Melodi Grand Prix 1984

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Melodi Grand Prix 1984
Dato
Finale 7. april 1984
Vertskap
Finale Chateau Neuf, Oslo
Programleiar Sissel Keyn Lodding
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 10
Vinnar
Song «Lenge leve livet»
Artist Dollie De Luxe
Resultat i Eurovision Song Contest 1984
Finalepoeng 29
Finaleplass 17.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1983 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 1985

Melodi Grand Prix 1984 var den 24. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Ti finalistar kjempa i finalen 7. april 1984 som blei arrangert i Chateau Neuf i Oslo. Vinnarlåten blei «Lenge leve livet», komponert og framført av Dollie De Luxe. Duoen representerte Noreg i den internasjonale finalen i Luxembourg, der enda «Lenge leve livet» på 17. plass med 29 poeng.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

For første gong på elleve år flytta NRK sendinga ut av NRK Marienlyst og tilbake til Chateau Neuf, der finalen òg blei arrangert i 1973. Programleiar var frilansjournalist Sissel Keyn Lodding, mens Kringkastingsorkestret med 56 musikarar akkompagnerte låtane under leiing av Egil Monn-Iversen. Dette var siste gong på 31 år at Kringkastingsorkestret spelte i Melodi Grand Prix. Per Øystein Sørensen, Kari Gjærum, Hege Schøyen og Håkon Iversen kora under songane.

Til saman kom det inn 950 melodiar til den opne konkurransen. Ein jury beståande av songarane Susanne Fuhr, Henning Sommerro og plateprodusent Eirik Wangberg, plukka ut fem av dei til finalen laurdag 7. april. I tillegg inviterte NRK fem komponistar til å fylle dei fem siste finaleplassane.

Det var 1200 publikummarar til stades i Chateau Neuf, og dei fem juryane sat også i salen. Avstemminga blei eit tett laup mellom fleire av songane, men til slutt vann Dollie De Luxe ein knapp siger med «Lenge leve livet». Då Benedicte Adrian blei intervjua etter avstemminga, sa ho: «Eg må berre helse heim til mor og far og seie at eg vann, sjølv om eg hadde filler i håret og alt saman!»[1]

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Poeng Plass
A «Strand Hotel» Beate Jacobsen Lage Fosheim og Eivind Rølles Lars Kilevold 43 2
B «Dine øyne» Ina Tangerud Nick Borgen Eva Jansen 15 8
C «Lenge siden nå» Ove Thue Bjørn Aslaksen Henrik Jacobsen 11 10
D «Vindar» Inger Lise Rypdal Terje Rypdal Sidsel Endresen 42 3
E «Lenge leve livet» Dollie De Luxe Benedicte Adrian og Ingrid Bjørnov 45 1
F «Opus» Ellen Nikolaysen Kristian Lindeman Terje Formoe 25 6
G «Ditt smil» Hilde Heltberg Anne Grete Preus 17 7
H «La musikken leve» Nick Borgen Nick Borgen Eva Jansen 35 5
I «Jeanne d'Arc» Cathy Ryen Alf Emil Eik Gregers Lundh 15 8
J «A-oa-oa-oa» Silhouette George Keller Philip A. Kruse 42 3

Avstemming[endre | endre wikiteksten]

Dette året var det planlagt at dei vanlege distriktsjuryane skulle røyste, ei ordning som blei avlyst på grunn av streik. I staden sette NRK saman ein jury på 35 medlemmar som blei delte inn i fem aldersgrupper. Jurymedlemmene hadde ikkje nokre band til det profesjonelle musikklivet, NRK eller deltakarane. Den spesielle ordninga vekte humring og latter i salen då programleiar Lodding forklarte ho.[1]

Kvar medlem gav kvar song frå 1 til 5 poeng, og songen som fekk flest poeng i ei jurygruppe, blei tildelt 12 poeng. Andreplassen fekk 10 poeng, tredjeplassen fekk 8, og deretter vidare frå 7 til 1 poeng.

Nr. Tittel Under 20 20–30 30–40 40–50 Over 50 Totalt
A «Strand Hotel» 6 12 10 8 7 43
B «Dine øyne» 4 2 3 3 3 15
C «Lenge siden nå» 1 1 1 4 4 11
D «Vindar» 10 10 12 5 5 42
E «Lenge leve livet» 12 7 8 10 8 45
F «Opus» 2 5 6 6 6 25
G «Ditt smil» 8 3 2 2 2 17
H «La musikken leve» 5 8 5 7 10 35
I «Jeanne d'Arc» 3 6 4 1 1 15
J «A-oa-oa-oa» 7 4 7 12 12 42

Først gjekk leiinga til Dollie De Luxe, etter den andre juryen tok Inger Lise Rypdal leiinga, og held den ut til fjerde jury. Etter dette låg dei begge likt, med Beate Jacobsen rett bak. Silhouette halte sterkt innpå etter å ha fått full pott frå den fjerde juryen. Men trass for at Silhouette også var den femte juryen sitt førsteval, vann til slutt Dollie De Luxe berre 2 poeng føre «Strand Hotel» og 3 poeng føre «Vindar» og «A-oa-oa-oa».

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Før finalen blei det bråk då NRK nekta høggravide Linda Hetlevik å syngje «Jeanne d'Arc». Hetlevik var innstilt på å syngje og blei skuffa over NRK si avgjerd. «Jeg er tross alt ikke gravid i munnen, og stemmen er det derfor ikke noe galt med.» sa ho til VG.[2] Jurydommar Eirik Wangberg kalla avgjerda for ein «skandale» og bad NRK om å ombestemme seg. NRK stod på sitt, og det blei dermed Cathy Ryen som fekk framføre bidraget.[3]

Fleire fagfolk meinte rett song vann, mellom anna svenske Herreys, som var til stades i salen. VGs kritikar meinte derimot at Noreg ikkje kunne vente seg nokon topplassering i Luxembourg.[4] Aftenpostens kritikar var samd og meinte Silhouette hadde det beste showet: «De gjorde seg best på TV-skjermen. Friskt, svingende, charmerende.»[5]

Folket var samde med Aftenpostens skribent. Etter sendinga gjorde ScanFact ei meiningsmåling for VG, og heile 47 prosent av de spurde meinte at Silhouette og «A-oa-oa-oa» skulle ha vunne. 17 prosent hadde «Lenge leve livet» som favoritt.[6] Etter finalen drog Dollie De Luxe-jentene rett på fest til manageren Ole Sørli, som dermed kuppa den offisielle festen arrangert av Se og Hør.

Komikaren Linn Skåber song eit utdrag frå «A-oa-oa-oa» i humorserien Hjerte til hjerte på NRK i 2007.

I etterkant av finalen gjekk programleiar Sissel Keyn Lodding ut i Journalisten og kritiserte NRK for «hårreisende opptaksprøver» og «stort forventningspress». Ho karakteriserte også løna på 5000 kroner som «luselønn». NRK sjølv var skuffa over kritikken frå Lodding og meinte honoraret stod i høve til jobben.[7]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Melodi Grand Prix 1984 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. 7. april 1984. Besøkt 29. juli 2016.
  2. Engen, Knut (25. februar 1984). «Gravid nektet i Grand Prix». Verdens Gang. s. 9.
  3. Bakkemoen, Kurt (3. mars 1984). «'Skandale å nekte Linda'». Verdens Gang. s. 50.
  4. Bakkemoen, Kurt (9. april 1984). «Rett melodi vant». Verdens Gang. s. 34.
  5. Marcussen, Tor (9. april 1984). «Med filler i håret». Aftenposten. s. 52.
  6. Bakkemoen, Kurt (9. april 1984). «A-oa-oa-oa vi seiret». Verdens Gang. s. 36 og 37.
  7. Ovind, Jan (27. oktober 1984). «Sissel går løs på NRK». Verdens Gang. s. 56.