Melodi Grand Prix 1997

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Melodi Grand Prix 1997
Dato
Finale 8. februar 1997
Vertskap
Finale Studio 2, NRK Marienlyst, Oslo
Programleiar Tande-P.
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 8
Vinnar
Song «San Francisco»
Artist Tor Endresen
Resultat i Eurovision Song Contest 1997
Finalepoeng 0
Finaleplass 24.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1996 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 1998

Melodi Grand Prix 1997 var den 36. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Åtte finalistar kjempa i finalen 8. februar 1997 som blei arrangert på NRK Marienlyst i Oslo. Vinnarlåten blei «San Francisco», framført av Tor Endresen og skriven av Endresen saman med Arne Myksvoll. Tor Endresen representerte også Noreg i den internasjonale finalen i Dublin, der «San Francisco» kom på delt 24. og siste plass med 0 poeng. Dette var fjerde gong Noreg stod utan poeng, og det var Noregs åttande sisteplass i Eurovision Song Contest.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

Som året før blei finalen halden i Studio 2 på Marienlyst laurdag 8. februar. 350 songar kom inn i NRKs opne konkurranse, og ein hemmeleg tremannsjury plukka ut åtte av dei til finalen.[1][2]

Den norske finalen var prega av ein del krøll både før og under sending. Opphavleg skulle Ivar Dyrhaug vere programleiar, men han måtte trekkje seg kort tid før finalen på grunn av influensa. I staden overtok Tande-P., men han blei også sjuk rett før finalen og måtte leie programmet nærast utan røyst og i feberrus.[3] Det var også fleire tekniske feil under sendinga, og Penthouse Playboys måtte framføre songen sin på nytt då straumen plutseleg gjekk midt under framføringa til gruppa. Også under telefonrøystinga blei det problem, og hovuddelen av sjåarane fekk ikkje røysta.[4]

Blant artistane var det berre Tor Endresen, Penthouse Playboys og Geir Rønning som var kjende for folk flest, elles var dei fleste deltakarane relativt ukjende artistar. Vinnaren blei kåra av ein musikarjury som hadde 40 prosent av røystene, og ein telefonrøysting som talde 60 prosent. Dette var første gong NRK arrangerte ei telefonrøysting under sjølve Melodi Grand Prix-sendinga. Eit lite orkester under leiing av Geir Langslet akkompagnerte låtane.

Førehandsfavoritten Tor Endresen deltok for åttande gong og vann til slutt klart med «San Francisco». Han representerte derfor Noreg i den internasjonale finalen i Dublin 3. mai.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Prosent Plass
1 «Min egen superstar» Marianne Elstad Olsen Marianne Elstad Olsen og Henning Hoel Eriksen Fredrik Friis 11,3 % 5
2 «So ro lille tull» Kim Angela Lewis Torstein Bieler og Chris Påhlman Nora Skaug 14,7 % 3
3 «Consensus» Guro Håvik Gunnar Lorentzen 10,6 % 6
4 «Om du elsket meg» Penthouse Playboys Kjetil Rolness og Jørn Mortensen Kjetil Rolness 12,6 % 4
5 «Venter på deg» Geir Rønning Are Selheim 7,0 % 7
6 «Rolig» Beate Olsen Beate Olsen 2,9 % 8
7 «San Francisco» Tor Endresen Tor Endresen og Arne Myksvoll Tor Endresen 23,0 % 1
8 «Lys» Manjari Rune Lindstrøm 18,0 % 2

Røysting[endre | endre wikiteksten]

Ein ekspertjury med seks artistar avgjorde 40 prosent av resultatet. Dei siste 60 prosentane blei avgjort av sjåarane gjennom telefonrøysting. I juryen sat H.C. Andersen, Elisabeth Andreassen, Kari Gjærum, Ole Evenrud, Leif Erik Forberg og Frode Viken. Drygt 70 000 røyster blei registrert i telefonrøystinga. Røystene ble lagde saman, og resultatet blei avgjort ved voksande søyler som synte prosentvis fordeling mellom songane.

Nr. Tittel Prosent
1 «Min egen superstar» 11,3 %
2 «So ro lille tull» 14,7 %
3 «Consensus» 10,6 %
4 «Om du elsket meg» 12,6 %
5 «Venter på deg» 7,0 %
6 «Rolig» 2,9 %
7 «San Francisco» 23,0 %
8 «Lys» 18,0 %

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

På førehand var det Penthouse Playboys som fekk mest merksemd. Gruppas frontfigur Kjetil Rolness, alias Jens Pikenes, proklamerte humoristisk at det viktigaste ikkje var å vinne, men å ta seg godt ut. Dei ville også få Melodi Grand Prix «tilbake til det klassiske konseptet».[5] Trude Trefall, kalla Manjari, vekte også oppsikt do ho fortalde at ho budde i eit Hare Krishna-kloster og stod opp fem om morgonen for å be og meditere. Ho framførte «Lys», skriven av tidlegare DeLillos-trommeslagar Rune Lindstrøm.[6]

Dette var første gong resultatet blei avgjort med direkte telefonrøysting. To år tidlegare kunne sjåarane røyste veka før finalen, men ikkje under sjølve finalesendinga. Medlemmar i Den norske Grand Prix-klubben var skeptiske til at folket skulle få røyste via telefon: «At folk og hvermannsen skal få ringe inn – kanskje i fylla – og kåre vinneren», meinte medlemmane var negativt for tevlinga.[7] Sjåarane fekk røyste i eit kvarter, og truleg prøvde rundt 400 000 å ringje inn. Litt over 70 000 av dei kom gjennom, sidan Telenor Links system ikkje kunne handsame meir trafikk. Ein telefonsentral i Oslo braut saman, og telefonnettet i ei rekkje store norske byar blei kraftig overbelasta. Både NRK og Telenor orsaka at fleire ikkje fekk røysta, men garanterte at riktig vinnar var kåra.[4]

Dette året var røystinga unnagjort på rekordtid. Røystene frå juryen og folket ble lagde saman, og voksande søyler synte prosentvis fordeling mellom bidraga. NRK brukte ordninga for å spare pengar, men dette skapte misnøye hos sjåarane som meinte spenninga var borte. NRK gjorde om på røystinga året etter.[8]

Fleire av jurymedlemmane i fagjuryen var vener av Tor Endresen. Ein av dei, Elisabeth Andreassen, sa til pressa at ho tykte at «Tor fortjente å vinne».[9] Også VG meinte rett låt vann og gav Endresens vinnarlåt terningkast 5.[10] Den norske finalen blei sett av 1 308 000 sjåarar, rundt 200 000 færre enn åra før.[11]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjørholt, Dag (5. februar 1997). «GP-tid – igjen». Norsk Telegrambyrå.
  2. Karlsen, Arild Berg (8. februar 1997). «Revisoren som ble Grand Prix-general». Bergens Tidende. s. 36.
  3. «Taus Tande-P.». Verdens Gang. 9. februar 1997. s. 50.
  4. 4,0 4,1 «Fullt tele-kaos». Verdens Gang. 9. februar 1997. s. 50.
  5. Moslet, Håkon (21. januar 1997). «Playboy-pikenes kupper Grand Prix». Dagbladet. s. 46.
  6. Habbestad, Sveinung (5. februar 1997). «En bønn for seier». Verdens Gang. s. 43.
  7. Bjørnskau, Erik (7. februar 1997). «Svorne fans skeptiske til forandringer». Aftenposten. s. 36.
  8. Pettersen, Jørn (10. februar 1997). «Aldri mer! «Gammeldags» avstemning neste år». Verdens Gang. s. 42.
  9. Nodland, Erik (9. februar 1997). «– Takk til VG-leserne». Verdens Gang. s. 49.
  10. Bakkemoen, Kurt (9. februar 1997). «Fortjent seier». Verdens Gang. s. 49.
  11. Brunmark, Kristine (11. februar 1997). «Nedover med GP». Verdens Gang.