Melodi Grand Prix 2019

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Melodi Grand Prix 2019
Melodi Grand Prix logo.png
Dato
Finale 2. mars 2019
Vertskap
Programleiarar Kåre Magnus Bergh
Heidi Ruud Ellingsen
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 10 bidrag
Vinnar
Song «Spirit in the Sky»
Artist KEiiNO
Resultat i Eurovision Song Contest 2019
Semifinalepoeng 210
Semifinaleplass 7
Finalepoeng 331
Finaleplass 6
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 2018 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 2020

Melodi Grand Prix 2019 var den 57. utgåva av Melodi Grand Prix, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest. Tevlinga vart arrangert av NRK og fann stad i Oslo Spektrum laurdag 2. mars 2019.[1] Ti songar deltok i tevlinga, og vinnaren vart gruppa KEiiNO med songen «Spirit in the Sky», skriven av Tom Hugo, Fred Buljo, Alexandra Rotan, Henrik Tala, Alex Olsson og Rüdiger Schramm. Songen representerte Noreg i Eurovision Song Contest i Israel i mai 2019, der han enda på sjetteplass. Kåre Magnus Bergh var programleiar for femte år på rad, medan makkeren Heidi Ruud Ellingsen leia sendinga for fyrste gong.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Som tidlegare år inviterte NRK norske og utanlandske musikarar til å sende inn songar til Melodi Grand Prix. I likskap med fjoråret opna redaksjonen for påmelding til 2019-finalen allereie før 2018-finalen var arrangert. Påmeldinga til Melodi Grand Prix 2019 opna 31. januar 2018, med frist til 9. september.[3][4] Litt over 1000 bidrag kom inn til redaksjonen innan fristen, ein nedgang frå åra før.[5] Bidraga vart reduserte til rundt 60 låtar som deretter vart presenterte for ulike lyttargrupper. Dei 60 songane vart deretter skorne ned til 10 finalistar som var offentleggjorde av NRK under ein pressekonferanse fredag 25. januar 2019. Finalelåtane vart slopne for sal og strøyming same dag.[1]

Carina Dahl og Tom Hugo deltok i tevlinga for tredje gong, medan Erlend Bratland, Alexandra Rotan, Hans-Erik Dyvik Husby og den tidlegare vinnaren Kjetil Mørland deltok for andre gong. På førehand var KEiiNO den største favoritten, etterfølgd av Kjetil Mørland og Adrian Jørgensen.[6][7][8]

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart arrangert i Oslo Spektrum, der tevlinga har vore arrangert kvart år siden 2001. Sendinga vart overført direkte på NRK1, NRK TV, og på NRK P1 med Ole Christian Øen som kommentator.[9] Sendingen varte fra 21.00 til 23.45. Opphavleg sendetid var 20.55–23.15,[10] men sendestarten vart forskjøven til 21.00 på grunn av Jakob Ingebrigtsen sitt gulløp under innandørs-EM i friidrett.[11]

Finalen opna med at fjorårsvinnaren Alexander Rybak framførte dei to vinnarsongane sine i Melodi Grand Prix: «That’s How You Write a Song» (2018) og «Fairytale» (2009). Deretter ønska programleiarane Kåre Magnus Bergh og Heidi Ruud Ellingsen velkommen.[12] Dei ti bidraga vart fyrst framført éin gong, før sjåarane og ti internasjonale jurygrupper røysta fram fire songar til gullfinalen. Erlend Bratland fekk framføre låten sin på nytt, sidan pyroteknikken ikkje fungerte under den fyrste framføringa.[13]

I fyrste runde talde røystene frå sjåarane 50 prosent og poenga frå dei internasjonale jurygruppene dei siste 50 prosentane. Frå fyrste runde gjekk D'Sound, Anna-Lisa Kumoji, Adrian Jørgensen og KEiiNO vidare til gullfinalen.[14] Sjåarane kunne røyste per SMS eller via nettsidene til NRK.

I gullfinalen vart røystene nullstilte, og det vart vist utdrag av gullfinalistane. Deretter avanserte dei to låtane med flest røyster til ein gullduell: KEiiNO og Adrian Jørgensen. Dei to duellantane opptredde deretter på nytt, før sjåarane røysta igjen. Både i gullfinalen og gullduellen var det norske sjåarar åleine som kåra vinnaren.[14][15] Til slutt vart KEiiNO kåra til vinnar etter å ha fått flest røyster frå sjåarane. Dette var andre gongen ein norsk vinnarlåt inneheldt joik; fyrste gongen var i 1980, då «Sámiid ædnan» vann den norske finalen.[16]

I pausen før gullfinalen rapporterte Stian «Staysman» Thorbjørnsen frå ein MGP-fest i Slevik i Østfold.[12] Deretter vart artisten Tor Endresen heidra for sin MGP-innsats, då Tone Damli, Christine Guldbrandsen og Heidi Ruud Ellingsen framførte slageren hans «Ingen er så nydelig som du».[17] Sidan 1987 hadde Endresen delteke i Melodi Grand Prix tolv gongar, berre Jahn Teigen hadde delteke fleire gongar med sine fjorten deltakingar. I pausen før vinnaren vart kåra, opptredde fjorårets Eurovision-vinnar, israelske Netta Barzilai, med «Toy».[18]

Deltakarar[endre | endre wikiteksten]

Under er deltakarane ut frå startrekkefølgja som vart offentleggjord 22. februar.[19]

Nr. Tittel Artist Låtskrivarar Status
1 «We Try» Chris Medina Chris Medina, Jason Gill, Tormod Løkling og Julimar Santos Ute
2 «Mr. Unicorn» D'Sound Kim Ofstad, Jonny Sjo, Mirjam Omdal, Magnus Martinsen og Tormod Martinsen Gullfinale
3 «En livredd mann» Kjetil Mørland Kjetil Mørland Ute
4 «Holla» Anna-Lisa Kumoji Ashley Hicklin, Jeroen Swinnen og Maria Broberg Gullfinale
5 «Sing for You» Erlend Bratland Erlend Bratland, Arvid Solvang og Nils Egil Brandsæter Ute
6 «Feel» Ingrid Berg Mehus Ingrid Berg Mehus, Bjørnar Hopland og Anthony Modebe Ute
7 «Fake It» Hank von Hell Hans-Erik Dyvik Husby og Andreas Werling Ute
8 «Hold Me Down» Carina Dahl Ashley Hicklin, Jeroen Swinnen, Pele Loriano, Laurell Barker og Laura Groeseneken Ute
9 «The Bubble» Adrian Jørgensen Jonas McDonnell, Aleksander Walmann og Kjetil Mørland Gullfinale
10 «Spirit in the Sky» KEiiNO Tom Hugo, Fred Buljo, Alexandra Rotan, Henrik Tala, Alex Olsson og Rüdiger Schramm Gullfinale

Gullfinale og gullduell[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Låtskrivarar Plass
2 «Mr. Unicorn» D'Sound Kim Ofstad, Jonny Sjo, Mirjam Omdal, Magnus Martinsen og Tormod Martinsen 3
4 «Holla» Anna-Lisa Kumoji Ashley Hicklin, Jeroen Swinnen og Maria Broberg 4
9 «The Bubble» Adrian Jørgensen Jonas McDonnell, Aleksander Walmann og Kjetil Mørland 2
10 «Spirit in the Sky» KEiiNO Tom Hugo, Fred Buljo, Alexandra Rotan, Henrik Tala, Alex Olsson og Rüdiger Schramm 1

Avrøysting[endre | endre wikiteksten]

Fyrste runde[endre | endre wikiteksten]

I fyrste runde røysta dei internasjonale jurygruppene på bidraga med poeng i valørane 1–8, 10 og 12. Det var ti internasjonale jurygrupper med fem medlemmar i kvar gruppe. Totalt gav dei ti juryguppene 580 poeng, og tv-sjåarane hadde like mange poeng til fordeling. Poenga frå sjåarane vart fordelte ut frå kor stor prosentandel kvar song fekk. Dersom eit bidrag fekk 10 prosent av røystene, fekk denne songen 10 prosent av sjåarane sine 580 poeng – altså 58 poeng. Dei fire songane med flest poeng avanserte til gullfinalen.[14][15] Sjåarane kunne røyste per SMS, og for fyrste gang gratis via nrk.no.[20]

Nr. Tittel Flag of Italy.svg Italia Flag of Georgia.svg Georgia Flag of Spain.svg Spania Flag of Denmark.svg Danmark Flag of Portugal.svg Portugal Flag of Switzerland.svg Sveits Flag of Macedonia.svg Nord-Makedonia Flag of Ireland.svg Irland Flag of Hungary.svg Ungarn Flag of Israel.svg Israel
1 «We Try»
2 «Mr. Unicorn» Flagget til Georgia Flagget til Spania Det nordmakedonske flagget Det irske flagget
3 «En livredd mann» Flagget til Danmark
4 «Holla» Flagget til Italia
5 «Sing For You»
6 «Feel»
7 «Fake It»
8 «Hold Me Down»
9 «The Bubble» Flagget til Portugal Flagget til Sveits Flagget til Ungarn
10 «Spirit in the Sky» Flagget til Israel
Talspersonar for jurygruppene[21]
  • Flagget til Georgia – Sopho Torosjelidze
  • Flagget til Italia – Nicola Caligiore
  • Flagget til Spania – Antonio Losada Vela
  • Flagget til Danmark – Mads Enggaard
  • Flagget til Sveits – Reto Peritz
  • Det nordmakedonske flagget – Aleksandra Jovanovska
  • Flagget til Portugal – Isabel Roma
  • Flagget til Ungarn – Lőrinc Bubnó
  • Det irske flagget – Zbyszek Zalinski
  • Flagget til Israel – Amit Wulff

Gullfinalen[endre | endre wikiteksten]

I gullfinalen var det norske sjåarar åleine som røysta. Etter ein kort reprise av songane, vart dei fire gullfinalistane sette opp i to par. Vinnarane frå kvart par møtte deretter kvarandre i ein gullduell. Gullduellantane fekk med seg røystene frå fyrste delen av gullfinalen. Røystetala i gullfinalen samt namna på dei internasjonale dommarane vart offentleggjorde på nrk.no etter finalen.[20]

Nr. Tittel Artist Gullfinale Gullduell Plass
2 «Mr. Unicorn» D'Sound 11 123 Ikke kvalifisert 3
4 «Holla» Anna-Lisa Kumoji 6 718 4
9 «The Bubble» Adrian Jørgensen 55 794 162 608 2
10 «Spirit in the Sky» KEiiNO 98 324 231 937 1

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Sjåartal[endre | endre wikiteksten]

Prosjektleiaren Stig Karlsen uttalte at han ønskte seg eit deltakarfelt med «kjendiser og artister som folk kjenner». NRK vil «gjøre en enda større jobb for å bringe fram noen nye talenter også», sa Karlsen i eit intervju med NTB etter den internasjonale finalen i 2018.[22] NRK hadde ved fleire høve uttalt at Melodi Grand Prix 2019 ser ut til å bli «historiens største MGP-finale».[1] Finalen hadde 961 000 sjåarar og ein marknaddel på 62,1 prosent – noko ned frå 1 001 000 sjåarar og ein del på 68,6 prosent frå året før.[23] Programmet var det fjerde mest sette på norsk tv denne helga.[24]

Plagiatskuldingar mot vinnaren[endre | endre wikiteksten]

Etter finalen påpeika brukarar i sosiale medium at vinnarlåten «Spirit in the Sky» var lik det finske bidraget «Monsters» med Saara Aalto i Eurovision Song Contest 2018. Fleire av dei internasjonale juryane i den norske finalen meinte det same og gav låten trekk då dei skulle bedøme låtane.[25] Musikkmeldaren i VG, Tor Martin Bøe, meinte låtane hadde «klare likhetstrekk». Den musikalske leiaren for Melodi Grand Prix, Stig Karlsen, var einig i at songane hadde visse likskapar, men la til at «Spirit in the Sky» er «et hav unna å være plagiat».[25] Låtskrivaren Tom Hugo Hermansen avviste også plagiatskuldingane og la til: «melodien i både Monsters-låten og vår er innom fire toner som utgjør en mollakkord. Rytmen og lengden på tonene er ikke lik, og disse fire tonene er å finne i mange andre låter».[26]

Kritikk mot NRK[endre | endre wikiteksten]

KEiiNO under prøvene i Eurovision Song Contest i Tel Aviv. Foto: Martin Fjellanger, Eurovision Norway, EuroVisionary

Eit par månadar etter den norske finalen kom musikkmanageren Erland Bakke med kritikk mot NRK. Til Dagbladet meinte Bakke at sentrale personar i NRK blanda saman roller og la «sterke føringer for hvem som vinner den norske MGP-finalen».[27] Han peika på at tre av deltakarane i 2019 var knytte til selskapet Starworks, som vet delvis eigd av den innleia konsulenten og scenografen Mattias Carlsson. Fleire juristar, blant andre jusprofessor Jan Fridthjof Bernt ved Universitetet i Bergen, meinte Carlsson var inhabil fordi han kan ha «økonomiske interesser i hvilke sanger som velges ut».[27] NRK avviste skuldingane, og underhaldingssjefen Charlo Halvorsen understreka at Carlsson ikkje hadde nokon «beslutningsmyndighet i forbindelse med deltakende artister og låter».[27]

Under Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv uttala vinnarane KEiiNO at dei synest NRK burde dekkje promotering, reiser og tapt arbeidsinntekt for dei norske representantane i forkant av tevlinga.[28] Mellom den norske finalen og den internasjonale konkurransen hadde bandet turnert i Europa for eiga rekning.[29] Kostnadane vart dekka av kredittkort og kronerulling. NRK opplyste at kanalen brukte 3 millionar kroner på Eurovision Song Contest, inkludert senderettar. Til TV 2 uttalte prosjektleiar Stig Karlsen at NRK la store ressursar i deltakinga til artistane. «Alle må bringe noe til bordet, og i artistens tilfelle betyr det deres tid og talent», sa Karlsen til TV 2.[29]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Hyttebakk, Jon Marius (28. september 2018). «Lover spektakulært MGP-show». NRK.no (norsk bokmål). Henta 29. september 2018. 
  2. Sand, Camilla (6. desember 2018). «Leder Melodi Grand Prix 2019». NRK (norsk bokmål). Henta 6. desember 2018. 
  3. Hyttebakk, Jon Marius (31. januar 2018). «Nå kan du sende inn låt til MGP 2019». nrk.no (norsk bokmål). Henta 3. mars 2018. 
  4. Pettersen, Mandy (31. januar 2018). «Rekordtidlig åpent for innsending av bidrag til MGP 2019 - escNorge». ESC Norge (norsk bokmål). Henta 18. juli 2018. [daud lenkje]
  5. Tangen, Anders Martinius. «MGP-låtene slippes trolig i midten av januar - escNorge» (norsk bokmål). Henta 11. september 2018. [daud lenkje]
  6. «Odds Norway Melodi Grand Prix 2019». Eurovisionworld. Henta 3. mars 2019. 
  7. Røssl, Mathilde Lea Marie (2. mars 2019). «Storfavorittene før finalen: - Et press». Dagbladet.no (norsk). Henta 3. mars 2019. 
  8. Verstad, Anders Boine (2. mars 2019). «Storfavorittene KEiiNO om MGP-finalen: – Vi er her for å vinne». NRK (norsk bokmål). Henta 3. mars 2019. 
  9. «Melodi Grand Prix 2019 – NRK P1». NRK Radio (norsk). Norsk rikskringkasting. Henta 21. februar 2019. 
  10. «NRK TV – Guide for 2. mars 2019». NRK TV (norsk). Norsk rikskringkasting. Henta 21. februar 2019. 
  11. «Historisk EM-gull til Ingebrigtsen: - Ekstremt overraskende at Henrik kjører». www.vg.no (norsk). Henta 3. mars 2019. 
  12. 12,0 12,1 «Melodi Grand Prix 2019». NRK TV (norsk). 2. mars 2019. Henta 3. mars 2019. 
  13. Maren Wilberg Rostad og Stein Østbø (2. mars 2019). «Erlend Bratland måtte synge på nytt». www.vg.no (norsk). VG Nett. Henta 3. mars 2019. 
  14. 14,0 14,1 14,2 Hansen, Tommy. «Slik blir avstemningen i årets MGP - escNorge». escnorge.net (norsk bokmål). Henta 21. februar 2019. [daud lenkje]
  15. 15,0 15,1 NRK (2. mars 2019). «Slik kåres MGP-vinneren». NRK (norsk bokmål). Henta 3. mars 2019. 
  16. Henriksen, Arve (2. mars 2019). «Joiken skal til Tel Aviv». Aftenposten. Henta 3. mars 2019. 
  17. Stein Østbø; Maren Wilberg Rostad (2. mars 2019). «Tor Endresen (59) ble rørt til tårer av MGP-hyllest». www.vg.no (norsk). VG Nett. Henta 3. mars 2019. 
  18. Catherine Gonsholt Ighanian (28. februar 2019). «Eurovision-stjernen Netta Barzilai til MGP-finalen». www.vg.no (norsk). VG Nett. Henta 2. mars 2019. 
  19. Zaheer, Nafisa (22. februar 2019). «Her er årets rekkefølge i MGP-finalen». NRK (norsk bokmål). Henta 22. februar 2019. 
  20. 20,0 20,1 Hyttebakk, Jon Marius (4. mars 2019). «Overlegen MGP-seier til KEiiNO». NRK (norsk bokmål). Henta 4. mars 2019. 
  21. Hyttebakk, Jon Marius (2. mars 2019). «Medlemmene i den internasjonale juryen». NRK (norsk bokmål). Henta 3. mars 2019. 
  22. «NRK vil ha flere ukjente talenter i MGP». NTB/ ABC Nyheter (norsk). 13. mai 2018. Henta 18. juli 2018. 
  23. Helle, Birk Tjeldflaat (4. mars 2019). «Melodi Grand Prix ga tidenes dårligste seertall for «Skavlan»». www.dn.no. Henta 4. mars 2019. 
  24. Jerijervi, Dag Robert. «Svakeste Melodi Grand Prix-finale på fem år». kampanje.com (norsk bokmål). Henta 4. mars 2019. 
  25. 25,0 25,1 Ording, Oda (3. mars 2019). «Beskylder MGP-vinneren for plagiat». NRK (norsk bokmål). Henta 4. mars 2019. 
  26. Arve Henriksen (3. mars 2019). «MGP-vinner beskyldes for plagiat». Aftenposten. Henta 4. mars 2019. 
  27. 27,0 27,1 27,2 Drefvelin, Caroline (18. mai 2019). «- NRK fører folk bak lyset». Dagbladet.no (norsk). Henta 27. mai 2019. 
  28. Thomas Talseth og Stein Østbø (17. mai 2019). «KEiiNO mener det bør brukes mer penger på Melodi Grand Prix-vinnere». www.vg.no (norsk). VG. Henta 27. mai 2019. 
  29. 29,0 29,1 Marit Grøtte og Truls Aagedal (14. mai 2019). «Får ikke lønn av NRK – slik betaler de for Eurovision-drømmen». TV 2 (norsk bokmål). Henta 27. mai 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]