Melpa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Melpa
Melpa
Klassifisering Papuaspråk
 Transnyguineaspråk
  Melpa
Bruk
Tala i Papua Ny Guinea
Språkkodar
ISO 639-3 med

Melpa (også medlpa, hagen, tembagla) er eit transnyguineaspråk i den vestlege delen av høglandet på Papua Ny Guinea.

Språket er eitt av dei fire største på Ny Guinea, det blir snakka av 130 000 menneske. Det nye testamentet er omsett til melpa. Omtrent alle talarane av melpa snakkar også tok pisin. Mange snakkar også engelsk. Lånord frå begge desse språket er derfor vanlege i melpa.[1]

Melpa er kjend for det binære talsystemet sitt, det vil seie talorda byggjer på eit totalsystem:

Tal Melpa struktur
1 tenda (1)
2 ragl (2)
3 ragltika (2 + 1)
4 tembokak (4)
5 pömp tsi gudl (1 etter 4)
6 pömp ragl gudl (2 etter 4)
7 pömp ragltika gudl (2 + 1 etter 4)
8 engak (8)
9 pömp tsi pip (1 etter 8)
10 pömp ragl pip (2 etter 8)

Melpa-folket er bønder, sentrale produkt er søtpotet, taro og yams. Til ein viss grad dyrkar dei også kaffi for eksport.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Døme[endre | endre wikiteksten]