Melodi Grand Prix 2007

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Melodi Grand Prix 2007
Dato
Delfinale 1 20. januar 2007
Delfinale 2 27. januar 2007
Delfinale 3 3. februar 2007
Sistesjansen 9. februar 2007
Finale 10. februar 2007
Vertskap
Delfinale 1 Alta
Delfinale 2 Bodø
Delfinale 3 Stokke
Sistesjansen Oslo
Finale Oslo Spektrum
Programleiarar Stian Barsnes-Simonsen og Synnøve Svabø
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 18 (8 i finalen)
Vinnar
Song «Ven a bailar conmigo»
Artist Guri Schanke
Resultat i Eurovision Song Contest 2007
Semifinalepoeng 48
Semifinaleplass 18.
Finalepoeng Ikkje kvalifisert
Finaleplass Ikkje kvalifisert
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 2006 Melodi Grand Prix 2008

Melodi Grand Prix 2007 var den 45. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. 18 songar deltok i tre delfinalar og Siste sjanse. Av desse kom åtte til finalen 10. februar 2007 i Oslo Spektrum i Oslo. Vinnarlåten blei «Ven a bailar conmigo», framført av Guri Schanke og skriven av Thomas G:son. Guri Schanke representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2007 i Helsingfors. Der kom ho på 18. plass i semifinalen og kvalifiserte seg ikkje til finalen. Dette var første gong sidan 2002 at Noreg ikkje deltok i ein Eurovision-finale.

Sendingane[endre | endre wikiteksten]

NRK fortsette med turnékonseptet frå 2006, men flytta delfinalane frå fredagar til laurdagar. Igjen var det tre delfinalar med seks låtar i kvar. Dei to beste frå kvar delfinale gjekk rett til finalen i Oslo Spektrum laurdag 10. februar, medan tredje- og fjerdeplassane fekk ein ny moglegheit i Siste sjanse. Dei to siste i kvar delfinale var ute av tevlinga. I Siste sjanse gjekk dei to beste melodiane vidare, så det til saman blei åtte songar i finalen.

Fleire byar og tettstader melde seg på i konkurransen om å få ein av delfinalane til seg. Til slutt blei Alta, Bodø og Stokke vald til delfinalestader. Alta og Bodø hadde òg hatt delfinalar året før. Stian Barsnes-Simonsen og Synnøve Svabø var programleiarar for alle sendingane. Per Sundnes rapporterte frå artistane sitt green room undervegs i sendingane. Dei tre delfinalane blei haldne i Finnmarkshallen i Alta, Nordlandshallen i Bodø og Brunstad Conference Center i Stokke. Siste sjanse og finalen gjekk av stabelen i Oslo Spektrum.

Totalt kom det inn 464 bidrag til NRKs opne konkurranse, og NRK plukka ut 14 av dei til delfinalane.[1] I tillegg inviterte NRK fleire komponistar til å levere inn spesialskrivne bidrag til tevlinga.

Fleire kjende artistar deltok i tevlinga dette året. Trine Rein var attende, i tillegg deltok dancegruppa Infinity, dansebandartisten Jenny Jenssen, soulartisten Torhild Sivertsen, den tidlegare barnestjerna Jannicke Abrahamsen og skodespelar Guri Schanke som hadde blitt nummer to i TV 2s Skal vi danse året før.

Resultatet i alle delfinalane og Siste sjanse blei avgjort av sjåarane sine røyster. I finalen røysta sjåarane fram fire låtar til gullfinalen. Resultatet i gullfinalen blei avgjort av tre fagjuryar i kombinasjon med sjåarane sine telefon- og SMS-røyster. Til slutt vann Guri Schanke og låten «Ven a bailar conmigo», skriven av svenske Thomas G:son. Dette var andre gong ein svenske stod bak vinnarlåten i Melodi Grand Prix, første gong var i 2004.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Første runde[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
1 «Hooked on You» Infinity Birgitte Moe og Rune Minde Ute
2 «Vil du ha svar» Jenny Jenssen Mats Larsson Åsa Karlsström og Yngvar Gregersen Ute
3 «Maybe» Trine Rein med Andreas Ljones Niclas Molinder, Joachim Persson og Pelle Ankarberg Ute
4 «Chicken Rodeo» Dusty Cowshit Morten Heiberg Gullfinale
5 «Love on the Dancefloor» Torhild Sivertsen og The Funky Family Taiwo Karlsen og Kehinde Karlsen Ute
6 «Rocket Ride» Jannicke Abrahamsen Knut-Øyvind Hagen, Thomas G:son og Andreas Rickstrand Gullfinale
7 «Wannabe» Crash! Trond «Teeny» Holter Gullfinale
8 «Ven a bailar conmigo» Guri Schanke Thomas G:son Gullfinale

Gullfinale[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Røyster Plass
4 «Chicken Rodeo» Dusty Cowshit Morten Heiberg 69 062 4
6 «Rocket Ride» Jannicke Abrahamsen Knut-Øyvind Hagen, Thomas G:son og Andreas Rickstrand 78 433 2
7 «Wannabe» Crash! Trond «Teeny» Holter 70 203 3
8 «Ven a bailar conmigo» Guri Schanke Thomas G:son 108 541 1

Røysting i finalen[endre | endre wikiteksten]

Dei fire mest populære songane i første runde gjekk vidare til gullfinalen. Det fulle resultatet frå første runde blei aldri offentleggjort, og gullfinalistane blei presenterte i tilfeldig rekkjefølgje. I gullfinalen blei resultatet avgjort av ei blanding av fagjuryar og sjåarane sine telefonrøyster. Dei tre delfinalestedane hadde kvar sin fagjury som gav 2 000, 4 000, 6 000 og 10 000 poeng til dei fire gullfinalistane. Etter fagjuryane blei telefon- og SMS-røystene presentert. Sjåarrøystene blei delte inn i fem geografiske regionar ut frå kor i landet røystene kom frå. Kvar røyst talde eitt poeng. Poenga for landsdelane under motsvarar dermed talet på mottatte telefon- og SMS-røyster.[2]

Nr. Tittel Alta Bodø Stokke Austlandet Sør-Noreg Nord-Noreg Midt-Noreg Vest-Noreg Totalt
4 «Chicken Rodeo» 2 000 10 000 2 000 30 508 11 761 2 923 4 473 5 397 69 062
6 «Rocket Ride» 6 000 2 000 6 000 32 902 13 179 3 869 6 604 7 879 78 433
7 «Wannabe» 10 000 4 000 10 000 24 684 8 634 2 478 4 489 5 918 70 203
8 «Ven a bailar conmigo» 4 000 6 000 4 000 50 867 12 021 6 225 11 829 13 599 108 541

Delfinalene[endre | endre wikiteksten]

Delfinale 1[endre | endre wikiteksten]

Finnmarkshallen, Alta, laurdag 20. januar 2007

Nr. Tittel Artist Komponist og tekstforfattar Staus
1 «Love on the Dancefloor» Torhild Sivertsen og The Funky Family Taiwo Karlsen og Kehinde Karlsen Finale
2 «Goodbye to Yesterday» Blue Moon Band Kjetil Røsnes og Kirsti Johansen Siste sjanse
3 «Perfect Sin» Marika Lejon Adam Alvermark Ute
4 «Livets små stjerner» Marianne Solberg Kirsti Carr Ute
5 «Are You Ready» Stian Joneid Kim Arne Hagen og Hans-Petter Moen Siste sjanse
6 «Hooked on You» Infinity Birgitte Moe og Rune Minde Finale

Delfinale 2[endre | endre wikiteksten]

Nordlandshallen, Bodø, laurdag 27. januar 2007

Nr. Tittel Artist Komponist og tekstforfattar Status
1 «Ven a bailar conmigo» Guri Schanke Thomas G:son Finale
2 «Better Than This» Hazen Mikael Jensen, Eivind Skovdahl og Morten Hazen Siste sjanse
3 «Under stjernene» Malin Schavenius Thomas Törnholm, Dan Attlerud, Kurre Westling og Micke Løvdalen Siste sjanse
4 «I Wanna Be With You» Andreea Maria Marcus Ute
5 «Unbelievable» Amelia Svein Finneide, Jens Thoresen, EAR, Daniel Pandher, Ken Ingwersen, Tommy La Verdi og Halvor Holter Ute
6 «Chicken Rodeo» Dusty Cowshit Morten Heiberg Finale

Delfinale 3[endre | endre wikiteksten]

Brunstad Conference Center, Stokke, laurdag 3. februar 2007

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
1 «Rocket Ride» Jannicke Abrahamsen Knut-Øyvind Hagen, Thomas G:son og Andreas Rickstrand Siste sjanse
2 «Maybe» Trine Rein med Andreas Ljones Niclas Molinder, Joacim Persson og Pelle Ankarberg Siste sjanse
3 «Creator» Monica Hjelle Jan Eggum Kaia Huuse Ute
4 «Wannabe» Crash! Trond «Teeny» Holter Finale
5 «Here» Christina Undhjem Eirik Husabø Ute
6 «Vil du ha svar» Jenny Jenssen Mats Larsson Åsa Karlsström og Yngvar Gregersen Finale

Siste sjanse[endre | endre wikiteksten]

Oslo Spektrum, Oslo, fredag 9. februar 2007

Nr. Tittel Artist Komponist Status
1 «Maybe» Trine Rein med Andreas Ljones Niclas Molinder, Joacim Persson og Pelle Ankarberg Finale
2 «Are You Ready» Stian Joneid Kim Arne Hagen og Hans-Petter Moen Ute
3 «Under stjernene» Malin Schavenius Thomas Törnholm, Dan Attlerud, Kurre Westling og Micke Løvdalen Ute
4 «Better Than This» Hazen Mikael Jensen, Eivind Skovdahl og Morten Hazen Ute
5 «Goodbye to Yesterday» Blue Moon Band Kjetil Røsnes og Kirsti Johansen Ute
6 «Rocket Ride» Jannicke Abrahamsen Knut-Øyvind Hagen, Thomas G:son og Andreas Rickstrand Finale

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Også dette året var det mange utanlandske låtskrivarar blant dei 464 innsendte bidraga. Heile 262 av bidraga kom frå svenske låtskrivarar, medan berre 143 var norske. Den labre norske deltakinga fekk mellom anna Jan Eggum til å reagere, og han oppmoda norske komponistar om å kome på bana. Sjølv stod han og den dåverande artistkona hans, Kaia Huuse, bak bidraget «Creator».[3]

Etter den norske finalen blei «Ven a bailar conmigo» gitt ut i Sverige, då framført av den svenske artisten Anna Book.[4] I Noreg blei ikkje vinnarlåten nokon stor salssuksess, og han kom ikkje inn på VG-lista. «Ven a bailar conmigo» klarte heller ikkje å kvalifisere seg til finalen i Eurovision Song Contest i Helsingfors. Det norske bidraget enda på ein 18. plass med 48 poeng i semifinalen, og det var berre dei ti beste som gjekk til finalen. Dette var første gong Noreg blei ståande utanfor ein Eurovision-finale sidan 2002.

Sjåartala for årets sendingar låg langt under åra før. Berre 986 000 såg finalen, det lågaste talet som var registrert til då.[5] For dei tre delfinalane og Siste sjanse var sjåartala: 769 000, 748 000, 734 000 og 664 000.[6][7] Dette var omtrent på same nivå som delfinalane året før.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Grønneberg, Anders (15. september 2006). «Svensk MGP-kupp». Dagbladet. s. 59.
  2. «Melodi Grand Prix 2007 – norsk finale (del 2:2)». Norsk rikskringkasting. 10. februar 2007. Besøkt 8. august 2016.
  3. Eggum, Jan (14. november 2006). «Gode låter i Grand Prix (debattinnlegg)». Dagbladet. s. 60.
  4. Østbø, Stein (26. februar 2007). «Vinnerlåten til Guri gis ut i Sverige ... men da synger ikke Guri». Verdens Gang. s. 32.
  5. «Mest sett – lørdag 17.». Verdens Gang. 17. februar 2007. s. 51.
  6. «Mest sett – lørdag 27.». Verdens Gang. 3. februar 2007. s. 51.
  7. «Mest sett – fredag 9.». Verdens Gang. 16. februar 2007. s. 51.