Melodi Grand Prix 2018

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Melodi Grand Prix 2018
Melodi Grand Prix logo.png
Dato
Finale 10. mars 2018
Vertskap
Finale Oslo Spektrum, Oslo
Programleiarar Kåre Magnus Bergh og
Silya Nymoen
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 10
Vinnar
Song «That's How You Write a Song»
Artist Alexander Rybak
Resultat i Eurovision Song Contest 2018
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 2017 EuroNoruega.svg

Melodi Grand Prix 2018 var den 56. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Tevlinga blei arrangert 10. mars 2018 i Oslo Spektrum, med Kåre Magnus Bergh og Silya Nymoen som programleiarar. Ti songar deltok, og som i 2017 blei vinnaren kåra av sjåarane saman med ti internasjonale jurygrupper. Vinnaren blei Alexander Rybak med «That's How You Write a Song». Rybak skal representere Noreg i Eurovision Song Contest 2018 i Portugal i mai 2018.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Som tidlegare år inviterte NRK norske og utanlandske musikarar til til å sende inn songar til tevlinga. Denne gongen kom likevel invitasjonen rekordtidleg – allereie 31. januar 2017, halvannan månad før finalen av Melodi Grand Prix 2017. «Vi er i oppkøyringa til årets MGP-finale, men jobbar parallelt med å finne låtar og artistar til MGP 2018. Dette er ein del av ein langsiktig plan for at Noreg igjen skal vinne Eurovision Song Contest», sa prosjektleiar Stig Karlsen. Fristen for å sende bidrag vart sett til 10. september 2017. Då fristen gjekk ut, hadde NRK fått nærare 1200 melodiar, noko som var ny rekord for andre år på rad.[2]

Låtene blei vurdert og testa ut anonymisert på fleire lyttargrupper. Gruppene har vore vanlege sjåarar i forskjellige aldrar. Også flere av NRKs musikkredaksjonar har vore med på å velje ut finalelåtane.[3] NRK offentleggjorde finalistane under ei pressekonferanse på NRK Marienlyst måndag 15. januar 2018. Same dag blei låtane slepte for strøyming og sal.[4]

Deltakarar[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Låtskrivarar Status
1 «You Got Me» Stella og Alexandra Gustav Eurén, Niclas Arn, Stella Mwangi og Andreas Alfredsson Gullfinale
2 «Talk to the Hand» Aleksander Walmann Joakim With Steen, Jonas McDonnell og Magnus Klausen Gullfinale
3 «Scandilove» Ida Maria Ida Maria Børli Sivertsen og Stefan Törnby Ute
4 «Light Me Up» Nicoline Nicoline Berg Kaasin, Johan Larsson og Emilie Adams Ute
5 «I Like I Like I Like» Tom Hugo Tom Hugo Hermansen Ute
6 «Stop the Music» Charla K Charla K, Per Gessle og Alex Shield Ute
7 «Tengo Otra» Alejandro Fuentes Alejandro Fuentes, Angel Arce Pututi og Alejandro Pututi Ute
8 «Moren din» Vidar Villa Vidar André Mohaugen, Jonas Thomassen og Martin Thomassen Ute
9 «Who We Are» Rebecca Kjetil Mørland Gullfinale
10 «That's How You Write a Song» Alexander Rybak Alexander Rybak Gullfinale

Gullfinale[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Låtskrivarar Status
1 «You Got Me» Stella og Alexandra Gustav Eurén, Niclas Arn, Stella Mwangi og Andreas Alfredsson Ute
2 «Talk to the Hand» Aleksander Walmann Joakim With Steen, Jonas McDonnell og Magnus Klausen Ute
9 «Who We Are» Rebecca Kjetil Mørland Gullduell
10 «That's How You Write a Song» Alexander Rybak Alexander Rybak Gullduell

Gullduell[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Låtskrivarar Status
9 «Who We Are» Rebecca Kjetil Mørland Andreplass
10 «That's How You Write a Song» Alexander Rybak Alexander Rybak Vinnar

Røysting[endre | endre wikiteksten]

Første runde[endre | endre wikiteksten]

I første runde røysta dei internasjonale juryane på bidraga med poeng frå 1–8, 10 og 12. Det var ti internasjonale juryar med fem medlemmar i kvar gruppe.[5] Totalt gav dei ti juryane 580 poeng, og tv-sjåarane hadde like mange poeng til fordeling. Sjåarane sine poeng blei gitt ut frå kor mange prosent kvar song fekk. Dersom eit bidrag fekk 10 prosent av SMS-røystene, fekk denne songen 10 prosent av sjåaranes 580 poeng – altså 58 poeng. Dei fire songane med flest poeng avanserte til gullfinalen. Berre juryane sine favoritter blei leste opp under røystinga, det fulle resultatet frå første runde blei ikkje offentliggjort.[5]

Nr. Tittel Flag of France.svg Frankrike Flag of Russia.svg Russland Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkia Flag of Denmark.svg Danmark Flag of Bulgaria.svg Bulgaria Flag of Estonia.svg Estland Flag of Macedonia.svg Makedonia Flag of Israel.svg Israel Flag of Sweden.svg Sverige Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
1 «You Got Me» Flag of France.svg Frankrike Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
2 «Talk to the Hand» Flag of Israel.svg Israel
3 «Scandilove»
4 «Light Me Up»
5 «I Like I Like I Like»
6 «Stop the Music»
7 «Tengo Otra»
8 «Moren din»
9 «Who We Are» Flag of Denmark.svg Danmark Flag of Bulgaria.svg Bulgaria Flag of Sweden.svg Sverige
10 «That's How You Write a Song» Flag of Russia.svg Russland Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkia Flag of Estonia.svg Estland Flag of Macedonia.svg Makedonia
Talspersonar for juryane[6]

Gullfinale[endre | endre wikiteksten]

I gullfinalen var det norske sjåarar aleine som røysta. Etter ein kort reprise av songane, blei dei fire gullfinalistane sette opp i to par. Vinnarane frå kvart par møtte kvarandre deretter i ein gullduell.[5] Røystetala i gullfinalen og namna på dei internasjonale dommarane blei offentliggjorde på nrk.no etter finalen.[6][7]

Nr. Tittel Artist Status
1 «You Got Me» Stella og Alexandra Ute
2 «Talk to the Hand» Aleksander Walmann Ute
9 «Who We Are» Rebecca Gullduell
10 «That's How You Write a Song» Alexander Rybak Gullduell

Gullduell[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Røyster Plass
9 «Who We Are» Rebecca 2
10 «That's How You Write a Song» Alexander Rybak 1

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Etter to år valde Jan Fredrik Karlsen å trekkja seg som musikalsk leiar for Melodi Grand Prix, og i staden tok prosjektleiar Stig Karlsen over ansvaret.[8][9] Stig Karlsen fortalde NRK at dei internasjonale juryane kjem tilbake i 2018, og at han vil bruka ei eiga referansegruppe av interne og eksterne musikkfolk, Eurovision-fans og representantar frå publikum.[10]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «MGP 2018: Påmeldingen er i gang!
  2. Hyttebakk, Jon Marius (11. september 2017). «Ny påmeldingsrekord i MGP». NRK.no (norsk). Henta 11. september 2017. 
  3. Anders Martinius Tangen (10.november 2017). «escNorge» (norsk). escNorge.net.  Sjekk datoverdiar i |dato= (hjelp)
  4. Jon Marius Hyttebakk (15. januar 2018). «Her er artistene i MGP 2018» (norsk). NRK.no. Henta 15. januar 2018. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Tangen, Anders Martinius. «Femti personer i den internasjonale juryen i MGP - escNorge» (på bokmål). 
  6. 6,0 6,1 Hyttebakk, Jon Marius (11. mars 2018). «Medlemmene i den internasjonale juryen». nrk.no (bokmål). Henta 11. mars 2018. 
  7. NRK. «Melodi Grand Prix 2018». NRK (på bokmål). 
  8. «Jan Fredrik sluttar som MGP-general».
  9. «Karlsen gjev seg som MGP-general».
  10. «Karlsen gjev seg som MGP-general».