Hopp til innhald

Melodifestivalen 2016

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Melodifestivalen 2016 var den 56. gongen Melodifestivalen vart arrangert. 27, opphavleg 28, bidrag deltok i fire semifinalar. To frå kvar semifinale gjekk direkte til finalen, medan to gjekk til andresjansen. Fire av bidraga i andresjansen gjekk vidare til finalen, der totalt tolv bidrag tevla om sigeren. Tevlinga vart leia av Gina Dirawi, saman med Petra Mede i den fyrste semifinalen, Henrik Schyffert i den tredje semifinalen, Sarah Dawn Finer i den fjerde semifinalen, Peter Jöback og Ola Salo i andresjansen og William Spetz i finalen.[1] Charlotte Perrelli skulle opphavleg leie den andre semifinalen, men på grunn av ein avtale med mobilselskapet Comviq var dette eit brot på reglane til Sveriges Television.[2][3]

Semifinale 1

[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste semifinalen fann stad 6. februar 2016 i Scandinavium i Göteborg. Programmet vart leia av Gina Dirawi og Petra Mede.

4. februar vart «Himmel för två», framført av Anna Book, diskvalifisert av di songen hadde delteke i O melodie pentru Europa 2014, den moldovske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark.[4] Book skal likevel framføre songen, men det vil ikkje vere høve til å røyste på bidraget.[5]

Dirawi og Mede opna programmet med å framføre «Hela Sveriges fest».[6] Saman med Lasse Kronér framførte dei òg «Allt är Eurovisions fel».[6] Tre av medlemmane frå den spanske jentegruppa som representerte Spania i Eurovision Song Contest 2006 i Athen i Hellas, Las Ketchup, framførte 2002-hiten deira, «The Ketchup Song».[6] I programmet vart det syna ein video av Jonas Gardell og hans schlagerskule.[7] Skodespelar Stina Ekblad las opp ein dramatisert utgåve av teksten til songen «Groupie», 2015-bidraget til Samir & Viktor.[8]

#Artist(ar)SongSpråkLåtskrivar(ar)RøysterPlassResultat
Runde 1Runde 2Totalt
1Samir & Viktor«Bada nakna»SvenskFredrik Kempe, David Kreuger, Anderz Wrethov3 eller 4Vidare til andresjansen
2Pernilla Andersson«Mitt guld»SvenskPernilla Andersson og Fredrik RönnqvistUte6Ute
3Mimi Werner«Ain't No Good»EngelskMimi Werner, Göran Werner, Marcus Svedin og Jason Saenz5Ute
4Albin & Mattias«Rik»SvenskAlbin Johnsén og Mattias Andréasson3 eller 4Vidare til andresjansen
5Anna Book«Himmel för två»SvenskSven-Inge Sjöberg, Lennart Wastesson, Larry Forsberg og Camilla LäckbergDiskvalifisert
6Robin Bengtsson«Constellation Prize»EngelskBobby Ljunggren, Henrik Wikström, Mark Hole, Martin Eriksson1 eller 2Vidare til finalen
7Ice Wilder«Don't Worry»EngelskJoy Deb, Linnéa Deb, Anton Hård af Segerstad og Ace Wilder1 eller 2Vidare til finalen

Semifinale 2

[endre | endre wikiteksten]

Den andre semifinalen fann stad 13. februar 2016 i Malmö Arena i Malmö. Programmet vart leia av Gina Dirawi.

#Artist(ar)SongSpråkLåtskrivar(ar)RøysterPlassResultat
Runde 1Runde 2Totalt
1David Lindgren«We Are Your Tomorrow»EngelskAnderz Wrethov, Sharon Vaughn og Gustav Efraimsson
2Victor och Natten«100%»SvenskDag Lundberg, Melker og Jesper Lundh
3Molly Pettersson Hammar«Hunger»EngelskJoy Deb, Linnéa Deb, Lisa Desmond, Anton Hård af Segerstad og Molly Pettersson Hammar
4ISA«I Will Wait»EngelskAnton Hård af Segerstad, Joy Deb, Linnéa Deb og Nikki Flores
5Krista Siegfrids«Faller»SvenskKrista Siegfrids, Gabriel Alares, Magnus Wallin og Gustaf Svenungsson
6Patrik Isaksson, Tommy Nilsson & Uno Svenningsson«Håll mitt hjärta hårt»SvenskPatrik Isaksson, Tommy Nilsson og Uno Svenningsson
7Wiktoria«Save Me»EngelskJens Siverstedt, Lauren Dyson og Jonas Wallin
  1. «Gina Dirawi leder Melodifestivalen 2016» (på svensk). Dagens Nyheter. 17. november 2015. Henta 5. februar 2016.
  2. «SVT i krismöte om Charlotte Perrelli» (på svensk). Aftonbladet. 2. februar 2016. Henta 5. februar 2016.
  3. «Så blir Charlotte Perrellis nya roll i Melodifestivalen 2016» (på svensk). Sveriges Television. 3. februar 2016. Henta 5. februar 2016.
  4. «Anna Books bidrag ”Himmel för två” diskvalificeras från Melodifestivalen 2016» (på svensk). Sveriges Television. 4. februar 2016. Henta 5. februar 2016.
  5. «Anna Book sjunger i första deltävlingen i Melodifestivalen 2016 i Göteborg» (på svensk). Sveriges Television. 5. februar 2016. Henta 5. februar 2016.
  6. 1 2 3 «Minut för minut – så blir Melodifestivalen 2016 i Göteborg: Deltävling ett» (på svensk). Sveriges Television. 5. februar 2016. Henta 12. februar 2016.
  7. «Gardells schlagerskola gör comeback i Melodifestivalen 2016» (på svensk). Sveriges Television. 22. januar 2016. Henta 12. februar 2016.
  8. «Sveriges skådespelarelit hyllar Melodifestivalen 2016» (på svensk). Sveriges Television. 5. februar 2016. Henta 12. februar 2016.