Melodi Grand Prix 2015

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Melodi Grand Prix 2015
Dato
Finale 14. mars 2015
Vertskap
Finale Oslo Spektrum
Programleiarar Silya Nymoen og Kåre Magnus Bergh
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 11
Vinnar
Song «A Monster Like Me»
Artist Mørland og Debrah Scarlett
Resultat i Eurovision Song Contest 2015
Semifinalepoeng 123
Semifinaleplass 4.
Finalepoeng 102
Finaleplass 8.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 2014 Melodi Grand Prix 2016

Melodi Grand Prix 2015 var den 53. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Elleve songar deltok i finalen 14. mars 2015 i Oslo Spektrum i Oslo. Vinnaren blei «A Monster Like Me», framført av Mørland og Debrah Scarlett. Mørland har skrive vinnarlåten. Duoen representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2015 i Wien, der dei kvalifiserte seg via andre semifinale. I finalen enda «A Monster Like Me» på 8. plass med 102 poeng. Dette var Noregs tredje topp ti-plassering på rad.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

Finalen året før var den minst sette nokon gong, og NRK fekk kritikk for å ha fjerna all glitter og stas frå tevlinga.[1][2] Difor gjorde tv-kanalen om på konseptet dette året, ved å fjerne delfinalane og i staden konsentrere seg om ein stor finale i Oslo Spektrum laurdag 14. mars. Dette var første gong sidan 2005 at Melodi Grand Prix gjekk av stabelen utan delfinalar på førehand. Programleiarar var Silya Nymoen og Kåre Magnus Bergh.

Over 800 bidrag kom inn til den opne konkurransen, og ein jury plukka ut elleve av dei til finalen i Oslo Spektrum. Juryen bestod av Vivi Stenberg, musikkansvarlig for Melodi Grand Prix, Marie Komissar, programleiar og musikkprodusent i NRK P3, Tarjei Strøm, musikar og programleiar i NRK P13 og Kathrine Synnes Finnskog, direktør i Music Norway.[3]

For første gong sidan 1984 var også Kringkastingsorkestret attende i Melodi Grand Prix, under leiing av dirigent Anders Eljas. Dette var første gong sidan 1999 at bidraga blei akkompagnerte av eit orkester, for i åra 1985–99 brukte NRK små orkester og band til å akkompagnere songane. Målet med orkesteret sin tilbakekomst var å få attende den «gode, gamle Grand Prix-kjensla», sa kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen til VG.[4] Seks av dei elleve låtane brukte Kringkastingsorkesteret.[5]

Blant artistane var det fleire kjende andlet, blant anna Elisabeth Andreassen som deltok for sjette gong i ein norsk finale, og Tor Endresen som deltok for tolvte gong. Han nærmar seg med det Jahn Teigens rekord på 14 norske deltakingar. I tillegg deltok Karin Park som artist. Ho var ein av låtskrivarane bak vinnarlåten frå 2013, «I Feed You My Love». Erlend Bratland var attende i rampelyset etter å ha vunne talenttevlinga Norske talenterTV 2 i 2008, og Jenny Langlo hadde vunne Idol på same kanal i 2011. I tillegg deltok duoen Staysman & Lazz, kjend for ei rekkje festlåtar.

Elisabeth Andreassen deltok òg i pausenummeret før røystinga. Saman med Hanne Krogh framførte ho Bobbysocks sin vinnarlåt frå 1985, «La det swinge».

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Første runde[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
1 «Thunderstuck» Erlend Bratland Joy Deb og Linnea Deb Erlend Bratland og Linnea Deb Gullfinale
2 «Louder» Raylee Andreas Stone Johansson og Ricky Hanley Uplassert
3 «All Over the World» Tor Endresen og Elisabeth Andreassen Are Selheim og Tor Endresen Gullfinale
4 «Next to You» Jenny Langlo Jenny Langlo, Robin Mortensen Lynch og Niklas Olovson Uplassert
5 «We Don't Worry» Ira Konstantinidis Øyvind Blikstad og Bjarte Giske Ali Pirzad og Julie Bergan Uplassert
6 «Heaven» Contrazt Jan Lysdahl og Jacob Collin Launbjerg Uplassert
7 «Ta meg tilbake» Marie Klåpbakken Marie Klåpbakken, Linn Hege Sagen og Olav Tronsmoen Uplassert
8 «En godt stekt pizza» Staysman & Lazz Stian Thorbjørnsen, Petter Kristiansen, Lars Erik Blokkhus, Jesper Borgen og Magnus Clausen Gullfinale
9 «A Monster Like Me» Mørland og Debrah Scarlett Kjetil Mørland Gullfinale
10 «Cinderella» Alexandra Joner Erik Smaaland, Kristoffer Tømmerbakke (GoToGuy) og Thea Oskarsen Uplassert
11 «Human Beings» Karin Park Karin Park og Guy Chambers Uplassert

Gullfinale[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Røyster Plass
1 «Thunderstuck» Erlend Bratland Joy Deb og Linnea Deb Erlend Bratland og Linnea Deb 85 373 2
3 «All Over the World» Tor Endresen og Elisabeth Andreassen Are Selheim og Tor Endresen 43 686 4
8 «En godt stekt pizza» Staysman & Lazz Stian Thorbjørnsen, Petter Kristiansen, Lars Erik Blokkhus, Jesper Borgen og Magnus Clausen 69 199 3
9 «A Monster Like Me» Mørland og Debrah Scarlett Kjetil Mørland 88 869 1

Røysting[endre | endre wikiteksten]

Dei fire mest populære songane i første runde gjekk vidare til gullfinalen. Det fulle resultatet frå første runde blei aldri offentleggjort, og gullfinalistane blei presenterte i tilfeldig rekkjefølgje. I gullfinalen blei resultatet avgjort av sjåarane sine SMS-røyster. Dei var delte i fem geografiske regioner ut frå kvar i landet dei var sende frå. Kvar røyst talde eitt poeng. Poenga for landsdelane under motsvarar dimed alle mottatte telefon- og SMS-røyster. Røystene blei leste opp av sjåarar som heldt Grand Prix-festar rundt om i landet.

Røystinga blei den mest spennande på mange år, og «Thunderstruck» leia stort sett heile vegen. «A Monster Like Me» var berre favoritt i ein landsdel, men fekk 10 000 fleire røyster enn «Thunderstruck» frå Austlandet og vann til slutt med ein margin på rundt 3 500 røyster.[6]

Nr. Tittel Nord-Noreg Midt-Noreg Sør-Noreg Vest-Noreg Aust-Noreg Totalt
1 «Thunderstuck» 8 504 7 161 10 816 21 558 37 334 85 373
3 «All Over the World» 5 222 4 670 5 574 8 386 19 834 43 686
8 «En godt stekt pizza» 5 392 3 595 7 010 4 134 49 068 69 199
9 «A Monster Like Me» 7 778 7 013 17 340 9 435 47 303 88 869

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Mørland og Debrah Scarlett under den internasjonale finalen i Wien.

Størst merksemd før finalen skapte duoen Staysman & Lazz, som frå før var kjend for sine mange partylåtar. Før finalen blei «En godt stekt pizza» spelt over ein million gonger på musikkstrøymetenesta Spotify.[7] Vokalist Stian Thorbjørnsen tatoverte også Melodi Grand Prix-logoen på magen. «MGP er kanskje det største jeg har vært med på bortsett fra da barna mine ble født, så da må jeg jo gjøre det ordentlig.» sa Thorbjørnsen til NRK.[8] «En godt stekt pizza» blei liggande sju veker på VG-lista med ein 13. plass som beste plassering, medan vinnarlåten «A Monster Like Me» låg tre veker på lista med ein 23. plass som beste notering.[9][10]

Etter finalen fekk Debrah Scarlett kritikk for at ho spontant ropte «Fy faen!» på direkten under sigersintervjuet. Ole Ivars-frontfigur William Kristoffersen kalla kommentaren lågmål, og banninga blei også klaga inn til Kringkastingsrådet. Scarlett sjølv orsaka banninga og forklarte at ho var i ein uvand situasjon og i sigersrus.[11][12]

NRK gjorde suksess med finalen, og sendinga blei sett av 1 250 000. Det var ein auke på nesten 500 000 frå året før, og det høgaste sjåartalet for ein norsk finale sidan 2011.[13]

Opnings- og pausenummer i finalen[endre | endre wikiteksten]

  • «Dschinghis Khan», framført av Silya Nymoen, Kåre Magnus Bergh, Erlend Bratland, Raylee, Tor Endresen, Elisabeth Andreassen, Jenny Langlo, Ira Konstantinidis, Contrazt, Marie Klåpbakken, Staysman & Lazz, Kjetil Mørland, Debrah Scarlett, Alexandra Joner og Karin Park.[6][14]
  • «Silent Storm», framført av Carl Espen og Josefin Winter.
  • «La det swinge», framført av Silya Nymoen og Bobbysocks.

Adam Schjølberg og Tore Petterson frå NRK1-serien Sofa tok òg del i programmet, der dei mellom anna gjorde intervju og diskuterte bidraga.

I tillegg blei korte klipp av tidlegare bidrag i Eurovision Song Contest vist under sendinga, delt inn i ulike kategoriar:[6]

Topp 3 Overdådige kostyme
Topp 3 Koko koreografi
Topp 3 Lalala-songar
Topp 3 Høge C-tonar
Topp 3 Kreative sceneelement
Topp 3 Rart


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Talseth, Hegseth, Hovland og Alvsing, Thomas, Morten, Kirsti og Felicia (11. mars 2014). «– NRK har ødelagt Melodi Grand Prix»VG Nett.
  2. Riise, Hege Bakken (11. mars 2014). «MGP – Programmet alle elsker å hate». nrk.no.
  3. Sand, Camilla (21. januar 2015). «Dette er årets Melodi Grand Prix-deltagere»nrk.no.
  4. Johansen, Øystein David (11. november 2014). «MGP skal gjenskape den «gode, gamle følelsen»»VG Nett.
  5. Askersrud, Rikke (9. mars 2015). «Se hvilket startnummer din MGP-favoritt har»nrk.no.
  6. 6,0 6,1 6,2 «Melodi Grand Prix 2015 – Finale». Norsk rikskringkasting. 14. mars 2015. Besøkt 14. august 2016.
  7. Aanstad og Ighanian, Kristine Hellem og Catherine Gonsholt (13. mars 2015). «Grand Prix-låten «En godt stekt pizza» streamet en million ganger»VG Nett.
  8. Riise, Hege Bakken (13. mars 2015). «Tatoverte MGP-logoen på magen»nrk.no.
  9. «VG-lista for 'En godt stekt pizza'». Verdens Gang. Besøkt 16. august 2016.
  10. «VG-lista for 'A Monster Like Me'». Verdens Gang. Besøkt 16. august 2016.
  11. Marthinussen, Linn-Christin (16. mars 2015). «Raser mot MGP-vinner: – Det blir totalt lavmål og forferdelig usmakelig» Arkivert 2016-09-21 ved Wayback Machine.. Dagbladet.no.
  12. Hagen og Ighanian, Sverre Nordberg-Schulz og Catherine Gonsholt (15. mars 2014). «MGP-stjernen beklager banning»VG Nett.
  13. Gjestad, Robert Hoftun (16. mars 2015). «Seersuksess for NRK og MGP»Aftenposten.no.
  14. «Se åpningen av årets MGP-fest». NRK.no. 14. mars 2015. Henta 18. mars 2015.