Melodi Grand Prix 2000

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Melodi Grand Prix 2000
Dato
Finale 4. mars 2000
Vertskap
Finale NRK Marienlyst, Oslo
Programleiarar Stine Buer og Hans Christian Andersen
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 10
Vinnar
Song «My Heart Goes Boom»
Artist Charmed
Resultat i Eurovision Song Contest 2000
Finalepoeng 57
Finaleplass 11.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1999 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 2001

Melodi Grand Prix 2000 var den 39. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Ti finalistar deltok i finalen 4. mars 2000 som blei arrangert på NRK Marienlyst i Oslo. Vinnarlåten blei «My Heart Goes Boom», framført av Charmed. Vinnarlåten er skriven av Morten Henriksen og Tore Madsen. Charmed representerte Noreg i den internasjonale finalen i Stockholm og kom på 11. plass med 57 poeng.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

For sjette år på rad gjekk finalen av stabelen på NRK Marienlyst med Stine Buer og Hans Christian Andersen som programleiarar. Dette var første gong finalelåtane blei framførte utan levande musikk, all musikk var ferdiginnspelt. Dette er også førebels den siste finalen som blei avvikla i studio på Marienlyst, alle norske finalar har sidan blitt haldne i Oslo Spektrum.

Også dette året gjekk NRK ut og inviterte låtskrivarar til å sende inn bidrag for å heve kvaliteten på songane i tevlinga. Dei fleste artistane var ukjende, men både Jan Werner Danielsen og Arnold B Family kom attende til tevlinga.

Dei ti finalistane blei først spelte ein gong, før tv-sjåarane fekk røyste. Etter første røysterunde gjekk dei fire best plasserte låtane til ein superfinale, og sjåarane røysta om att. I første runde fekk Jorun Erdal syngje om att på grunn av tekniske problem. Dette året var det 40 år sidan den første Melodi Grand Prix-finalen, og det blei markert med kavalkade og tidlegare deltakarar.

Tv-sjåarane og ein fagjury avgjorde resultatet, og Charmed vann superfinalen med full pott frå alle juryar.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Første runde[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Poeng Plass
A «My Heart Goes Boom» Charmed Morten Henriksen Tore Madsen 72 1
B «Let's Go All the Way» Sha-Boom Dag Finn Strøm og Sigurd Røsnes Ole Evenrud 7 10
C «Another You» Jorun Erdal Per Øystein Sørensen Kari Iveland 48 4
D «She's My Baby» Marius Hoff Christian Ingebrigtsen 31 6
E «When I Am Looking» Arnold B Family Thomas Børud Arnold Børud 29 7
F «If» Leif Anders Wentzel Hilde Heltberg Kari Iveland 59 3
G «I Never Stopped Lovin' You» Astrid Tveitan Jimmy James Ekgren og Sigurd Røsnes 29 7
H «Trying to Forget U» Miriam Mercedes Anders Moberg 20 9
I «Wings of Love» Kine Ludvigsen Kenneth Eriksen og Willy Ludvigsen 47 5
J «One More Time» Jan Werner Danielsen Are Sigvardsen 64 2

Superfinale[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Poeng Plass
A «My Heart Goes Boom» Charmed Morten Henriksen Tore Madsen 84 1
C «Another You» Jorun Erdal Per Øystein Sørensen Kari Iveland 0 4
F «If» Leif Anders Wentzel Hilde Heltberg Kari Iveland 60 3
J «One More Time» Jan Werner Danielsen Are Sigvardsen 66 2

Røysting[endre | endre wikiteksten]

Resultatet blei avgjort av telefonrøyster som blei fordelte på fem regionar. Kvar region gav 1–8, 10 og 12 poeng ut frå kor mange røyster kvar song hadde fått. I tillegg var det ein fagjury i studio som gav 2, 4, 6, 8, 10,12, 14, 16, 20 og 24 poeng. Fagjuryen bestod av Gunilla Holm Platou, Kyrre Fritzner, Marte Krogh, Torstein Bieler og juryleiar Hege Tepstad.

Første runde[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Fagjury Bergen Trondheim Kristiansand Tromsø Oslo Totalt
A «My Heart Goes Boom» 16 12 12 10 12 10 72
B «Let's Go All the Way» 2 1 1 1 1 1 7
C «Another You» 6 10 8 8 8 8 48
D «She's My Baby» 14 3 4 3 4 3 31
E «When I Am Looking» 8 4 3 6 3 5 29
F «If» 24 7 7 7 7 7 59
G «I Never Stopped Lovin' You» 4 6 5 4 6 4 29
H «Trying to Forget U» 10 2 2 2 2 2 20
I «Wings of Love» 20 5 6 5 5 6 47
J «One More Time» 12 8 10 12 10 12 64

Superfinale[endre | endre wikiteksten]

Same system blei brukt som under første runde, men denne gongen gav kvar region 8, 10 og 12 poeng til dei tre låtane som fekk flest telefonrøyster. Fjerdeplassen fekk 0 poeng. Fagjuryen gav 0, 16, 20 og 24 poeng.

Nr. Tittel Fagjury Tromsø Trondheim Bergen Oslo Kristiansand Totalt
A «My Heart Goes Boom» 24 12 12 12 12 12 84
C «Another You» 0
F «If» 20 8 8 8 8 8 60
J «One More Time» 16 10 10 10 10 10 66

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Sendinga blei ein stor suksess for NRK, og før finalen fokuserte pressa på at NRK hadde forsøkt å modernisere tevlinga. Og forventningane blei innfridde: «Løssluppen stemning i studio, unge programledere og masse selvironi bidro til et mer spenstig Grand Prix enn tidligere.» skreiv NTB etter finalen.[1] VGs kommentator meinte til og med at tevlinga hadde blitt for frisk: «tonen i slagerkonkurransen ble så hip at det var problematisk å henge med fra tid til annen.»[2] Aftenposten meinte Melodi Grand Prix plutselig var blitt relevant og tidsriktig.[3] Pressa var også einig i at rett låt vann.[4][5] Vinnarlåten blei også ein hit og låg heile elleve veker på VG-lista med 3. plass som beste notering.[6]

Då Sha-Boom framførte «Let's Go All the Way», hoppa vokalist Dag Finn Strøm ned frå scena og begynte å syngje duett med Carola som sat i publikum. Stuntet var ukjend for NRK, men Carola sa til NTB at det var «sånn halvvegs planlagt».[7]

Over 400 000 røyster kom inn i dei to røysterundane, noko som var ny rekord.[8] Sjåartalet var også høgare enn åra før: 1 346 000 nordmenn såg finalen, noko som motsvarar 79 prosent av alle norske sjåarar.[9]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. NTB Tekst (4. mars 2000). «Charmed til topps i Melodi Grand Prix». Norsk Telegrambyrå.
  2. Johansen, Tore (5. mars 2000). «Grand Prix for ungdommen». Verdens Gang. s. 56.
  3. Hansen, Jan E. (5. mars 2000). «Melodi Grand Prix – plutselig i fokus etter 40 år». Aftenposten. s. 10.
  4. Bakkemoen, Kurt (5. mars 2000). «Verdig vinner … en låt å satse på». Verdens Gang. s. 51.
  5. tom-ome (NTB Tekst) (5. mars 2000). «God kritikk for utskjelt show». Norsk Telegrambyrå.
  6. «VG-lista for 'My Heart Goes Boom'». Verdens Gang. Besøkt 4. august 2016.
  7. NTB Tekst (5. mars 2000). «Carola kastet glans over Melodi Grand Prix». Norsk Telegrambyrå.
  8. Frøytlog, Stokkan og Guttormsen, Bente, Morten og Kristin (5. mars 2000). «Stemmekaos skapte proteststorm mot NRK». Dagbladet. s. 46.
  9. Thaule, Jørgen (7. mars 2000). «NRK-ledelsen roser GP-programlederen». Verdens Gang. s. 52.