Melodi Grand Prix 2006

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Melodi Grand Prix 2006
Dato
Delfinale 1 13. januar 2006
Delfinale 2 20. januar 2006
Delfinale 3 27. januar 2006
Sistesjansen 3. februar 2006
Finale 4. februar 2006
Vertskap
Delfinale 1 Alta
Delfinale 2 Bodø
Delfinale 3 Bergen
Sistesjansen Oslo
Finale Oslo Spektrum
Programleiarar Stian Barsnes-Simonsen og Synnøve Svabø
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 18 (8 i finalen)
Vinnar
Song «Alvedansen»
Artist Christine Guldbrandsen
Resultat i Eurovision Song Contest 2006
Finalepoeng 36
Finaleplass 14.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 2005 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 2007

Melodi Grand Prix 2006 var den 44. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. 18 songar deltok i tre delfinalar og Siste sjanse. Av desse kom åtte til finalen 4. februar 2006 i Oslo Spektrum i Oslo. Vinnarlåten blei «Alvedansen», framført av Christine Guldbrandsen og skriven av Guldbrandsen saman med Kjetil Fluge og Atle Halstensen. Christine Guldbrandsen representerte Noreg i den internasjonale finalen i Aten, der ho kom på 14. plass med 36 poeng.

Sendingane[endre | endre wikiteksten]

Melodi Grand Prix 2006 blei den største og mest omfattande utgåva av Melodi Grand Prix til då, etter at NRK bestemde seg for å lage ein MGP-turné etter modell frå svenske Melodifestivalen. Det blei arrangert tre delfinalar med seks deltakarlåtar i kvar. To av låtane gjekk direkte til finalen i Oslo, medan to gjekk til Siste sjanse kvelden før finalen. Dei to siste i kvar delfinale var ute av tevlinga. I Sistesjansen gjekk dei to beste melodiane vidare, slik at det blei til saman åtte songar i finalen.

Dette var første gong sidan 1995 at NRK arrangerte semifinalar før finalen, men det var første gong tevlinga turnerte ulike stader i landet. NRK gjekk inn i eit samarbeid med produksjonsselskapa Dinamo Story og Stageway og inviterte fleire byar og tettstader til å by på å få ein delfinale til seg. Fleire byar takka nei, og til slutt blei Alta, Bodø og Bergen valde til delfinale-stader.[1][2]

Dei tre delfinalane blei haldne i Finnmarkshallen, Nordlandshallen og Framohallen. Sistesjansen og finalen blei haldne i Oslo Spektrum. Finalen blei sendt laurdag 5. februar 2006. Stian Barsnes-Simonsen og Synnøve Svabø var programleiarar for alle sendingane. Jostein Pedersen kommenterte undervegs.

NRK valde ein open konkurranse, og det kom inn 586 bidrag.[3] Også dette året kunne utanlandske låtskrivarar delta, og heile 12 av dei 18 bidraga var signert svenskar. Den svenske dominansen blei kritisert av norske låtskrivarar.[4] NRK på si side hevda at norske låtskrivarar anten ikkje ville stille opp, eller at dei ikkje hadde sendt inn gode nok låtar.[5]

Blant deltakarane var det fleire kjende artistar. Trine Rein kom attende som artist, og Tor Endresen deltok for ellevte gong. I tillegg var tidlegare deltakarar som Jorun Erdal, Geir Rønning, Birgitte Einarsen, Mocci og Arlene Wilkes attende. For første gong var også to dragartistar blant deltakarane, gjennom duoen Queentastic. Riktignok hadde også to dragartistar vore ein del av Ketil Stokkans «Romeo» i 1986, men då som dansarar.

Resultatet i alle sendingane blei avgjort av sjåarane sine telefon- og SMS-røyster. I finalen blei dei åtte finalemelodiane framførte ein gong, og publikum kunne røyste undervegs. Dei fire mest populære songane gjekk vidare til ein gullfinale, der dei blei framførte på nytt. Røystetala blei nullstilte, og publikum røysta så på nytt. Wig Wam og den svenske showgruppa Schlagerfeber stod for pauseunderhaldningen før røystinga. Etter ei spennande røysting vann Christine Guldbrandsen og representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2005 med «Alvedansen» – det første norskspråklege bidraget sidan 1998.[6]

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Første runde[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
1 «Here for the Show» Trine Rein Claes Andreasson, Torbjörn Wassenius og Jonas Liberg Ute
2 «I Hear Music» Hans-Petter Moen og Kim Arne Hagen Hans-Petter Moen og Kim Arne Hagen Gullfinale
3 «Dreaming of a New Tomorrow» Tor Endresen Peter Bertilsson Frank Ådahl Ute
4 «Absolutely Fabulous» Queentastic Thomas G:son og Andreas Rickstrand Gerard James Borg Gullfinale
5 «Saturday» Birgitte Einarsen Niclas Molinder, Joacim Persson og Pelle Ankarberg Ute
6 «Alvedansen» Christine Guldbrandsen Christine Guldbrandsen, Kjetil Fluge og Atle Halstensen Gullfinale
7 «Like a Wind» Veronica Akselsen Stig Lindell, Eva-Lena Carlqvist og Kent Mattsson Ute
8 «Lost and Found» Jorun Erdal og Geir Rønning Claes Andreasson, Torbjörn Wassenius og Jonas Liberg Gullfinale

Gullfinale[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Røyster Plass
2 «I Hear Music» Hans Petter Moen og Kim Arne Hagen Hans Petter Moen og Kim Arne Hagen 67 223 2
4 «Absolutely Fabulous» Queentastic Thomas G:son og Andreas Rickstrand Gerard James Borg 61 997 3
6 «Alvedansen» Christine Guldbrandsen Christine Guldbrandsen, Kjetil Fluge og Atle Halstensen 77 568 1
8 «Lost and Found» Jorun Erdal og Geir Rønning Claes Andreasson, Torbjörn Wassenius og Jonas Liberg 57 905 4

Røysting i finalen[endre | endre wikiteksten]

Dei fire mest populære songane i første runde gjekk vidare til gullfinalen. Det fulle resultatet frå første runde blei aldri offentleggjort, og gullfinalistane blei presenterte i tilfeldig rekkjefølgje. I gullfinalen blei sjåarane sine røyster kanaliserte inn i fem ulike geografiske regionar ut frå kor i landet røystene blei gitt. Kvar røyst talde eitt poeng. Poenga i tabellen under motsvarar dermed talet på mottatte telefon- og SMS-røyster.

Nr. Tittel Nord-Noreg Midt-Noreg Sør-Noreg Austlandet Vest-Noreg Totalt
2 «I Hear Music» 5 816 9 253 10 548 31 520 10 086 67 223
4 «Absolutely Fabulous» 4 583 6 816 9 305 33 301 7 992 61 997
6 «Alvedansen» 5 119 8 341 9 522 29 713 24 873 77 568
8 «Lost and Found» 3 872 13 137 7 102 24 191 9 603 57 905

Delfinalane[endre | endre wikiteksten]

Delfinale 1[endre | endre wikiteksten]

Finnmarkshallen, Alta, fredag 13. januar 2006

På grunn av teknisk feil fekk Trine Rein og bandet hennar framføre «Here for the Show» på nytt. Det fulle resultatet blei ikkje offentleggjort.

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
1 «Here for the Show» Trine Rein Claes Andreasson, Torbjörn Wassenius og Jonas Liberg Finale
2 «Lost and Found» Jorun Erdal og Geir Rønning Claes Andreasson, Torbjörn Wassenius og Jonas Liberg Finale
3 «Misled» Kirsti Carr Snorre Rønning og Kirsti Carr Siste sjanse
4 «My Dream» Christina Undhjem Jesper Nordenstrøm og Christina Undhjem Ute
5 «Tonight» Mocci Ryen Mocci Ryen og Daisy Pusher Ute
6 «Sunshine» Arlene Wilkes Niclas Molinder, Joacim Persson, Pelle Ankarberg og Brian Hobbes Siste sjanse

Delfinale 2[endre | endre wikiteksten]

Nordlandshallen, Bodø, fredag 20. januar 2006

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
1 «Absolutely Fabulous» Queentastic Thomas G:son og Andreas Rickstrand Gerard James Borg Finale
2 «Heaven's in Your Eyes» Hanne Haugsand Kristian Hermansen Ute
3 «The Better Side of Me» Ovi Martin Even Olsen Siste sjanse
4 «Too Much Love» Marit Strømøy Niklas Andersson, Thomas Lindberg og Kristian Landgren Ute
5 «I Hear Music» Hans-Petter Moen og Kim Arne Hagen Hans-Petter Moen og Kim Arne Hagen Finale
6 «I Wanna Be» Jannicke Abrahamsen Niclas Molinder, Stefan Berg, Joacim Persson og Brian Hobbs Siste sjanse

Delfinale 3[endre | endre wikiteksten]

Framohallen, Bergen, fredag 27. januar 2006

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfatter Status
1 «Saturday» Birgitte Einarsen Niclas Molinder, Joacim Persson og Pelle Ankarberg Siste sjanse
2 «Like a Wind» Veronica Akselsen Stig Lindell, Eva-Lena Carlqvist og Kent Mattsson Siste sjanse
3 «Shut up and Kiss Me» Phung Kee Marcello og Phung  Ute
4 «Alvedansen» Christine Guldbrandsen Christine Guldbrandsen, Kjetil Fluge og Atle Halstensen Finale
5 «Paparazzi World» Kathrine Strugstad Thomas Thörnholm og Dan Attlerud Ute
6 «Dreaming of a New Tomorrow» Tor Endresen Peter Bertilsson Frank Ådahl Finale

Siste sjanse[endre | endre wikiteksten]

Oslo Spektrum, fredag 3. februar 2006

Deltakarane i Siste sjanse var songane som kom på 3. og 4. plass i dei tre delfinalane. Sistesjanse-låtane blei ikkje framført direkte, i staden synte NRK framføringane frå dei ulike delfinalane.[7] Dei to songane som fekk flest telefon- og SMS-røyster, gjekk vidare til finalen dagen etter.

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
1 «Misled» Kirsti Carr Snorre Rønning og Kirsti Carr Ute
2 «Sunshine» Arlene Wilkes Niclas Molinder, Joacim Persson, Pelle Ankarberg og Brian Hobbes Ute
3 «The Better Side of Me» Ovi Martin Even Olsen Ute
4 «I Wanna Be» Jannicke Abrahamsen Niclas Molinder, Stefan Berg, Joacim Persson og Brian Hobbs Ute
5 «Saturday» Birgitte Einarsen Niclas Molinder, Joacim Persson og Pelle Ankarberg Finale
6 «Like a Wind» Veronica Akselsen Stig Lindell, Eva-Lena Carlqvist og Kent Mattsson Finale

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

På førehand hadde pressa og veddemålsbyråa Christine Guldbrandsen som klar favoritt.[8][9] I røystinga i gullfinalen såg det derimot lenge ut til at Hans Petter Moen og Kim Arne Hagen skulle stikke av med sigeren. Då Vestlandet skulle gi røystene sine som siste region, gjekk derimot Guldbrandsen forbi og vann finalen. Dette var første gong sidan 1997 at ein song med norsk tekst vann Melodi Grand Prix. «Alvedansen» var det første norske Eurovision-bidraget med norsk tekst sidan 1998.

NRK fekk mykje ros for omlegginga av tevlinga, men også kritikk for at Bodø og Alta måtte betale store summar for å bli vertsstader. Produksjonsselskapet Dinamo Story produserte delfinalane i Alta og Bodø, medan Stageway produserte delfinalen i Bergen. Verken Bergen eller Oslo måtte betale for å få sendingane til seg.[2][10] NRK valde same konsept også i 2007, og fleire byar melde seg på i kampen om ein delfinale. NRK flytta også delfinalane frå fredag i laurdag i 2007.[11]

Sjåartala var også gode, sjølv om dei fire første sendingane var i direkte konkurranse med TV 2s talenttevling Idol. Dei tre delfinalane hadde respektive 789 000, 787 000 og 741 000 sjåarar. Siste sjanse hadde 684 000 sjåarar, medan finalen samla 1 264 000 sjåarar – nesten 100 000 færre enn året før.[12]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Trondheim avslo Grand Prix»Adresseavisen. 30. november 2005.
  2. 2,0 2,1 Thaule, Jørgen (7. januar 2006). «Full sjekk av Grand Prix-sponsing». Verdens Gang. s. 58.
  3. «MGP med semifinaler»NRK.no. 16. november 2005.
  4. NTB (4. januar 2006). «– Rene svensktoppen»nrk.no.
  5. Bjørberg, Mette (12. januar 2006). «NRK avfeier kritikk for svorske sanger»an.no.
  6. «Melodi Grand Prix 2006 – finale». Norsk rikskringkasting. 4. februar 2006. Besøkt 5. august 2016.
  7. Krok, Anita (1. februar 2006). «Siste sjanse i opptak»Glåmdalen.
  8. Hammerstad, Kathrine (1. februar 2006). «Christine er bookmakernes GP-favoritt»Bergensavisen.
  9. Rønneberg, Anders (5. februar 2006). «– Var det jeg som vant?». Dagbladet. s. 52.
  10. Thaule, Jørgen (6. januar 2006). «Bare Nord-Norge må betale MGP»VG Nett.
  11. Aakermann, Marianne (15. september 2006). «Grand Prix-semifinale til Stokke»NRK Vestfold.
  12. «Færre så Melodi Grand Prix i år»Kampanje. 6. februar 2006.