Melodi Grand Prix 2023
Melodi Grand Prix 2023 | ||||
---|---|---|---|---|
![]() | ||||
Dato | ||||
Delfinale 1 | 14. januar 2023 | |||
Delfinale 2 | 21. januar 2023 | |||
Delfinale 3 | 28. januar 2023 | |||
Finale | 4. februar 2023 | |||
Vertskap | ||||
Delfinale 1 | Screen Studios Nydalen | |||
Delfinale 2 | Screen Studios Nydalen | |||
Delfinale 3 | Screen Studios Nydalen | |||
Finale | Trondheim Spektrum | |||
Programleiarar | Arian Engebø Stian «Staysman» Thorbjørnsen | |||
Kringkastar | Norsk rikskringkasting | |||
Deltakarar | ||||
Deltakarar | 21 | |||
Vinnar | ||||
Resultat i Eurovision Song Contest 2023 | ||||
Noreg i Eurovision Song Contest | ||||
|
Melodi Grand Prix 2023 vert den 61. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttak til Eurovision Song Contest. Vinnaren av tevlinga får representere Noreg i Eurovision Song Contest 2023.
NRK arrangerer tevlinga, og ho består av tre delfinalar i Oslo og ein stor finale i Trondheim Spektrum laurdag 4. februar 2023.[1] Til saman deltek 21 songar, fordelt på sju songar i kvar delfinale. Frå kvar delfinale røyster sjåarane fram tre bidrag til finalen. I finalen deltek ni bidrag, og vinnaren vert kåra av sjåarane og ein internasjonal fagjury.[2]
Delfinalene vert arrangerte i Screen Studios Nydalen laurdag 14., 21. og 28. januar, medan finalen vert arrangert i Trondheim Spektrum laurdag 4. februar. Programleiarar for Melodi Grand Prix 2023 er radioprofil Arian Engebø og musikar og låtskrivar Stian «Staysman» Thorbjørnsen.[3][4]
Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]
Ein månad etter Eurovision Song Contest 2022 opna NRK for innsending av bidrag til den norske tevlinga i 2023. Fristen for å sende inn bidrag er sett til 18. september 2022.[1]
Tevlinga var open for alle låtskrivarar, men kvar låtskrivar fekk maksimalt sende inn tre låtar. Kvart bidrag som vart sendt inn måtte ha minst ein norsk bidragsytar for å «prioritere og fremme norsk musikkliv».[1]
I tillegg til den opne innsendinga såg NRK etter potensielle bidrag gjennom målretta søk og direkte dialog med den norske musikkbransjen. Det vart òg halde eigne låtskrivarsamlingar der målet var å produsere låtar til tevlinga.[5][6]
NRKs jury valde ut deltakarlåtane i november 2022.[1] Til saman deltek 21 låtar, fordelte på tre delfinalar. Deltakarane vart offentleggjorde under ein pressekonferanse i Oslo onsdag 4. januar 2023, og låtane til kvar delfinale vert slopne måndagen i den respektive delfinale-veka.[2]
Format[endre | endre wikiteksten]
Melodi Grand Prix 2023 vil, som ved tidlegare år, bestå av fleire delfinalar i forkant av finalen, men i 2023 er arrangementet stramma inn og gjort meir kompakt. Siste sjanse-runden er borte, og antall delfinalar er redusert til tre. Samstundes er det ingen førehandskvalifiserte finalistar, og NRK har fjerna duellordninga i delfinalane.[2]
Sjåarane røyster fram tre bidrag frå kvar delfinale, slik at det vert ni bidrag i finalen. I finalen skal resultatet avgjerast av sjåarane saman med fleire internasjonale jurygrupper. Jurygruppene består av bransjefolk fra eit utvalt land og tel 50 prosent. Publikumsrøystene tel dei resterande 50 prosentane.[2]
Sendingane[endre | endre wikiteksten]
Delfinalane vert arrangerte høvesvis laurdag 14., 21. og 28. januar 2023 direkte frå Screen Studios i Nydalen i Oslo.[2] Finalen finn stad i Trondheim Spektrum laurdag 4. februar 2023, den same arenaen som husa finalen i 2020.
Dette er andre gongen Trondheim vert vertsby for ein finale, og det er fjerde gongen i Melodi Grand Prix-historien at finalen vert arrangert utanfor Oslo-området.[7] NRK er arrangør for tevlinga, og dei fire sendingane vert overførte direkte på NRK1 og NRK TV. Finalen vert også send på NRK P1.
Sending | Dato | Arena | Antall bidrag |
---|---|---|---|
Delfinale 1 | 14. januar 2023 | Screen Studios Nydalen | 7 |
Delfinale 2 | 21. januar 2023 | 7 | |
Delfinale 3 | 28. januar 2023 | 7 | |
Finale | 4. februar 2023 | Trondheim Spektrum | 9 |
Programleiarar[endre | endre wikiteksten]
Dei fire sendingane skal leiast av radioprofilen Arian Engebø og musikaren og låtskrivaren Stian «Staysman» Thorbjørnsen. Begge debuterer som programleiarar for Melodi Grand Prix, men Thorbjørnsen har delteke som artist to gongar: i 2015 som del av duoen Staysman & Lazz med låten «En godt stekt pizza», og i 2021 som del av gruppa Landeveiens helter med låten «Alt det der».[8]
Deltakarar[endre | endre wikiteksten]
Oversyn over deltakarane i Melodi Grand Prix 2023:[9]
Artist | Song | Låtskrivarar |
---|---|---|
Akuvi | «Triumph» | Beatrice Akuvi Hosen Kumordzie, Andreas Stone Johansson, Anderz Wrethov og Konstantinos Vlastaras |
Alejandro Fuentes | «Fuego» | Alejandro Fuentes, Nermin Harambasic, Chris Young og Mateo Camargo |
Alessandra Mele | «Queen of Kings» | Henning Olerud, Stanley Ferdinandez, Alessandra Mele og Linda Dale |
Atle Pettersen | «Masterpiece» | Andreas Stone Johansson, Hannah Dorothy Bristow og Atle Pettersen |
Bjørn Olav Edvardsen | «Turn off My Heart» | Bjørn Olav Edvardsen, Christian Ingebrigtsen og Henrik Thala |
Byron Williams Jr og Jowst | «Freaky for the Weekend» | Byron Williams Jr og Joakim With Steen |
Eirik Næss | «Wave» | Viktor Ljungqvist, Amalie Olsen og Eirik Næss |
Eline Thorp | «Not Meant to Be» | Jonas Holteberg Jensen, Andreas Stone Johansson, Elsa Søllesvik og Eline Thorp |
Ella | «Waist» | Raphaela Antônia Souza Silva, Timothy John Adam Gosden, Tristan Henry og Isabell Røren Hannevig |
Elsie Bay | «Love You in a Dream» | Elsa Søllesvik, Andreas Stone Johansson og Tom Oehler |
JONE | «Ekko inni meg» | Morten Franck, Christopher Colin Archer, Christine Ekeberg, Audun Agnar Guldbrandsen og Jonas Nes Steinset |
Kate Gulbrandsen | «Tårer i paradis» | Kjetil Mørland og Kate Gulbrandsen |
Maria Celin | «Freya» | Sindre Timberlid Jenssen, Anna Timgren, Gaute Ormåsen, Benjamin Alasu og Erik Fjeld |
Rasmus Thall | «Tresko» | Rasmus Simon Vedvik Thallaug, Farida Louise Bolseth Benounis og Robin Alexander Vedvik Helmersen |
Sandra Lyng | «Drøm d bort» | Sandra Lyng, Erlend Torheim, Ferdinann West og Kristina Blakli |
Skrellex | «Love Again» | Kai Thomas Ryen Larsen, Michael James Down, Will Taylor, Primoz Poglajen og Jonas Gladnikoff |
Stig van Eijk | «Someday» | Stig van Eijk og Beate Helen Thunes |
Swing’it | «Prohibition» | Martin Jarl Velsin, Jonah Charles Hitchens, Vebjørn Mamen og Sam Peter Norris |
Tiril Beisland | «Break It» | Emma Steinbakken, Emelie Hollow, Lars Rossnes og Benjamin Pinkus |
Ulrikke Brandstorp | «Honestly» | Jim Bergsted, Helge Moen, Ben Adams, Ulrikke Brandstorp, Joshua Oliver og Christoffer Gunnestad |
Umami Tsunami med Kyle Alessandro, Kristian Haugstøyl og Magnus Winjum | «Geronimo» | Torgeir Ryssevik, Carl-Henrik Wahl, Bjørn Olav Edvardsen, Sindre Timberlid Jenssen, Lasse Midtsian Nymann og Kristian Lund. |
Sendingane[endre | endre wikiteksten]
Finalen[endre | endre wikiteksten]
Finalen vert arrangert i Trondheim Spektrum laurdag 4. februar og vert overført direkte på NRK1, NRK P1 og NRK TV. Ni melodiar deltek – dei tre låtene med flest sjåarrøyster frå kvar av dei tre delfinalane. Vinnaren i finalen vert avgjort av røystene til sjåarane og ein internasjonal fagjury.
Startnr.[10] | Artist | Tittel | Plass | Poeng |
---|---|---|---|---|
01 | Jone | «Ekko inni meg» | ||
02 | Eline Thorp | «Not Meant to Be» | ||
03 | Skrellex | «Love Again» | ||
04 | Ulrikke Brandstorp | «Honestly» | ||
05 | Umami Tsunami | «Geronimo» | ||
06 | Atle Pettersen | «Masterpiece» | ||
07 | Swing’it | «Prohibition» | ||
08 | Elsie Bay | «Love You in a Dream» | ||
09 | Alessandra Mele | «Queen of Kings» |
Delfinale 1[endre | endre wikiteksten]
Delfinalen vart arrangert i Screen Studios i Nydalen i Oslo laurdag 28. januar 2023 klokka 19.50–21.10. Sjåarane røysta fram tre av låtane til finalen.[11]
Nr. | Artist[12] | Tittel | Resultat |
---|---|---|---|
01 | Alessandra Mele | «Queen of Kings» | Til finalen |
02 | Eirik Næss | «Wave» | Eliminert |
03 | Rasmus Thall | «Tresko» | Eliminert |
04 | Kate Gulbrandsen | «Tårer i paradis» | Eliminert |
05 | Umami Tsunami | «Geronimo» | Til finalen |
06 | Ulrikke Brandstorp | «Honestly» | Til finalen |
07 | Byron Williams Jr og Jowst | «Freaky for the Weekend» | Eliminert |
Delfinale 2[endre | endre wikiteksten]
Delfinalen vart arrangert i Screen Studios i Nydalen i Oslo laurdag 21. januar 2023 klokka 19.50–21.10. Sjåarane røysta fram tre av låtane til finalen.
Nr. | Artist[13] | Tittel | Resultat |
---|---|---|---|
01 | Jone | «Ekko inni meg» | Til finalen |
02 | Sandra Lyng | «Drøm d bort» | Eliminert |
03 | Alejandro Fuentes | «Fuego» | Eliminert |
04 | Swing’it | «Prohibition» | Til finalen |
05 | Elsie Bay | «Love You in a Dream» | Til finalen |
06 | Ella | «Waist» | Eliminert |
07 | Bjørn Olav Edvardsen | «Turn off My Heart» | Eliminert |
Delfinale 3[endre | endre wikiteksten]
Delfinalen vart arrangert i Screen Studios i Nydalen i Oslo laurdag 28. januar 2023 klokka 19.50–21.10. Sjåarane røysta fram tre av låtane til finalen.
Nr. | Artist[14] | Tittel | Resultat |
---|---|---|---|
01 | Akuvi | «Triumph» | Eliminert |
02 | Tiril Beisland | «Break It» | Eliminert |
03 | Skrellex | «Love Again» | Til finalen |
04 | Eline Thorp | «Not Meant to Be» | Til finalen |
05 | Stig van Eijk | «Someday» | Eliminert |
06 | Maria Celin | «Freya» | Eliminert |
07 | Atle Pettersen | «Masterpiece» | Til finalen |
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 NRK (21. juni 2022), «Send inn låt til MGP 2023», NRK (på norsk bokmål), henta 26. juni 2022
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Sand, Camilla (30. november 2022). «Slik blir Melodi Grand Prix 2023». NRK (norsk bokmål). Henta 30. november 2022.
- ↑ Svelstad, Oda Elise (5. oktober 2022). «Dei skal vere programleiarar for Melodi Grand Prix 2023». NRK. Henta 5. oktober 2022.
- ↑ Thomas Talseth (5. oktober 2022). «Kåre Magnus Bergh ute av Melodi Grand Prix-programlederrollen». www.vg.no (norsk bokmål). Henta 5. oktober 2022.
- ↑ «MGP 2023 Melodi Grand Prix låtskrivekamp for tekstforfattere, komponister og artister». www.facebook.com (norsk bokmål). Henta 26. juni 2022.
- ↑ «MGP 2023 Camp BERGEN», The Woods Norway (på engelsk), henta 26. juni 2022
- ↑ Svelstad, Oda Elise (30. november 2022). «Endringar i Melodi Grand Prix 2023: – Vil setje enda fleire kjensler i sving». NRK. Henta 30. november 2022.
- ↑ Sand, Camilla (5. oktober 2022). «Arian Engebø og Stian "Staysman" Thorbjørnsen skal lede Melodi Grand Prix 2023». NRK (norsk bokmål). Henta 30. november 2022.
- ↑ Svelstad, Oda Elise (4. januar 2023). «Dette er årets artistar i Melodi Grand Prix». NRK. Henta 4. januar 2023.
- ↑ Broen, Sara Marie (30. januar 2023). «Slik blir rekkefølgen i MGP-finalen!». NRK (norsk bokmål). Henta 30. januar 2023.
- ↑ «Melodi Grand Prix delfinale 1» (norsk bokmål). 14. januar 2023. Henta 4. januar 2023.
- ↑ «Slik blir rekkefølgen i første delfinale!» (norsk bokmål). 11. januar 2023. Henta 11. januar 2023.
- ↑ Broen, Sara Marie (19. januar 2023). «Slik blir rekkefølgen i andre delfinale!». NRK (norsk bokmål). Henta 19. januar 2023.
- ↑ Broen, Sara Marie (25. januar 2023). «Slik blir rekkefølgen i siste delfinale!». NRK (norsk bokmål). Henta 25. januar 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Melodi Grand Prix 2023» frå Wikipedia på bokmål, den 26. juni 2022.