Melozone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Melozone
Ravinetovi, Melozone fusca Foto: Greg Schechter
Ravinetovi, Melozone fusca
Foto: Greg Schechter
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Amerikasporvfamilien Passerellidae
Slekt: Melozone
Reichenbach, 1850

Melozone er ei biologisk slekt av nokså store sporvefuglar med utbreiing konsentrert om Mexico, og dels inn i sørvestre USA og dels sørover i Sentral-Amerika til og med Costa Rica. Slekta inneheld mellom anna fire artar med fellesnemninga «tovi». Ho er ein del av amerikasporvfamilien, Passerellidae.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Melozone er dei største sporvane i Passerellidae-familien, typisk 18-19 centimeter i kroppslengd, men opptil 24 cm for den største, kaliforniatovi. Fjørdrakta er prega av grått til brunleg farge utan strekar, men mange har raudbrunt på eller rundt hovudet og/eller under gumpen. Fleire har kvitt i strupen eller kvite teikninga i ansiktet, kvitmaskesporv har ein kolossal kvit augering og kvit strupe og bryst. Kvitøyresporv er mørk med nær svart, hovud, strupe og bryst. To artar, brunkinnsporv og kvitstrupetovi er endemiske til Mexico. Kvittygelsporv, Melozone cabanisi, er endemisk til Costa Rica. Masketovi finst i eit lite område i USA (sørvestre Utah til søraustre California, sørlege Arizona, sørvestre New Mexico og så vidt inn i nordvestre Mexico.) Dette er standfuglar.

Melozone-sporvar beitar typisk på bakken og et ofte leddyr, men toviar tar vegetarkost, spesielt kaliforniatovi har frø som føretrekt føde.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Melozone i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

  • Brunkinnsporv, Melozone kieneri, Rusty-crowned Ground-Sparrow, Bonaparte, 1850, (LC)
  • Ravinetovi, Melozone fusca, Canyon Towhee
  • Kvitstrupetovi, Melozone albicollis, White-throated Towhee, Sclater, 1858, (LC)
  • Masketovi, Melozone aberti, Abert's Towhee, Baird, 1852, (LC)
  • Kaliforniatovi, Melozone crissalis, California Towhee, Vigors, 1839, (LC)
  • Kvitøyresporv, Melozone leucotis, White-eared Ground-Sparrow, Cabanis, 1861, (LC)
  • Kvitmaskesporv, Melozone biarcuata, White-faced Ground-Sparrow, Prévost & Des Murs, 1846, (LC)
  • Kvittygelsporv, Melozone cabanisi, Cabanis's Ground-SparrowPL Sclater & Salvin, 1868

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Melozone