Melodi Grand Prix 1994

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Melodi Grand Prix 1994
Dato
Finale 26. mars 1994
Vertskap
Finale Oslo Spektrum, Oslo.
Programleiar Tande-P.
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 10
Vinnar
Song «Duett»
Artist Elisabeth Andreassen og Jan Werner Danielsen
Resultat i Eurovision Song Contest 1994
Finalepoeng 76
Finaleplass 6.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1993 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 1995

Melodi Grand Prix 1994 var den 33. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Ti finalistar kjempa i finalen 26. mars 1994 som blei arrangert i Oslo Spektrum i Oslo. Vinnarlåten blei «Duett», framført av Elisabeth Andreassen og Jan Werner Danielsen. Songen er komponert av Rolf Løvland med tekst av Hans Olav Mørk. Andreasson og Danielsen representerte Noreg i den internasjonale finalen i Dublin, der «Duett» kom på 6. plass med 76 poeng.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

NRK flytta finalen attende til Oslo Spektrum laurdag 26. mars. Finalen bar tydeleg preg av at Noreg hadde arrangert vinter-OLLillehammer ein månad tidlegare. Publikum blei oppmoda om å kle seg i turklede og ha med flagg og kubjøller. Opninga var nærast ein kopi av opningsseremonien på Lillehammer. Mattis Hætta starta med å joike «Sámiid Ædnan», akkompagnert av bunadskledde dansarar og felespelarar. Deretter kom programleiar Alf Tande-Petersen køyrande i ei hestevogn, før han entra scenen og erklærte dei «grandprixe leker for opna». Fleire tusen av dei 7000 billettane var ikkje selde, og delar av salen stod tom under sendinga.[1]

Litt under 300 bidrag kom inn i den opne konkurransen, og ein jury plukka ut ti av dei til finalen. Songane blei akkompagnerte av eit 11-mannsorkester under leiing av Pete Knutsen.[2]

Blant artistane var veteranane Jahn Teigen, Tor Endresen og Elisabeth Andreassen. Hilde Lyrån stilte i gruppa Madam Medusa. Elles var dei fleste artistane ukjende for folk flest, med unntak av Jan Werner Danielsen som hadde vunne Talentiaden nokre veker før.

Sju juryar kåra vinnaren: Seks distriktsjuryar, og ein folkejury som hadde røysta på førehand via Norsk Tipping sitt datasystem. Dette var første gong NRK kalla opp juryane via satellitt, slik at dei som las opp poenga kunne sjåast på skjermen. Storfavoritten «Duett» med Elisabeth Andreassen og Jan Werner Danielsen vann til slutt klart og representerte Noreg i den internasjonale finalen.[3]

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Poeng Plass
A «Tunge dråper» Karoline Gregersen Bottolf Lødemel og Stig Olav Gjendem Hans Henrik Sørensen 187 7
B «Casanova» Madam Medusa Per Berge Johannessen Eva Jansen og Cathrine Borkenhagen 287 4
C «Gi alt vi har» Jahn Teigen Geir Rønning 275 5
D «Mor» Elin Furubotn Lina Holt 49 10
E «Ensom natt» After Eight Per Fredrik Kjølner Astor Andersen 200 6
F «Aladdin» Tor Endresen Tor Endresen 435 2
G «Slør» Yellow Pages Giert Clausen og Hallgrim Bratberg Giert Clausen 124 9
H «Gi meg et tegn» Laila Nordhaug og Morten Eriksen Are Selheim Øyvind Boska 323 3
I «Uimotståelig» SubDiva Svein Edvardsen Dag Øistein Endsjø 134 8
J «Duett» Elisabeth Andreassen og Jan Werner Danielsen Rolf Løvland Hans Olav Mørk 576 1

Røysting[endre | endre wikiteksten]

Seks distriktsjuryar med hundre medlemmar i kvar, røysta på bidraga via mentometerknappar. Juryane sat i Tromsø, Kristiansand, påskefjellet (Storefjell høyfjellshotell), Bergen, Trondheim og Oslo Spektrum. I tillegg var det ein sjuande jury med førehandsrøyster registrert via Norsk Tipping sine datasystem. 19 402 røyster kom inn til «tippejuryen», og desse poenga blei rangerte etter prosentvis oppslutning. Knut Bjørnsen var overdommar for røystinga.

Nr. Tittel Tromsø Kristiansand Påskefjellet Bergen Trondheim Oslo Spektrum Tippejury Totalt
A «Tunge dråper» 23 5 35 59 33 31 1 187
B «Casanova» 40 59 54 53 42 36 3 287
C «Gi alt vi har» 32 53 40 34 34 78 4 275
D «Mor» 9 9 10 7 4 9 1 49
E «Ensom natt» 42 32 21 27 35 40 3 200
F «Aladdin» 70 75 76 76 45 86 7 435
G «Slør» 30 13 22 34 6 18 1 124
H «Gi meg et tegn» 46 75 69 34 43 54 2 323
I «Uimotståelig» 30 9 14 47 11 22 1 134
J «Duett» 77 92 93 76 81 80 77 576

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

For første gong sidan 1965 fekk heile befolkninga moglegheit til å påverke resultatet – ved å røyste via Norsk Tipping. Alle finalelåtane blei synte på fjernsyn 19., 20. og 21. mars, og på nytt 22. og 23. mars. Deretter fekk sjåarane moglegheit til å røyste gratis ved å gå til tippekommisjonæren sin og røyste via Norsk Tipping sitt datasystem. 19 402 røyster blei levert innan fristen torsdag 24. mars, og resultatet talde som ein av sju regionale juryar. Den norske finalen blei sett av 1 500 000 sjåarar.[4]

Norsk Tipping sponsa den norske finalen, men NRK ville ikkje opplyse kor mykje selskapet bidrog med. «Sånn ser fremtiden i NRK ut.» sa kultursjef Stein Roger Bull til VG.[5] TV 2 protesterte mot at reklamefrie NRK brukte sponsormiddel, men Kulturdepartementet gav grønt lys for løysinga.[6]

For første gong var ein medlem av Den Norske Grand Prix-klubben med som medvokalist og tekstforfattar. Dag Øistein Endsjø var ein del av gruppa SubDiva som framførte «Uimotståelig». Låten blei sendt inn til Melodi Grand Prix 1993, men blei då refusert av NRK.[7]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Melodi Grand Prix 1994 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. 26. mars 1994. Besøkt 2. august 2016.
  2. NTB Tekst (7. mars 1994). «Folkefesten Grand Prix». Norsk Telegrambyrå.
  3. Hansen og Nodland, Bård Espen og Erik (23. mars 1994). «Bettan vinner Grand Prix, tror VG-leserne». Verdens Gang. s. 40–41.
  4. «Børsen: 15 mest sett». Verdens Gang. 29. mars 1994. s. 51.
  5. Hansen, Bård E. (8. mars 1994). «Olympisk Grand Prix». Verdens Gang. s. 44.
  6. Hansen og Nodland, Bård Espen og Erik (10. mars 1994). «OK, NRK». Verdens Gang. s. 41.
  7. Dag Øistein Endsjø. «Ui-ui-ui-ui-ui-Uimotståelig! The irresistible opportunity» i OGAE News nr. 44, 2004.