag 26. februar. Fem av bidraga var spesialinviterte, og dei fem siste blei plukka ut blant 480 innsendte songar av ein jury beståande av Svein Dag Hauge, Iver Kleive, Bjørn Kruse, Ellen Nikolaysen og Jens Wendelboe. Kringkastingsorkestret under leiing av Egil Monn-Iversen akkompagnerte dei ti finalelåtane.

Før finalen fekk Jahn Teigen og Herodes Falsks «Do re mi» mest merksemd. Jahn Teigen hadde fått Wenche Myhre til å syngje songen, etter at ho hadde vore borte frå Melodi Grand Prix i 17 år. Men Wenche Myhre og sonen Dan skulle òg vere med i den tyske finalen, og dei tyske reglane tillét ikkje deltaking i fleire land. Jahn Teigen tok dermed sjølv rolla som vokalist, med Myhre som korist.[1]

Elles i finalen deltok den tidlegare barnestjerna Anita Hegerland, i tillegg til Olav Stedje, Inger Lise Rypdal og Grethe Kausland med Dizzie Tunes.

Avstemminga utvikla seg til ein hard kamp mellom Ketil Stokkan og Jahn Teigen, og Teigen vann til slutt.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist og tekstforfattar Poeng Plass
A «Samme charmeur» Ketil Stokkan Ketil Stokkan 107 2
B «Nå er jeg alene» Anita Hegerland George Keller og Philip A. Kruse 57 7
C «Music» Elisabeth Berg Håkon Graf og Elisabeth Berg 20 10
D «Du ber meg om evighet» Nissa Nyberget Nissa Nyberget og Harry Halz 70 5
E «Lengsel» Cathy Ryen Pete Knutsen og Marianne Mørk 59 6
F «Melodi» Olav Stedje Rolf Graf og Kirsti Loftesnes/Jan Rolv Loftesnes 83 4
G «Do re mi» Jahn Teigen Jahn Teigen/Anita Skorgan og Herodes Falsk/Teigen 120 1
H «Elegi» Inger Lise Rypdal og Freddy Dahl Jon Eberson og Sidsel Endresen 37 9
I «Det fineste jeg vet» Susanne Fuhr Mette Hurlen 45 8
J «Gjennom ild og vann» Dizzie Tunes og Grethe Kausland Einar Idland og Benny Borg 98 3

Avstemming[endre | endre wikiteksten]

NRK brukte ei juryordning etter same mønster som i den internasjonale finalen. Tolv jurygrupper sat på ulike stader i landet og gav røystene sine. Kvar jury hadde elleve medlemmar med ulik alder, kjøn og yrkesbakgrunn. Kvar jury gav 1–8, 10 og 12 poeng til dei ti finalistane.[2]

Nr. Tittel 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 12. Totalt
A «Samme charmeur» 10 8 6 5 8 10 12 8 12 6 10 12 107
B «Nå er jeg alene» 6 3 7 1 3 5 4 6 8 5 4 5 57
C «Music» 1 1 1 7 1 1 1 1 1 2 1 2 20
D «Du ber meg om evighet» 3 10 8 4 5 6 7 5 4 4 6 8 70
E «Lengsel» 5 5 4 3 7 4 5 4 5 10 3 4 59
F «Melodi» 8 12 5 2 4 8 10 7 6 7 7 7 83
G «Do re mi» 12 6 12 8 6 12 8 12 10 12 12 10 120
H «Elegi» 2 4 2 12 2 2 3 2 2 1 2 3 37
I «Det fineste jeg vet» 4 2 3 6 10 3 2 3 3 3 5 1 45
J «Gjennom ild og vann» 7 7 10 10 12 7 6 10 7 8 8 6 98

Dette var juryane: 1. Sameradioen (Karasjok), 2. Østlandssendingen (Oslo), 3. Rogaland (Stavanger), 4. Trøndelag (Trondheim), 5. Hedmark (Elverum), 6. Finnmark (Vadsø), 7. Hordaland (Bergen), 8. Telemark (Porsgrunn), 9. Troms (Tromsø), 10. Sørlandet (Kristiansand), 11. Møre og Romsdal (Ålesund), 12. Nordland (Bodø).

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Pressa og sjåarane var i stor grad samde om at rett låt vann. Aftenposten kalla sigeren «fortent», og vinnarlåten blei liggjande på VG-lista i heile åtte veker.[3][4] I den internasjonale finalen hamna også Noreg i øvre halvdel av resultatlista – for første gong sidan 1973.

Trua på det norske bidraget viste seg òg i sjåartala for den internasjonale finalen i München. 92 prosent av alle nordmenn over 15 år såg finalen, ifølgje ei ScanFact-undersøking gjort for VG. Dette var det mest sette programmet på norsk fjernsyn i 1983.[5] Talet kan ikkje direkte samanliknast med tv-meter-målingane i dag, som gir eit langt meir presist bilde av nordmenns tv-sjåing.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Marcussen, Tor (10. februar 1983). «Grand Prix-striden løst: Wenche i koret». Aftenposten. s. 56.
  2. «Melodi Grand Prix 1983 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. 26. februar 1983. Vitja 26. juli 2016.
  3. «VG-lista for 'Do re mi'». VG. Vitja 25. juli 2016.
  4. Marcussen, Tor (28. februar 1983). «Fortjent førsteplass». Aftenposten. s. 48.
  5. Berby, Tom (2. januar 1984). «Tigre på topp». Verdens Gang. s. 41.