Melodi Grand Prix 2005

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Melodi Grand Prix 2005
Wig Wam - Byfesten 2010.jpg
Dato
Finale 5. mars 2005
Vertskap
Finale Oslo Spektrum, Oslo
Programleiar Ivar Dyrhaug
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 8
Vinnar
Song «In My Dreams»
Artist Wig Wam
Resultat i Eurovision Song Contest 2005
Semifinalepoeng 164
Semifinaleplass 6.
Finalepoeng 125
Finaleplass 9.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 2004 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 2006

Melodi Grand Prix 2005 var den 43. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Åtte finalistar deltok i finalen 5. mars 2005 som blei arrangert i Oslo Spektrum i Oslo. Vinnarlåten blei «In My Dreams», framført av Wig Wam og skriven av Trond «Teeny» Holter. Wig Wam representerte Noreg i Eurovision Song Contest i Kiev, der dei først måtte gjennom semifinalen. «In My Dreams» kom på 6. plass i semifinalen og kvalifiserte seg dermed til finalen. I finalen kom Noreg på delt 9. plass med 125 poeng.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

NRK droppa ein open konkurranse dette året, men inviterte i staden utvalde artistar og låtskrivarar til å sende inn bidrag. Åtte blei plukka ut til å delta i finalen i Oslo Spektrum laurdag 5. mars 2005. Ivar Dyrhaug var attende som programleiar for fjerde gong.[1]

Før finalen blei dei åtte finalistane presenterte kvar fredag i underhaldningsprogrammet MemoNRK1. Målet var å promotere tevlinga og artistane mest mogleg før finalen.

Dette årets Eurovision Song Contest var den 50. i rekkja, og det var 45 år sidan den første Melodi Grand Prix-finalen. NRK markerte jubilea med å invitere tidlegare artistar som Arne Bendiksen, Nora Brockstedt, Ketil Stokkan, Kirsti Sparboe og Bobbysocks. NRK sende også eit eige jubileumsprogram mellom første runde og gullfinalen med intervju med tidlegare artistar. Dette programmet var leia av Jostein Pedersen.

Blant deltakarane var det to veteranar: Tor Endresen deltok for tiande gong, medan Jahn Teigen deltok i sin 14. og førebels siste finale. Elles var Jorun Erdal og Wig Wam attende. Det same var gruppa Cheezy Keys som stod for det omstridde pausenummeret i Melodi Grand Prix 2003.[2]

Resultatet blei avgjort av folket sine telefon- og SMS-røyster. Først blei dei åtte finalemelodiane spelte ein gong, før publikum fekk moglegheit til å røyste. Etter ein halvtimes sendepause begynte del to med resultata frå første runde. Dei fire mest populære songane gjekk vidare til ein gullfinale, der dei blei framførte om att. Publikum røysta deretter på nytt, og etter ei spennande røysting, vann til slutt «In My Dreams» med dryge 11 500 røyster meir enn 2. plassen.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Første runde[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
1 «I Am Rock 'n' Roll» Jorun Erdal Claes Andreasson, Torbjörn Wasenius og Tommy Denander Videre
2 «Feel the Beat» Cheezy Keys Kim Arne Hagen og Hans Petter Moen Hagen, Moen og Morten Bergheim Videre
3 «Kingdom Come» Andreea Tom-Steinar Hanssen, Ole Henrik Antonsen og Lars Aass Ute
4 «Velvet Blue» Kathrine Strugstad Arve Furset Gerard James Borg Ute
5 «My Heart Is My Home» Jahn Teigen Jahn Teigen og Anita Skorgan Teigen, Skorgan og Jan Vincents Johannessen Videre
6 «You Are the One» Blissed Mikael Gunnerås, Magnus Lindquist og Magdalena Lindstrøm Ute
7 «Can You Hear Me» Seppo Tor Endresen Are Selheim Ute
8 «In My Dreams» Wig Wam Trond «Teeny» Holter Trond «Teeny» Holter Videre

Gullfinale[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Stemmer Plass
1 «I Am Rock 'n' Roll» Jorun Erdal Claes Andreasson, Torbjörn Wasenius og Tommy Denander 64 153 2
2 «Feel the Beat» Cheezy Keys Kim Arne Hagen og Hans Petter Moen Hagen, Moen og Morten Bergheim 51 735 3
5 «My Heart Is My Home» Jahn Teigen Jahn Teigen og Anita Skorgan Teigen, Skorgan og Jan Vincents Johannessen 48 026 4
8 «In My Dreams» Wig Wam Trond «Teeny» Holter Trond «Teeny» Holter 75 667 1

Røysting[endre | endre wikiteksten]

Dei fire mest populære låtane frå første runde gjekk vidare til gullfinalen. Her blei låtane framførte om att, og tv-sjåarane røysta på nytt. Kvar røyst talde eitt poeng. Poenga i tabellen under motsvarer dermed talet på mottatte telefon- og SMS-røyster. Resultatet frå første runde blei aldri offentleggjort, og gullfinalistane blei presenterte i tilfeldig rekkjefølgje.

Nr. Tittel Midt-Noreg Vest-Noreg Nord-Noreg Sør-Noreg Austlandet Totalt
1 «I Am Rock 'n' Roll» 10 127 12 292 4 740 9 774 27 220 64 153
2 «Feel the Beat» 6 906 9 113 4 020 8 086 23 610 51 735
5 «My Heart Is My Home» 5 242 8 481 3 865 8 550 21 888 48 026
8 «In My Dreams» 10 064 11 928 5 744 13 548 34 383 75 667

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Både vinnaren og sendinga blei store suksessar. Sendinga blei følgt av 1 352 000 sjåarar, det høgaste sjåartalet sidan 1996.[3] Wig Wams vokalist Åge Sten Nilsen, alias Glam, proklamerte etter sigeren at «rock is the new slager». Han fekk på fleire måtar rett, for singelen «In My Dreams» blei rive bort frå platehyllene på berre nokre timar.[4] Songen låg heile 19 veker på VG-lista, der tre veker var som nummer ein.[5] Dette var den største suksessen for ein norsk Melodi Grand Prix-vinnar sidan Jahn Teigens «Mil etter mil» i 1978. Det var også første gong sidan «La det swinge» at ein vinnar blei nummer ein på VG-lista. Trass suksessen nekta fleire radiostasjonar å spele «In My Dreams», fordi dei meinte låten var for «harry».[6]

Likevel segla Wig Wam opp som store favorittar i Eurovision Song Contest 2005. Dei kvalifiserte seg til finalen og enda til slutt på ein delt 9. plass med Danmark. Det norske bidraget fekk 12 poeng frå Island, Danmark og Finland.[7][8]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Andersen og Gjersøe, Line Gevelt og Jørn (12. januar 2005). «Grand Prix-deltakerne er klare»NRK.no.
  2. Meland, Astrid (11. januar 2005). «Skandalebandet i Grand Prix – igjen»Dagbladet.no.
  3. NTB (7. mars 2005). «Sterke seertall for Melodi Grand Prix»Aftenposten.
  4. NTB (9. mars 2005). «Wig Wam-vinneren utsolgt på noen timer». Aftenposten. s. 47.
  5. «VG-lista for 'In My Dreams'». Verdens Gang. Besøkt 5. august 2016.
  6. Hansen, Espen Arnold (6. april 2005). «Wig Wam boikottes av norske radiostasjoner»VG Nett.
  7. Tjersland, Jonas (20. mai 2005). «Wig Wam går for gull»VG Nett.
  8. «Eurovision Song Contest 2005 Final». European Broadcasting Union. Besøkt 5. august 2016.