Melodi Grand Prix Junior Nordic

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Melodi Grand Prix Junior Nordic (MGP jr. Nordic) er ein musikktevling for born mellom 8 og 15 år i dei nordiske landa. Den vert arrangert på omgang av NRK, DR, SVT og YLE. Det er berre Finland som enno ikkje har arrangert tevlinga. Den danske musikktevlinga Dansk Melodi Grand Prix Junior vart arrangert fyrste gong i 2000 i Danmark, og suksessen vart gjentatt i 2001. I 2002 hadde idéen slått så godt an at den vart utvida til heile Norden, og Melodi Grand Prix Junior Nordic vart arrangert som eit samarbeid mellom Noreg, Sverige og Danmark. I 2007 vart Finland òg med i tevlinga.

Kvart deltakarland vel ut to (tidlegare tre) songar til tevlinga, som vert vist på direktesendt TV. Det blir så arrangert ei avstemming kor kvart land kan stemme på dei andre landas songar for å kåre ein vinnar. Kvart deltakarland deltar gjennom ein nasjonal fjernsynskanal, som har ansvar for å velje ut kva artistar og songar som skal delta i konkurransen.

Deltakarar[endre | endre wikiteksten]

Fire land har deltatt minst ein gong i konkurransen. Her er ei oversikt over desse landa etter kva år dei debuterte:

År Land som debuterte i konkurransen
2002 Flagget til Danmark Danmark, Flagget til Noreg Noreg, Flagget til Sverige Sverige
2007 Flagget til Finland Finland

Vinnarar[endre | endre wikiteksten]

År Vertsby og land Vinnarland Vinnarsong Artist Språk
2002 København i Danmark Flagget til Danmark Danmark «Kickflipper» Razz Dansk
2006 Stockholm i Sverige Flagget til Danmark Danmark «Tro på os to» SEB Dansk
2007 Oslo i Noreg Flagget til Noreg Noreg «Bæstevænna» Celine Helgemo Norsk
2008 Århus i Danmark Flagget til Noreg Noreg «Oro jaska beana» The BlackSheeps Norsk, samisk
2009 Stockholm i Sverige Flagget til Sverige Sverige «En vanlig dag» Ulrik Munther Svensk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]