Melodi Grand Prix 1986

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Melodi Grand Prix 1986
Ketil Stokkan.jpg
Dato
Finale 22. mars 1986
Vertskap
Finale Stavanger Forum, Stavanger
Programleiar Jarl Goli
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 10
Vinnar
Song «Romeo»
Artist Ketil Stokkan
Resultat i Eurovision Song Contest 1986
Finalepoeng 44
Finaleplass 12.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1985 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 1987

Melodi Grand Prix 1986 var den 26. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Ti finalistar kjempa i finalen 22. mars 1986 i Stavanger Forum i Stavanger. Vinnarlåten blei «Romeo», skriven og framført av Ketil Stokkan. Han representerte Noreg på heimebane i den internasjonale finalen i Bergen, der «Romeo» kom på 12. plass med 44 poeng.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

For første gong blei tevlinga flytta ut av Oslo. Valet fall på Stavanger, byen som hadde tapt for Bergen i kampen om å få huse den internasjonale finalen same år. NRK la ned store ressursar i finalen og lova at han skulle setje «tidlegare finalar i skuggen».[1] Finalen blei arrangert føre 4000 tilskodarar i Stavanger Forum laurdag 22. mars. Jarl Goli var programleiar.

Ti songar deltok, og fem av dei var plukka ut blant 750 innsendte bidrag i NRKs opne konkurranse.[2] Dei fem siste var invitert av NRK. Utvalsjuryen bestod av Ellen Nikolaysen, Fred Nøddelund og Jens Wendelboe. Finalistane blei akkompagnerte av eit 15-mannsorkester under leiing av Fred Nøddelund. Koret bestod av Kari Gjærum, Frank Ådahl, Sigvart Dagsland og Kari Iveland.

Anita Skorgan og Jahn Teigen stod for pauseinnslaget, der dei framførte eit utdrag av rockeoperaen «Boheme 86».

Sju juryar røysta på dei ti songane, og det blei raskt ein dragkamp mellom førehandsfavorittane «Inkululeko» og «Romeo». Til slutt vann «Romeo» komfortabelt og blei Noregs bidrag i Eurovision Song Contest på heimebane.[3]

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Poeng Plass
A «Hollywood» Susanne Fuhr Dag Arnesen Arne Lindtner Næss 27 8
B «Romeo» Ketil Stokkan Ketil Stokkan 70 1
C «Ny tid» Creation Per Kristian Indrehus og Geir Olav Bøkestad 42 5
D «Stille før stormen» Frank Aleksandersen Frank Aleksandersen 30 7
E «Tilbake» Anne-Marie Giørtz Kristian Lindeman Jan Eggum 12 10
F «Inkululeko» Jørn Hoel David Chocron 59 2
G «Rock 'n' Roll Band» Claudia Scott og band Claudia Scott, Torstein Flakne og Casino Steel     38 6
H «Fri» Alex og band Alex, Atle Bakken og Cato Kyvik 26 9
I «Jeg vet hva jeg vil» Mia Gundersen Per Røise 45 4
J «Boulevard» Nina Askeland Svein Dag Hauge Jan Eggum 47 3

Røysting[endre | endre wikiteksten]

Sju 11-mannsjuryar kåra vinnaren: 4 distriktsjuryar, ein pressejury, ein jury frå oljeplattformen Statfjord-A og ein jury med elleve tilfeldig utvalde tilskodarar i Stavanger Forum. Kvar jury gav 1–8, 10 og 12 poeng, og Ivar Dyrhaug var overdommar for røystinga.

Nr. Tittel 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. Totalt
A «Hollywood» 6 3 1 5 3 4 5 27
B «Romeo» 8 12 10 12 6 12 10 70
C «Ny tid» 7 8 7 2 4 8 6 42
D «Stille før stormen» 2 4 4 8 8 2 2 30
E «Tilbake» 3 6 3 3 2 1 4 22
F «Inkululeko» 10 7 12 6 5 7 12 59
G «Rock 'n' Roll Band» 1 1 8 10 7 10 1 38
H «Fri» 12 2 2 1 1 5 3 26
I «Jeg vet hva jeg vil» 4 5 5 7 10 6 8 45
J «Boulevard» 5 10 6 4 12 3 7 47

Dette var juryane: 1. Oslo, 2. Lillehammer, 3. Pressejury, 4. Trondheim, 5. Statfjord-A, 6. Vadsø, 7. Publikumsjury i Stavanger.

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Anita Skorgan og Jahn Teigen stod for pausenummeret i den norske finalen.

På førehand var Jørn Hoel og Ketil Stokkan favorittane til å vinne, med bysbarn Mia Gundersen, Alex og Creation som andre potensielle vinnarar.[4] Creation brukte også fyrverkeri på scenen, noko som var første gong i Melodi Grand Prix-samanheng, også Frank Aleksandersen brukte fyrverkeri. Fleire av artistane brukte også røyk på scenen, også det for første gong i Melodi Grand Prix.

Ketil Stokkan hadde med seg Jonny Nymoen og Olav Klingen frå Great Garlic Girls på scenen. Det var første gong dragartistar deltok i Melodi Grand Prix.

Fleire medium roste også NRK for den storslagne sendinga frå Stavanger.[5][6][7] Alex var skuffa over at «Fri» kom nest sist og meinte juryane hadde røysta partisk og diskriminert henne fordi ho var polsk.[8] Dagen etter finalen flaug VG vinnarane til Bergen for at dei skulle få ta Grieghallen i nærare augesyn. Fotograferinga tok så lang tid at Great Garlic Girls mista flyet til København og dermed måtte avlyse eit show der.[9]

Vinnarmelodien blei ingen stor salssuksess. «Romeo» låg fire veker på VG-lista med femteplass som beste notering.[10] Albumet Romeo selde berre 7500 eksemplar, og plateselskapet Slagerfabrikken tapte rundt 750 000 kroner. Selskapet sin leiar, Audun Tylden, innrømde at dei hadde vore for optimistiske: «Vi trodde vi skulle få mer igjen efter alle pengene og all innsatsen vi la ned i Bergen. Det har aldri skjedd at en norsk Grand Prix-artist har solgt så dårlig.» sa Tylden.[11]

Derimot fekk sølvvinnaren, Jørn Hoel, sitt nasjonale gjennombrot med «Inkululeko». Året etter gav han ut plata Varme ut av is, og han blei Årets spellemann under Spellemannprisen 1987.[12]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. NTB Tekst (20. februar 1986). «Finalister og melodier utpekt i Stavanger». Norsk Telegrambyrå.
  2. Vislie, Elisabeth (21. januar 1986). «750 melodier inn til Grand Prix». Aftenposten. s. 64.
  3. «Melodi Grand Prix 1986 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. 22. mars 1986. Besøkt 31. juli 2016.
  4. Bakkemoen, Kurt (22. mars 1986). «Favorittene». Verdens Gang. s. 53.
  5. Lie, Wibecke (23. mars 1986). «Seier til Romeo – en typisk Grand Prix-låt». Norsk Telegrambyrå.
  6. «Topp TV-sending». Verdens Gang. 24. mars 1986. s. 20.
  7. Dahr, Eva Braathen (24. mars 1986). «Hele familien fikk en gøyal TV-kveld». Aftenposten. s. 5.
  8. «Skuffet Alex». Verdens Gang. 24. mars 1986. s. 21.
  9. «SAS ventet ikke». Verdens Gang. 24. mars 1986. s. 20, 24–25.
  10. «VG-lista for 'Romeo'». Verdens Gang. Besøkt 31. juli 1987.
  11. Marcussen og Ekern, Tor og Yngve (28. februar 1987). «Grand Prix: Ingen garanti for kometkarriere». Aftenposten. s. 25.
  12. Haave, Harald (17. januar 1988). «Jørn Hoel – en verdig spellemann». Norsk Telegrambyrå.